Skip to content
Church.wiki
Joshua

Joshua 3

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Morgonen etter reis Josva tidleg upp, og tok ut frå Sittim med alle Israels-folket; og dei kom til Jordan, og var der um natti, fyrr dei gjekk yver.Select Joshua 3:1

2For då tri dagar var lidne, gjekk formennerne kring i lægretSelect Joshua 3:2

3og tala soleis til folket: «Når de ser sambandskista åt Herren dykkar Gud, og Levi-prestarne som ber henne, so skal de fara av stad, og fylgja etter henne,Select Joshua 3:3

4so de kann vita kva leid de skal taka; for den vegen hev de ikkje fare fyrr. Men det lyt vera eit godt stykke millom dykk og sambandskista, tvo tusund alner på lag; kom henne ikkje for nær!»Select Joshua 3:4

5So sagde Josva til folket: «Helga dykk no! for i morgon vil Herren gjera underfulle ting imillom dykk.»Select Joshua 3:5

6Og til prestarne sagde han: «Tak sambandskista og far fram fyre folket!» So tok dei sambandskista og gjekk fyre folket.Select Joshua 3:6

7Og Herren sagde til Josva: «I dag vil eg taka til og gjera deg stor framfor augo åt heile Israel, so dei skal sjå at eg er med deg, liksom eg var med Moses.Select Joshua 3:7

8Seg no du so til prestarne som ber sambands: «Når de kjem heilt nedåt Jordan, skal de verta standande der, nedmed åi!»»Select Joshua 3:8

9Då sagde Josva til Israels-sønerne: «Kom og høyr ordi frå Herren, dykkar Gud!Select Joshua 3:9

10Dette», sagde Josva, «skal de hava til merke på at den livande Gud er midt imillom dykk, og at han skal driva burt for dykk både kananitarne og hetitarne og hevitarne og perizitarne og girgasitarne og amoritarne og jebusitarne:Select Joshua 3:10

11Sambandskista åt honom som råder yver all jordi, skal fara fyre dykk ut i Jordan.Select Joshua 3:11

12Vel no ut tolv menner av Israels-ætterne, ein for kvar ætt!Select Joshua 3:12

13Og når prestarne som ber sambandskista åt Herren som råder yver all jordi, når dei stig med foten ut i Jordan, då skal Jordanvatnet - det som kjem ovantil - demmast upp, so det stend som ein vegg.»Select Joshua 3:13

14So tok folket ut frå tjeldbuderne sine og skulde ganga yver Jordan, og prestarne som bar sambandskista, gjekk fyre deim;Select Joshua 3:14

15og då desse same prestarne som bar sambandskista, var komne til Jordan og so vidt hadde duppa foten i elvevatnet - men Jordan gjeng heile våren i bakkefylla -Select Joshua 3:15

16då stana det vatnet som kom ovantil, og stod som ein vegg alt uppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Saretan, og det som rann nedetter til Moavatnet, eller Saltsjøen, vart reint burte. So gjekk folket yver åi midt for Jeriko.Select Joshua 3:16

17Men prestarne som bar sambandskista åt Herren, vart standande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelitarne gjekk turrskodde yver åi, til heile folket var kome vel yver.Select Joshua 3:17

Next: Joshua 4Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Joshua

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.