Joshua 9
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då dette spurdest kom dei i hop alle kongarne som budde vestanfor Jordan, i fjellbygderne og på flatlandet og langsetter heile havstrandi til midt for Libanon - kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne -Select Joshua 9:1
2og dei lova alle med ein munn at dei vilde strida mot Josva og Israel.Select Joshua 9:2
3Gibeon-buarne fekk og høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Aj.Select Joshua 9:3
4Då fann dei på ei sløg råd: dei tok ut på ei ferd og lest vera sendemenner; det dei førde med seg på asni sine, hadde dei i gamle sekkjer og gamle vinhitar, som var rivna og ihopatt-knytte.Select Joshua 9:4
5Dei hadde gamle, lappa skor på føterne, og gjekk med slitne klæde; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra.Select Joshua 9:5
6Soleis kom dei til Josva i lægret attmed Gilgal, og sagde til honom og Israels-mennerne: «Me kjem frå eit land som ligg langt burte. Vil de ikkje gjera samband med oss?»Select Joshua 9:6
7Men Israels-mennerne sagde til hevitarne: «De bur vel helst her tett innmed oss; korleis kann me då gjera samband med dykk?»Select Joshua 9:7
8Då sagde dei til Josva: «Me vil vera tenarane dine.» «Kven er de, og kvar kjem de frå?» spurde han.Select Joshua 9:8
9«Me er komne langt, langt burtantil frå eit anna land for det ordet skuld som gjeng um Herren din Gud», svara dei; «for då me høyrde gjete honom og fekk spurt alt det han hadde gjort i Egyptarland,Select Joshua 9:9
10og kva han hadde gjort med båe amoritarkongarne på hi sida Jordan, Sihon, kongen i Hesbon, og Og, Basan-kongen, som budde i Astarot,Select Joshua 9:10
11då sagde styresmennerne våre og heile landslyden til oss: «Nista dykk ut, og far til møtes med deim, og seg til deim: «Me vil vera tenarane dykkar; vil de ikkje gjera samband med oss?»»Select Joshua 9:11
12Her ser de brødet vårt; det var varmt då me tok det med oss heimantil den dagen me for i veg og vilde finna dykk; men sjå no kor turt og smuldra det er!Select Joshua 9:12
13Og her ser de vinhitarne; då me fyllte deim, var dei nye; men no er dei sundsprukne! Og her ser de klædi og skorne våre; dei hev vorte utslitne på denne endelause ferdi.»Select Joshua 9:13
14Då tok Israels-mennerne og smaka på nista deira, men spurde ikkje Herren til råds.Select Joshua 9:14
15Og Josva gjorde fred og samband med deim, og lova deim livet, og hovdingarne yver lyden gjorde eiden på det same.Select Joshua 9:15
16Men tri dagar etter dei hadde gjort samband med Gibeon-folket, fekk dei vita at dei åtte heime i grannelaget og budde tett innmed deim.Select Joshua 9:16
17For då Israels-sønerne tok ut att, kom dei tridje dagen til byarne deira; det var Gibeon og Ketira og Be’erot og Kirjat-Jearim.Select Joshua 9:17
18Men dei gjorde ikkje folket der noko mein, av di hovdingarne hadde svore dei trygd ved Herren, Israels Gud. Då mukka heile lyden mot hovdingarne.Select Joshua 9:18
19Men hovdingarne tala til lyden, og sagde: «Me hev svore dette folket trygd ved Herren, Israels Gud, og no kann me ikkje leggja hand på deim.Select Joshua 9:19
20Høyr no kva me vil gjera med deim: Me vil spara livet deira, og ikkje brjota den eiden me svor deim; for då kallar me Guds vreide ned yver oss.Select Joshua 9:20
21Dei lyt få liva,» sagde hovdingarne, «men dei skal vera vedhoggarar og vatsberarar for heile lyden.» Og det vart som hovdingarne sagde.Select Joshua 9:21
22Og Josva kalla Gibeon-buarne fyre seg, og sagde til deim: «Kvi narra de oss og sagde at de åtte heime langt burte, og so bur de tett innmed oss!Select Joshua 9:22
23No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal få sleppa utor trældomen; de skal allstødt hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.»Select Joshua 9:23
24Då svara dei Josva so: «Det vart sagt oss for visst at Herren, din Gud, hadde lova Moses, tenaren sin, å gjeva dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som budde der; då vart me so rædde for livet vårt; difor gjorde me dette.Select Joshua 9:24
25Men no er me i dine hender; far åt med oss som du tykkjer det er godt og rett!»Select Joshua 9:25
26Då gjorde han det so med deim; Han berga dei for Israels-sønerne, so dei ikkje vart drepne;Select Joshua 9:26
27men samstundes sette han dei til å hogga ved og bera vatn for lyden og til altaret på den staden Herren valde seg ut, og det hev dei gjort alt til denne dag.Select Joshua 9:27
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain