Skip to content
Church.wiki
Judges

Judges 13

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Men Israels-sønerne gjorde atter det som var Herren imot. Då let han filistarane få magt yver deim i fyrti år.Select Judges 13:1

2Det var ein mann av Dans-ætti som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var ’kje barnkjømd; ho hadde aldri ått barn.Select Judges 13:2

3Og Herrens engel synte seg for kona, og sagde: «Kjære, eg veit at du er ’kje barnkjømd og aldri hev ått barn, men du skal verta umhender og eiga ein son.Select Judges 13:3

4Agta deg no, og drikk ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint!Select Judges 13:4

5For no vert du umhender, og fær ein son: på hans hovud må det aldri koma saks; for sveinen skal vera vigd til Gud alt ifrå morsliv, og han skal gjera upptaket til å berga Israel frå filistarane.»Select Judges 13:5

6So gjekk kona inn, og sagde det med mannen sin: «Det kom ein gudsmann til meg,» sagde ho; «han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg; men eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sagde han meg namnet sitt.Select Judges 13:6

7«Du skal verta umhender og eiga ein son,» sagde han med meg; «drikk no ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint! For sveinen skal vera vigd til Gud frå morsliv og til sin døyande dag.»»Select Judges 13:7

8Då bad Manoah til Herren, og sagde: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende koma hit att og læra oss korleis me skal fara med det barnet som skal koma til verdi!»Select Judges 13:8

9Og Gud høyrde Manoahs bøn, og Guds engel kom att til kona ein gong ho sat utpå marki, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.Select Judges 13:9

10Då sprang ho svint heim, og sagde det med mannen sin: «No hev han synt seg for meg, den mannen som kom til meg her um dagen», sagde ho.Select Judges 13:10

11Manoah reiste seg, og fylgde kona si, og då han kom til mannen, spurde han: «Er du den mannen som hev tala til kona mi?» «Ja», svara han.Select Judges 13:11

12«Når det no gjeng fram det som du sagde, korleis skal me då stella oss med sveinen, og korleis skal me fara med honom?» sagde Manoah.Select Judges 13:12

13Då svara Herrens engel: «Alt det eg nemnde for kona, lyt ho agta seg for.Select Judges 13:13

14Ho må ikkje eta noko som kjem av vintreet, og ikkje drikka vin eller sterk drykk, og ikkje eta noko ureint; alt det eg hev sagt til henne, lyt ho halda seg etter.»Select Judges 13:14

15«Kann du ’kje bia eit bil, so me fær stella til eit kid for deg!» sagde Manoah. For han visste ikkje at det var Herrens engel.Select Judges 13:15

16«Um eg biar, so et eg like vel ikkje av maten din,» svara Herrens engel; «men vil du laga til eit brennoffer åt Herren, so gjer det!»Select Judges 13:16

17Då sagde Manoah til Herrens engel: «Kva er namnet ditt - so me kann få æra deg, når det hender det som du hev sagt!»Select Judges 13:17

18«Kvi spør du um namnet mitt?» svara han; «det er eit underleg namn!»Select Judges 13:18

19So tok Manoah kidet og grjonofferet, og ofra det på berget til Herren. Då hende eit stort under, so Manoah og kona hans såg på det:Select Judges 13:19

20Då logen steig upp frå altaret mot himmelen, då for Herrens engel upp i altarlogen. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg å gruve på jordi.Select Judges 13:20

21Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans; då skyna Manoah at det var Herrens engel,Select Judges 13:21

22og han sagde til kona si: «No lyt me døy; for me hev set Gud!»Select Judges 13:22

23Men kona svara: «Hadde Herren havt hug til å drepa oss, so hadde han ikkje teke mot brennoffer og grjonoffer av oss, og me hadde ikkje fenge set alt dette, og ikkje fenge høyrt slikt som det me høyrde no.»Select Judges 13:23

24Då det leid på, fekk kona ein son, og kalla honom Samson. Guten voks upp, og Herren velsigna honom.Select Judges 13:24

25Det var i Dans-lægret millom Sora og Estaol, Herrens ande fyrst tok til å driva honom.Select Judges 13:25

Next: Judges 14Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Judges

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.