Judges 15
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då det leid um ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og vilde lydast til kona si. Han hadde med seg eit kid, og sagde: «Lat meg få koma inn i kammerset til kona mi!» Men far hennar vilde ikkje gjeva honom lov til det.Select Judges 15:1
2«Eg tenkte so visst at du ikkje lika henne meir,» sagde faren, «og so gav eg henne til brursveinen din. Kann du ’kje taka den yngre systeri i staden? ho er då mykje vænare!»Select Judges 15:2
3Då sagde Samson: «Denne gongen er eg saklaus, um eg gjer filistarane vondt!»Select Judges 15:3
4Han gjekk av og fanga tri hundrad revar, fann seg tyrespikar, snudde reverovarne i hop mot kvarandre, tvo og tvo, og feste ei spik millom kvart rovepar.Select Judges 15:4
5So kveikte han eld i spikarne, og slepte revarne inn på åkrane åt filistarane. Soleis brende han upp alt kornet dei hadde ute, både skore og uskore, og alle vinhagar og oljetre.Select Judges 15:5
6Då spurde filistarane: «Kven hev gjort dette?» «Samson, mågen åt Timna-mannen,» vart det svara. «Det var for di verfaren hadde teke kona hans og gjeve til brursveinen.» So for filistarane derupp, og brende inne både kona og far hennar.Select Judges 15:6
7Då sagde Samson til deim: «Fer de soleis åt, so skal eg visst ikkje kvila fyrr eg fær hemnt meg på dykk.»Select Judges 15:7
8So slo han deim so dei stupte i kross og i krok, og det vart eit stort mannefall på deim. Sidan for han ned til Etamdjuvet, og gav seg til der.Select Judges 15:8
9Då kom filistarane upp i Judafylket, og lægra seg der, og spreidde seg utyver i Lehi.Select Judges 15:9
10Og Juda-mennerne sagde: «Kvi kjem de hit og tek på oss?» «Me vil binda Samson og gjera like eins mot honom som han hev gjort mot oss,» svara dei.Select Judges 15:10
11So for tri tusund mann av Juda-ætti ned til Etamdjuvet, og sagde til Samson: «Veit du ’kje at filistarane råder her i landet? Kvi hev du då gjort oss dette?» «Som dei gjorde mot meg, so hev eg gjort mot deim,» svara han.Select Judges 15:11
12Då sagde dei: «Me er komne hit for å binda deg og gjeva deg i henderne på filistarane.» «Lova meg at ikkje de vil slå meg i hel!» sagde Samson.Select Judges 15:12
13«Nei, me vil berre binda deg og gjeve deg i henderne deira; me vil ikkje drepa deg,» svara dei. So batt dei honom med tvo nye reip, og førde honom upp or djuvet.Select Judges 15:13
14Då han kom til Lehi, sprang filistarane imot honom med glederop. Då kom Herrens ande yver honom, og reipi på armarne hans vart som brend tråd; bandi datt av henderne hans, som dei var morkna.Select Judges 15:14
15So fann han eit friskt kjakebein av eit asen; det greip han og slo i hel tusund mann med det.Select Judges 15:15
16Då kvad han: «Med asenkjaken eg ein hop og tvo, med asenkjaken tusund mann eg slo.»Select Judges 15:16
17Då han hadde kvede dette, kasta han kjakebeinet frå seg, og sidan hev dei kalla den staden Kjakebeinshaugen.Select Judges 15:17
18Men so vart han so brennande tyrst. Då ropa han til Herren og sagde: «Du hev hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren! Skal eg no døy av torste og falla i henderne på dei u-umskorne?»Select Judges 15:18
19Då opna Gud den hola som er i Lehi, og det rann vatn utor henne, so han fekk drikka; då rådde han atti, og kvikna til. Difor kalla dei den kjelda Roparkjelda; ho er endå i Lehi.Select Judges 15:19
20Samson styrde Israel i tjuge år; det var i filistartidi.Select Judges 15:20
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain