Judges 20
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då tok alle Israels-sønerne ut, og heile lyden, frå Dan til Be’erseba og frå Gileadlandet, samla seg alle som ein mann framfor Herren i Mispa.Select Judges 20:1
2Og dei gjævaste av heile folket, av alle Israels ætter, steig fram der Guds folk heldt møte, fire hundrad tusund i talet, alle gangføre og våpnføre menner.Select Judges 20:2
3Men Benjamins-sønerne fekk spurt at Israels-sønerne var farne upp til Mispa. Då sagde Israels-sønerne: «Seg frå korleis denne ugjerningi hev gjenge til!»Select Judges 20:3
4Og leviten, mannen åt den kona som var drept, tok til ords og sagde: «Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin, og vilde få hus der med natti.Select Judges 20:4
5Men Gibea-mennerne baud vondt, og kringsette um natti huset eg var i; meg tenkte dei å drepa, og fylgjekona mi valdtok dei, so ho døydde.Select Judges 20:5
6Då tok eg fylgjekona mi, og lema henne sund, og sende luterne kring i heile Israels land og rike; for dei hadde gjort eit illverk og ei ugjerning i Israel.Select Judges 20:6
7No er de samla her, alle Israels menner! Kom no fram med dykkar meining og råd!»Select Judges 20:7
8Då reiste folket seg, alle som ein mann, og sagde: «Ingen av oss skal draga burt til sitt tjeld, og ingen fara heim til sitt hus!Select Judges 20:8
9Og so vil me gjera med Gibea: Byen skal under lutkast!Select Judges 20:9
10No tek me ut ti mann for kvart hundrad av alle Israels ætter, og hundrad for kvart tusund, og tusund for kvart titusund; dei skal henta mat til hermennerne, so dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kann gjeva folket der like for den store ugjerningi dei hev gjort i Israel.»Select Judges 20:10
11So samla dei seg, alle Israels menner, og drog imot byen, sameinte som ein mann.Select Judges 20:11
12Og Israels-ætterne sende bod kring til alle ættgreiner i Benjamin og sagde: «Kva er dette for ei ugjerning som er gjord hjå dykk!Select Judges 20:12
13Send ut til oss dei ukjurorne i Gibea, so me kann slå deim i hel og rydja det vonde ut or Israel!» Men Benjamins-sønerne vilde ikkje høyra på Israels-sønerne, brørne sine.Select Judges 20:13
14Dei kom i hop til Gibea frå alle bygderne sine, og vilde draga i strid mot Israels-sønerne.Select Judges 20:14
15Den dagen vart folket i Benjamins-bygderne mynstra: det var seks og tjuge tusund våpnføre mann, umfram Gibea-buarne; dei vart mynstra for seg, og var sju hundrad i talet, alle saman utvalde hermenner.Select Judges 20:15
16Millom alt det folket fanst det sju hundrad utvalde hermenner som var keivhendte; alle desse høvde på eit hår med slyngja; ingen kasta i mist.Select Judges 20:16
17Benjamin frårekna, mynstra Israels-sønerne fire hundrad tusund våpnføre mann som alle var herfolk.Select Judges 20:17
18Dei gjorde seg reiduge, og gjekk upp til Betel, og spurde Gud: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot Benjamins-sønerne?» «Juda skal fyrst,» svara Herren.Select Judges 20:18
19Um morgonen braut Israels-sønerne upp, og lægra seg midt imot Gibea.Select Judges 20:19
20So gjekk dei fram til strid mot Benjamin, og fylkte heren sin imot deim burtåt Gibea.Select Judges 20:20
21Då braut Benjamins-sønerne fram frå Gibea, og lagde den dagen tvo og tjuge tusund Israels-menner i marki.Select Judges 20:21
22[Stu21: 23] Og folket, Israels-mennerne, herde seg til, og fylkte seg atter på same staden som dei hadde fylkt seg fyrste gongen;Select Judges 20:22
23[Stu21: 22] Israels-sønerne gjekk upp, og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds, og dei spurde Herren: «Skal me ganga fram att og strida mot Benjamin, bror vår?» «Far imot honom!» svara Herren.Select Judges 20:23
24men då dei dagen etter gjekk fram imot Benjamins-sønerne,Select Judges 20:24
25for Benjamin andre gongen ut imot deim frå Gibea, og lagde endå attan tusund israelitar i marki, alle saman våpnføre menner.Select Judges 20:25
26Då gjekk alle Israels-sønerne, heile folket, upp til Betel; der sat dei gråtande for Herrens åsyn, og fasta heile den dagen, alt til kvelds; og dei ofra brennoffer og fredsoffer for Herrens åsyn,Select Judges 20:26
27og spurde Herren. For den gongen stod Guds sambandskista der,Select Judges 20:27
28Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, gjorde den tid tenesta framfyr henne, og Israels-sønerne spurde: Skal me endå ein gong draga ut i striden mot Benjamin, bror vår, eller skal me lata vera? «Drag ut! I morgon vil eg gjeva honom i henderne dykkar,» svara Herren.Select Judges 20:28
29Då lagde Israel folk i umsåt rundt ikring Gibea,Select Judges 20:29
30og so for dei tridje venda mot Benjamins-sønerne, og fylkte seg burtåt Gibea, liksom dei fyrre gongerne.Select Judges 20:30
31Benjamins-sønerne for ut imot deim, og vart dregne burt ifrå byen; og liksom dei fyrre gongerne felte dei i fyrstningi nokre av folket på ålmannvegarne som ber uppetter, den eine til Betel og den andre yver marki til Gibea; det var um lag tretti Israels-menner dei fekk felt.Select Judges 20:31
32Då sagde Benjamins-sønerne: «Dei ryk for oss no som fyrr!» Men Israels-sønerne sagde: «Lat oss røma, so me fær drege deim burt frå byen og ut på ålmannvegarne!»Select Judges 20:32
33So tok alle Israels-mennerne ut frå stødet sitt og fylkte seg i Ba’al-Tamar, med umsåtmennerne braut fram frå sitt støde vestanfor Geba.Select Judges 20:33
34Og ti tusund utbladde stridsmenner av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Då vart det ein hard strid; men Benjamins-sønerne visste ikkje at ulukka var tett innpå deim.Select Judges 20:34
35Og Herren laga det so at Benjamin rauk for Israel; Israels-sønerne felte den dagen fem og tjuge tusund og eitt hundrad mann av Benjamins-ætti; alle desse var våpnføre.Select Judges 20:35
36Benjamins-sønerne trudde fyrst at Israels-mennerne var slegne; for dei drog seg undan for Benjamin, men det var berre av di dei leit på umsåti dei hadde sett mot Gibea.Select Judges 20:36
37Og no brårende umsåtmennerne fram mot Gibea, og trengde seg inn, og øydde heile byen med odd og egg.Select Judges 20:37
38Israels-sønerne hadde gjort den avtalen med umsåtmennerne at dei skulde lata ein tett røyk stiga upp ifrå byen.Select Judges 20:38
39Då no Israels-sønerne snudde ryggen til i striden, og Benjamins-sønerne i fyrstningi felte nokre av deim - um lag tretti mann - og sagde: «Dei ryk for oss, som i den fyrste ota!»Select Judges 20:39
40då tok røyken til å stiga upp frå byen som ein stor stopul, og då benjaminitarne såg attum seg, fekk dei sjå at heile byen stod i ein loge, som slo upp mot himmelen.Select Judges 20:40
41I det same snudde Israels-mennerne um. Då vart Benjamins-mennerne forfærde; for dei såg at ulukka hadde nått deim.Select Judges 20:41
42Dei vende seg og tok vegen til øydemarki for å koma undan Israels-mennerne; men striden fylgde deim fot og fet, og jamvel midt i byarne vart dei nedhogne, dei som åtte heime der.Select Judges 20:42
43Israels-mennerne ringa Benjamin inne, elte honom, og trakka honom ned der han kvilde, alt til dei var beint i aust for Gibea.Select Judges 20:43
44Og det fall attan tusund mann av Benjamins-ætti; alle desse var djerve stridsmenner.Select Judges 20:44
45So snudde dei um, og rømde til øydemarki, burtimot Rimmonshøgdi. Og Israels-mennerne felte på ålmannvegarne endå fem tusund mann; sidan sette dei etter deim til Gideon og felte tvo tusund til.Select Judges 20:45
46I alt var det fem og tjuge tusund våpnføre mann av Benjamins-ætti som fall den dagen; alle desse var djerve stridsmenner.Select Judges 20:46
47Då snudde dei um, og rømde ut i øydemarki, til Rimmonshøgdi, seks hundrad mann, og dei vart verande på Rimmonshøgdi i fire månader.Select Judges 20:47
48Men Israels-mennerne for attende til Benjaminslandet, og øydde det med odd og egg; både byarne med sine folk, og bufeet, og alt det dei fann, og alle byarne som fanst der, sette dei eld på.Select Judges 20:48
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain