Judges 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1No skal me nemna dei folki som Herren let vera att til å røyna Israel med - dei Israels-mennerne som ikkje hadde vore med i nokon av Kana’ans-krigarne -Select Judges 3:1
2berre av di han vilde dei komande Israels-ætter skulde få vit på å strida, og vilde læra deim det, deim som ikkje kunde det fyrr.Select Judges 3:2
3Det var dei fem filistarfyrstarne og alle kananitarne og sidonarane og hevitarne som budde på Libanonfjelli, frå Ba’al-Hermonfjellet til Hamatvegen.Select Judges 3:3
4Deim var det Israel skulde røynast med, so det kunde syna seg um dei vilde lyda Herrens bod, som Moses hadde kunngjort federne deira.Select Judges 3:4
5So budde no Israels-sønerne midt ibland kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne;Select Judges 3:5
6dei tok døtterne deira til konor og gav døtterne sine til sønerne deira, og dyrka gudarne deira.Select Judges 3:6
7Israels-sønerne gjorde det som var Herren imot; dei gløymde Herren, sin Gud, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti.Select Judges 3:7
8Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne; han slepte deim i henderne på Kusan-Risatajim, kongen i Aram-Naharajim, og Israel laut tena Kusan-Risatajim i åtte år.Select Judges 3:8
9Då ropa Israels-sønerne til Herren, og Herren let ein hjelparmann standa fram hjå deim og hjelpa deim; det var Otniel, son åt Kenaz, Kalebs yngre bror.Select Judges 3:9
10Herrens Ande kom yver honom, og han tok styringi i Israel. So drog han ut i striden, og Herren gav Kusan-Risatajim, Aram-kongen, i henderne hans; han vann yver Kusan-Risatajim,Select Judges 3:10
11og sidan hadde landet fred i fyrti år. So døydde Otniel, son åt Kenaz.Select Judges 3:11
12Men Israels-sønerne gjorde på nytt det som var Herren imot, og Herren gav Eglon, Moabs-kongen, magt yver deim, for di dei gjorde det som var Herren imot.Select Judges 3:12
13Eglon fekk med seg Ammons-sønerne og amalekitarne; so drog han ut, og slo Israel, og dei tok Palmestaden.Select Judges 3:13
14Israels-sønerne laut tena Eglon, Moabs-kongen, i attan år.Select Judges 3:14
15Då ropa dei til Herren, og Herren sende dei ein hjelpar, Ehud Gerason av Benjamins-ætti, ein keivhendt mann. Israels-sønerne sende Ehud med gåvor til Eglon, kongen i Moab.Select Judges 3:15
16Då gjorde han seg eit sverd som var tvieggja og ei aln langt, og spente det på seg under klædi sine, på høgre sida;Select Judges 3:16
17so førde han gåvorne fram til Eglon, Moabs-kongen. Eglon var ein ovtjukk mann.Select Judges 3:17
18Då Ehud hadde greidt frå seg gåvorne, let han folki som hadde bore deim fara heim att;Select Judges 3:18
19men sjølv snudde han um ved gudebilæti som stod innmed Gilgal, og for attende og sagde: «Eg hev eit løyndarbod til deg, konge!» «Hyss,» sagde kongen: Då gjekk dei ut alle deim som stod kringom honom.Select Judges 3:19
20Som han no sat åleine i den svale høgstova si, gjekk Ehud fram for honom og sagde: «Eg hev eit bod til deg frå Gud!» Då reiste han seg av stolen.Select Judges 3:20
21Og Ehud rette ut vinstre handi, og greip sverdet han bar ved høgre sida, og rende det i livet på honom,Select Judges 3:21
22so handtaket for med inn etter bladet; og feittet gjekk i hop att kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans. So gjekk han ut i svali.Select Judges 3:22
23Då Ehud var komen ut i svalgangen, let han høgelofts-døri att etter seg, og stengde henne vel,Select Judges 3:23
24og so gjekk han sin veg. Straks etter kom tenarane, men då dei såg at døri var læst, sagde dei: «Han er visst for seg sjølv i svalkammerset!»Select Judges 3:24
25Dei venta til dei var reint leide av seg; men han let ikkje upp døri til høgeloftet. So tok dei lykelen, og let upp; då fekk dei sjå at herren deira låg livlaus på golvet.Select Judges 3:25
26Medan dei tøvra, slapp Ehud undan, og for framum gudebilæti, og nådde Se’ira.Select Judges 3:26
27Då han kom til Efraimsheidi, bles han i luren; då for Israels-sønerne med han ned av heidi, og han gjekk fyre.Select Judges 3:27
28«Skunda dykk etter meg!» sagde han: «For Herren hev gjeve fiendarne, moabitarne, i henderne dykkar.» So fylgde dei honom ned til Jordan, og stengde vadi for moabitarne, og let ingen sleppa yver.Select Judges 3:28
29Den gongen felte dei ikring ti tusund moabitar, som alle var sterke og djerve menner; ikkje ein kom seg undan.Select Judges 3:29
30Moab laut den dagen bøygja seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtteti år.Select Judges 3:30
31Etter Ehud kom Samgar, son åt Anat. Han felte seks hundrad mann av filistarane, med piggstaven som han dreiv uksarne med; han og berga Israel.Select Judges 3:31
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain