Skip to content
Church.wiki
Judges

Judges 5

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Den gongen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvædet:Select Judges 5:1

2«For fyrstarn’ fyrst i striden gjekk, og folket viljugt møtte fram, pris Herren, Israel!Select Judges 5:2

3Høyr kongar! Hovdingar, gjev gaum! For Herren eg eit kvæde kved. For Herren, Gud åt Israel, ein song eg syngja vil.Select Judges 5:3

4Då, Herre, du frå Se’ir for, frå Edomsflyerne skreid fram. Då ristest jordi, himlen draup, regnet or skyi raut.Select Judges 5:4

5For Herrens åsyn fjelli skalv - sjå Sinaifjellet der, det skalv for han, Israels Gud.Select Judges 5:5

6I Samgars, Anats-sonens old. Og Jaels, vegarn’ aude var, og ferdamennern’ fara laut på krokut fjellstig fram.Select Judges 5:6

7Ein førar fattast Israel, ein førar, alt til du steig fram, til du steig fram, Debora, som ei mor i Israel.Select Judges 5:7

8Gud valde nye styrarar; då stod det strid i portarne: Ein såg ’kje skjold og ikkje spjot hjå fyrti tusund hermenn i heile Israel.Select Judges 5:8

9Hjå hovdingarn’ i Israel er hugen min, hjå Herren som friviljug møtte fram til strid! Lov Herren, Israel!Select Judges 5:9

10De som på gulblakk gangar rid, på høgjende i stova sit, og etter jamne vegen gjeng, røyst i, og syng ein song!Select Judges 5:10

11Syng høgt som bogeskyttararn’ når dei ved brunnen sit og kved! Der prisar dei Guds vise verk, kor vist han førde Israel. Den gongen Herrens eige folk til portarne for ned.Select Judges 5:11

12Vakn upp, vakn upp, Debora, vakn upp, eit kvæde kved! Statt upp, Barak, før fangarn’ burt, son åt Abinoam!Select Judges 5:12

13Då for ein hop til fyrstarn’ ned Med kjemporn’ Herrens folk steig ned:Select Judges 5:13

14Av deg, Efraim, dei som fyrst rot feste på Amaleksfjell. Og etter deg kom Benjamins flokk med folki dine fylgje heldt; av Makir styresmenn steig ned, og ifrå Sebulon dei som gjeng fram med førarstav i hand;Select Judges 5:14

15dei fyrstar av Issakar i fylgje med Debora kom, og Barak - i hans fotfar flaug dei i dalen ned. Ved Rubensbekkjerne dei tok i tankar so raust ei råd.Select Judges 5:15

16Kvi vart du sitjande i ro på kvii di og lydde på med hjuringarn’ i fløyta let? - Ved Rubensbekkjerne dei la i tankarn’ lenge råd.Select Judges 5:16

17Gilead, burtum Jordanå gjev han seg roleg til, og Dan kvi drygjer han der skutorn’ ligg? Ved sjøsidi sit Asser still, i hamni held han seg.Select Judges 5:17

18Men Sebulon, det er ein lyd som lite vyrder livet sitt, og like eins Naftali, han som på høge heider bur.Select Judges 5:18

19Då kom kongarn’ og stridde, kananitarkongarn’ stridde i Tana’ak, ved Megiddovatnet; sylv vann dei visst ikkje.Select Judges 5:19

20Ned frå himlen stjernorn’ stridde frå dei høge skeidi sine imot Sisera dei stridde.Select Judges 5:20

21Kisonåi burt deim førde. Åi fræg frå forne dagar - Kisonåi! Stig fram, mi ånd, med styrk!Select Judges 5:21

22Hardt slo hestehovarn’ i marki, med kjemporne køyrde, køyrde av stad i strjukande tan.Select Judges 5:22

23«Bann Meroz,» Herrens engel sa, «bann deim som bur der, bann deim burt! Dei kom ’kje Herrens her til hjelp. Dei hjelpte ikkje kjemporn’ hans.»Select Judges 5:23

24Velsigna ver i kvendeflokk Jael, Hebers, kenitens, viv! Framum kvar kvinna som i buder bur, velsigna vere ho!Select Judges 5:24

25Vatn bad han um, mjølk gav ho han; i briki skål baud ho han skyr.Select Judges 5:25

26Med vinstre hand ho naglen triv, med høgre smidjehamaren; i hausen Sisera ho slog, og hamra hovudet hans sund, tunnvangen hans slo ho i knas, og naglen tvert igjenom dreiv.Select Judges 5:26

27For føtern’ hennar seig han ned, fram stupt’ han, og på jordi låg; for føtern’ hennar seig han ned; der han seig ned der låg han - daud.Select Judges 5:27

28Gjenom vindauga ser ho, Siseras mor, gjenom glaset glor ho, og kvin: «Kva ventar vogni hans etter? Kvi tøvrar tråvaran’ hans?»Select Judges 5:28

29Svarar dei klokaste fruorne hennar, og sjølv og gjev ho seg svar:Select Judges 5:29

30«Visst finn dei herfang, og skifter: Ei møy, tvo møyar til manns, farga klæde åt Sisera, farga klæde og krota; ein farga kjol, tvo krota tjeld for kvar ei herteki kvinna.»Select Judges 5:30

31Gjev, Herre, at uvenern’ dine må alle so ganga til grunnar, og dei deg elskar må vera som soli stig upp i sitt velde.» Sidan hadde landet fred i fyrti år.Select Judges 5:31

Next: Judges 6Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Judges

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.