Leviticus 17
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 17:1
2«Tala til Aron og sønerne hans og til heile Israels-folket, og seg med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:Select Leviticus 17:2
3Er det nokon mann av Israels-ætti som slagtar ein ukse eller ein sau eller ei geit anten i eller utanfor lægret,Select Leviticus 17:3
4og ikkje leider deim fram til møtetjelddøri og ofrar Herren ei gåva framfor bustaden hans, so skal den mannen reknast jamgod med ein dråpsmann; han hev rent ut blod og skal rydjast ut or folket sitt.Select Leviticus 17:4
5Difor skal Israels-borni koma til Herren med slagtofferi sine som dei er vane å slagta ute på marki, og leida deim fram åt møtetjelddøri, til presten, og slagta deim til takkoffer åt Herren.Select Leviticus 17:5
6Og presten skal sprøyta blodet yver Herrens altar som stend framanfor møtetjelddøri, og brenna feittet til godange for Herren.Select Leviticus 17:6
7Og dei skal ikkje lenger gjeva offeri sine til dei raggute trolli som dei flyg etter. Dette skal vera ei æveleg lov for deim og etterkomarane deira.»Select Leviticus 17:7
8Og dette skal du segja med deim: «Dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, ber fram eit brennoffer eller slagtoffer,Select Leviticus 17:8
9og ikkje kjem til møtetjelddøri med det og ofrar det til Herren, so skal den mannen rydjast ut or folket sitt.Select Leviticus 17:9
10Og dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, et aldri so lite blod, so skal eg kvessa augo imot den mannen, og rydja honom ut or folket hans.Select Leviticus 17:10
11For livet i likamen ligg i blodet, og eg hev gjeve dykk lov til å hava blod på altaret til soning for livet dykkar. For blodet det sonar av di livet ligg i det.Select Leviticus 17:11
12Difor segjer eg til Israels-borni: Ingen av dykk må eta blod; dei framande som bur hjå dykk, må heller ikkje gjera det.Select Leviticus 17:12
13Og når nokon av Israels-borni, eller av dei framande som bur millom deim, veider villdyr eller fuglar som dei hev lov til å eta, so skal han lata blodet renna ut på marki og hava jord yver det.Select Leviticus 17:13
14For livet i likamen, det er blodet med livet som ligg i det; difor hev eg sagt til Israels-folket: De må ikkje eta blodet av noko kvikjende! For livet i kvart kvikjende, det er blodet som er i det; kven som et det, han skal rydjast ut.Select Leviticus 17:14
15Hev nokon mann, anten han er fødd i landet eller han er framand, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, so skal han två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds; sidan er han rein.Select Leviticus 17:15
16Tvær han ikkje klædi sine og ikkje laugar likamen sin, so gjer han ei synd som han lyt lida for.»»Select Leviticus 17:16
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain