Leviticus 18
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 18:1
2«Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Eg er Herren, dykkar Gud.Select Leviticus 18:2
3De skal ikkje fara etter det som er skikk og sed i Egyptarlandet, der de fyrr budde, eller i Kana’ans-landet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja loverne deira.Select Leviticus 18:3
4Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja. Eg er Herren, dykkar Gud;Select Leviticus 18:4
5de skal halda bodi og loverne mine; held menneskja deim, so skal ho finna livet i deim. Kom i hug: eg er Herren.Select Leviticus 18:5
6Ingen av dykk må koma innåt noko nærskyldt kvende og søkja seng med henne; kom i hug: eg er Herren.Select Leviticus 18:6
7Du skal hava age for lega åt far din og mor di. Ho er mor di; du skal ikkje søkja seng med henne.Select Leviticus 18:7
8Du skal ikkje søkja seng med stykmor di; ho er vivet åt far din.Select Leviticus 18:8
9Du skal ikkje søkja seng med syster di, som hev same far eller same mor som du; anten ho er fødd i eller utanfor huset, so skal du ikkje søkja seng med henne.Select Leviticus 18:9
10Du skal ikkje søkja seng med sonedotter eller dotterdotter di; for det er ditt eige avkjøme.Select Leviticus 18:10
11Du skal ikkje søkja seng med dotter åt stykmor di; ho er dotter åt far din, og ho er syster di.Select Leviticus 18:11
12Du skal ikkje søkja seng med farsyster di; det er same blodet som far din.Select Leviticus 18:12
13Du skal ikkje søkja seng med morsyster di; det er same blodet som mor di.Select Leviticus 18:13
14Du skal ikkje skjemma lega åt farbror din og koma kona hans for nær; for ho er farsyster di.Select Leviticus 18:14
15Du skal ikkje søkja seng med verdotter di. Ho er vivet åt son din; du skal ikkje søkja seng med henne.Select Leviticus 18:15
16Du skal ikkje søkja seng med brorkona di; ho er vivet åt din eigen bror.Select Leviticus 18:16
17Hev du havt samlega med et kvende, so skal du ikkje søkja seng med dotter hennar; heller ikkje skal du ganga i seng med sonedotter eller dotterdotter hennar. Det er blodskam; for dei er same folket.Select Leviticus 18:17
18Du skal ikkje gifta deg med versyster di og søkja seng med henne, medan kona di liver; for då set du hat millom deim.Select Leviticus 18:18
19Du skal ikkje koma innåt noko kvende og søkja seng med henne, medan ho hev månadssjuken sin og er urein.Select Leviticus 18:19
20Du skal ikkje liggja hjå kona åt grannen din og på den måten gjera deg urein.Select Leviticus 18:20
21Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til Molok; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren!Select Leviticus 18:21
22Du skal ikkje liggja hjå ein kar, som ein ligg med eit kvende; det er ein styggedom.Select Leviticus 18:22
23Med dyr må du aldri blanda deg; for då vert du urein. Og heller ikkje må kvende gjeva seg i lag med dyr og para seg med deim. Det er skjemdarferd.Select Leviticus 18:23
24Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med, dei folki som eg driv ut for augo dykkar;Select Leviticus 18:24
25då vart landet ureint, og eg heimsøkte det for broti deira, og landet støytte deim ut.Select Leviticus 18:25
26Men de skal halda bodi og loverne mine, både de sjølve og dei framande som bur millom dykk; de skal ikkje gjera noko av dei skjemdarverkiSelect Leviticus 18:26
27som dei sulka ut landet med, dei som åtte det fyre dykk;Select Leviticus 18:27
28for då kjem landet til å støyta dykk ut, for di de sulkar det til, liksom det støytte ut det folket som var der fyre dykk.Select Leviticus 18:28
29For alle dei som gjer slike skjemdarverk, dei skal rydjast ut or folket sitt.Select Leviticus 18:29
30So haldt då dei bodi eg hev gjeve dykk, og tak ikkje etter dei fæle ugjerderne som dei hadde, dei som var fyre dykk; for med det gjer de dykk ureine: Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!»»Select Leviticus 18:30
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain