Skip to content
Church.wiki
Leviticus

Leviticus 22

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 22:1

2«Seg til Aron og sønerne hans at dei lyt sjå seg vel fyre med dei heilage gåvorne som Israels-folket vigjer åt meg, so dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn. Eg er Herren!Select Leviticus 22:2

3So skal du segja med deim: «Dersom nokon av ætti dykkar, no eller i framtidi, røyver dei heilage gåvorne som Israels-folket vigjer åt Herren, medan det er noko ureint på honom, so skal han rydjast burt or augnesyni mi. Kom i hug: eg er Herren!Select Leviticus 22:3

4Ingen av etterkomarane hans Aron som er spillsjuk eller hev sådflod, må eta av dei vigde gåvorne, fyrr han er rein att. Kjem ein av deim nær nokon som hev vorte urein av eit lik, eller gjeng sådet frå honom um natti,Select Leviticus 22:4

5eller kjem han innåt noko krek som folk vert ureine av, eller noko menneskje som på ein eller annan måte hev vorte ureint,Select Leviticus 22:5

6hev nokon av deim røyvt noko sovore, so er han vera urein alt til kvelds, og må ikkje eta av dei vigde gåvorne, fyrr han hev lauga likamen sin i vatn.Select Leviticus 22:6

7Når soli hev gladt, er han rein att, og sidan kann han eta av dei vigde gåvorne; for det er maten hans.Select Leviticus 22:7

8Det som er sjølvdaudt eller ihelrive, må han ikkje eta; då vert han urein. Kom i hug: eg er Herren!Select Leviticus 22:8

9Dei skal halda dei bodi eg hev gjeve deim, so dei ikkje ber synd for slike ting og lyt døy for di dei hev vanhelga det som er heilagt. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga det!Select Leviticus 22:9

10Ingen framand må eta av det som heilagt er. Ingen som er busete eller leigekar hjå ein prest, må smaka på dei vigde rettarne.Select Leviticus 22:10

11Men hev presten kjøpt seg ein tenar for pengar, so kann han eta av deim; like eins dei tenarane som er fødd i huset hjå presten: dei kann eta av maten hans.Select Leviticus 22:11

12Når ei prestedotter er gift med ein framand mann, so må ho ikkje eta av dei heilage offergåvorne.Select Leviticus 22:12

13Men hev ho vorte enkja, eller er skild frå mannen, og ikkje hev born, og ho so kjem attende til far sin og bur i huset heime hjå honom liksom i ungdomen, so kann ho eta av maten åt far sin; men ingen uskyld må eta av den maten.Select Leviticus 22:13

14Hev nokon ete uviljande av dei vigde gåvorne, so skal han gjeva presten lika for det, og leggja attåt femteparten av verdet.Select Leviticus 22:14

15De må ikkje vanhelga dei heilage gåvorne frå Israels-folket - det som dei vigjer åt Herren -Select Leviticus 22:15

16og lata deim føra syndeskuld yver seg med å eta av dei heilage retterne dykkar. Kom i hug: det er eg, Herren, som helgar deim!»»Select Leviticus 22:16

17Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 22:17

18«Tala til Aron og sønerne hans og til heile Israels-folket, og seg til deim: «Når nokon av Israels-ætti eller av dei framande i Israel kjem med ei offergåva, anten det er ei som er utlova, eller ei gåva i godvilje som dei vil bera fram til brennoffer åt Herren,Select Leviticus 22:18

19då lyt offeret vera so at de kann tekkjast Herren med det: ein lytelaus ukse eller ver eller bukk.Select Leviticus 22:19

20Noko som det er lyte på, må de ikkje bera fram; for det tekkjest de ikkje Herren med.Select Leviticus 22:20

21Og når nokon ber fram eit takkoffer åt Herren av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil løysa, eller det er ei gåva i godvilje, so lyt det vera eit lytelaust dyr, dersom offeret skal tekkjast Herren; det må ikkje finnast nokor veila på det.Select Leviticus 22:21

22Dyr som er blinde eller beinbrotne eller skamførde, eller som hev verksår eller skabb eller gardorm, deim må de ikkje bera fram for Herren og leggja på altaret hans til offermat.Select Leviticus 22:22

23Ein ukse eller sau som hev for lange eller for stutte lemer, kann du hava til eit offer i godvilje; men til lovoffer høver dei ikkje.Select Leviticus 22:23

24Gjelde dyr, anten dei er klakka eller kruste eller rivne eller skorne, skal de ikkje bera fram for Herren. Ikkje skal de gjera slikt i dykkar eige land,Select Leviticus 22:24

25og ikkje skal de kjøpa sovorne dyr av framande, og bera dei fram til mat for dykkar Gud; for dei er utskjemde, det er lytedyr: med slike offer vinn de ikkje Guds nåde.»»Select Leviticus 22:25

26Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde:Select Leviticus 22:26

27«Når ein kalv eller eit lamb eller eit kid er tilkome, skal dei fylgja mor si sju dagar; men frå den åttande dagen og sidan vil Herren tekkjast med deim, i fall de ber dei fram til offermat.Select Leviticus 22:27

28Kui og kalven hennar eller søya og lambet hennar skal de ikkje slagta på ein dag.Select Leviticus 22:28

29Når de ber fram eit lov- og takkoffer, skal de gjera det so at Herren hev hugnad av dykk:Select Leviticus 22:29

30De skal eta det upp same dagen, og ikkje leiva noko av det til morgons. Kom i hug: eg er Herren!Select Leviticus 22:30

31So haldt då bodi mine, og liv etter deim! Eg er Herren:Select Leviticus 22:31

32Vanhelga ikkje mitt heilage namn, men lat det helgast hjå Israels-folket! Kom ihug: eg er Herren, som hev helga dykk,Select Leviticus 22:32

33og som fylgde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud - eg, Herren.»Select Leviticus 22:33

Next: Leviticus 23Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Leviticus

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.