Leviticus 25
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren tala atter til Moses på Sinaifjellet, og sagde:Select Leviticus 25:1
2«Tala til Israels-folket, og seg til deim: «Når de kjem til det landet som eg vil gjeva dykk, so skal landet halda helg for Herren og kvila:Select Leviticus 25:2
3Seks år skal du så åkeren din, og seks år skal du kylla vintrei dine, og sanka det som jordi gjev av seg;Select Leviticus 25:3
4men det sjuande året skal vera ei kviletid for landet, ei helg som er vigd åt Herren: då skal du ikkje så åkeren din, og ikkje kylla vintrei.Select Leviticus 25:4
5Det kornet som renn upp av seg sjølv etter fjorgrøda, skal du ikkje skjera, og druvorne på det ukyllte vintreet skal du ikkje sanka: Eit kvileår skal det vera for landet.Select Leviticus 25:5
6Og det som jordi ber i kviletidi, skal vera til føda for dykk alle: for deg og drengen din og tenestgjenta di og leigekaren og buseten som held til hjå deg;Select Leviticus 25:6
7og bufeet ditt og villdyri som er i landet, skal og eta av all den grøda som veks.Select Leviticus 25:7
8So skal du telja fram sju kvileår, sju gonger sju, so tidi som svarar til dei sju kvileåri, vert ni og fyrti år;Select Leviticus 25:8
9og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i lur; på soningsdagen skal de lata luren ljoma i heile landet dykkar.Select Leviticus 25:9
10Og de skal helga det femtiande året, og lysa ut fridom for alle som i landet bur. Det skal vera eit jubelår for dykk; då skal de koma attende kvar til sin odel og venda heim att kvar til si ætt.Select Leviticus 25:10
11Eit jubelår skal det femtiande året vera for dykk: ikkje skal de så, og ikkje skal de hausta det sjølvsådde kornet, og ikkje skal de sanka druvorne av det ukyllte vintreet.Select Leviticus 25:11
12For det er eit jubelår: det skal vera heilagt for dykk; på marki skal de henta maten etter kvart som de treng honom.Select Leviticus 25:12
13I jubelåret skal kvar få att odelsgarden sin.Select Leviticus 25:13
14Når du sel noko til landsmannen din eller kjøper noko av honom, so skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.Select Leviticus 25:14
15Kjøper du jord av honom, so skal du telja dei åri som er lidne frå jubelåret, og han skal rekna etter kor mange åringar det er att.Select Leviticus 25:15
16Etter som det då er mange eller få år att, skal prisen auka eller minka; for det er berre eit visst tal med avlingar han sel deg.Select Leviticus 25:16
17Gjer ikkje urett mot kvarandre; hav age for dykkar Gud! Kom i hug: eg, Herren, er dykkar Gud!Select Leviticus 25:17
18Lyd loverne mine, og haldt bodi mine og liv etter deim, so skal de bu trygt i landet;Select Leviticus 25:18
19landet skal gjeva dykk grøda si, og de skal hava nøgdi å liva av, og sitja der trygt.Select Leviticus 25:19
20Og dersom de spør: «Kva skal me eta i det sjuande året, når me ikkje sår og ikkje samlar inn grøda vår?»Select Leviticus 25:20
21so må de vita at i det sette året vil eg senda dykk mi velsigning, og de skal få so rik ei grøda, at ho rekk til for tri år.Select Leviticus 25:21
22Når de sår i det åttande året, skal de endå eta av fyrrårsavlen; alt til grøda kjem det niande året, skal de leva av den gamle avlen.Select Leviticus 25:22
23Jordi må de ikkje selja for ollo; for det er eg som eig landet; de er berre framande og leiglendingar hjå meg.Select Leviticus 25:23
24Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord:Select Leviticus 25:24
25Dersom det gjeng ut for grannen din, og han lyt selja noko av garden sin, so skal næmaste odelsmannen koma og løysa att det som skyldingen hans hev selt.Select Leviticus 25:25
26Finst det ingen som kann løysa att jordi for honom, og han sjølv fær so mykje med hand at han kann greida løysingsummen,Select Leviticus 25:26
27so skal han rekna frå dei åri som er lidne sidan han selde, og gjeva den han selde til lika for det som att er; då vert eigedomen hans;Select Leviticus 25:27
28men er han ikkje god til å greida det han skal ut med, so skal jordi høyra kjøparen til alt til jubelåret; i jubelåret vert ho fri og kjem under den gamle eigaren.Select Leviticus 25:28
29Når ein sel eit stovehus i ein by med murar ikring, so gjeld løysingsretten berre for ei tid; so lenge som eit år etter huset vart selt, skal han hava rett til å løysa det att.Select Leviticus 25:29
30Vert ikkje huset attløyst fyrr eit fullt år er lide, so skal det - so framt det ligg i ein by med murar ikring - falla under den som hev kjøpt det, og høyra honom og etterkomarane hans til for godt, og det vert ikkje fritt i jubelåret.Select Leviticus 25:30
31Men husi i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast til landet; dei kann løysast att, og i jubelåret vert dei frie.Select Leviticus 25:31
32Er det levitbyarne det gjeld, husi i dei byarne som høyrer Levi-sønerne til, so varer løysingsretten for alle tider.Select Leviticus 25:32
33Og um nokon av Levi-sønerne ikkje løyser att eit hus han hev selt, so vert huset fritt i jubelåret, so framt det ligg i fedrebyen hans; for husi i dei byarne som høyrer levitarne til, er deira odel millom Israels-folket.Select Leviticus 25:33
34Heller ikkje må beitemarki kring byarne deira seljast; ho skal høyra deim til for alle tider.Select Leviticus 25:34
35Når det gjeng ut for grannen din, og han ikkje kann greida seg lenger, so skal du halda handi yver honom, og han skal liva hjå deg som ein framand eller busete.Select Leviticus 25:35
36Du må ikkje taka renta eller yvermål av honom; du skal hava age for din Gud, og lata grannen din liva med deg.Select Leviticus 25:36
37Du må ikkje låna honom pengar på den måten at han skal gjeva deg renta, eller mat på den måten at han skal gjeva deg noko attpå.Select Leviticus 25:37
38Kom i hug: Eg er Herren, dykkar Gud, som fylgde dykk ut or Egyptarlandet og vil gjeva dykk Kana’ans-landet og vera dykkar Gud.Select Leviticus 25:38
39Når grannen din vert utarma og lyt selja seg til deg, so skal du ikkje lata honom gjera slavearbeid for deg.Select Leviticus 25:39
40Han skal vera hjå deg som ein leigekar eller busete, og arbeide hjå deg til jubelåret;Select Leviticus 25:40
41då skal han flytja frå deg, både han og borni hans, og fara heim att til ætti si og fedregarden.Select Leviticus 25:41
42For dei er mine tenarar, eg henta deim ut or Egyptarlandet; dei må ikkje seljast som ein sel ein slave.Select Leviticus 25:42
43Du må ikkje vera hard med deim; du skal hava age for din Gud.Select Leviticus 25:43
44Vil du få deg tenestdrengjer eller tenestgjentor som skal vera din eigedom, so kann du kjøpa både drengjer og gjentor av heidningarne som bur rundt ikring dykk,Select Leviticus 25:44
45og like eins av borni åt innflytjarane som held til hjå dykk; av deim og etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar, kann de kjøpa dykk tenarar som de må eiga,Select Leviticus 25:45
46og kann lata borni dykkar få i arv etter dykk med full eigedomsrett; deim kann de bruka til slavar so lenge de vil; men brørne dine, Israels-borni, må du ikkje gjera deg til herre yver - bror yver bror!Select Leviticus 25:46
47Når ein framand eller innflutt mann hjå deg kjem til velstand hjå dykk, og landsmannen din som bur innmed han, vert utarma, og lyt selja seg til den innflutte framande mannen, eller til ein som er runnen av framand rot,Select Leviticus 25:47
48so kann han løysast ut att, etter han hev selt seg. Ein av brørne hans lyt då løysa honom ut,Select Leviticus 25:48
49eller farbroren eller son åt farbroren eller ein annan av det næmaste skyldfolket i ætti hans; og fær han utkoma til det, so kann han løysa seg ut sjølv.Select Leviticus 25:49
50Når han då gjer upp med den han hev selt seg til, skal dei rekna ut tidi frå det året han selde seg og til jubelåret: kjøpesummen skal bytast med åretalet, og det skal vera som han hadde vore leigekar hjå honom og arbeidt etter dagen.Select Leviticus 25:50
51Er det endå mange år att, so skal han i utløysnad leggja so mykje av kjøpesummen som svarar til dei åri;Select Leviticus 25:51
52og er det få år att til jubelåret, so skal han gjera upp med honom for deim; han skal i utløysnad gjeva det som svarar til dei åri han er attskuldig.Select Leviticus 25:52
53Han skal vera jamgod med ein leigekar som arbeider hjå ein mann år for år; du skal ikkje tola at dei fer hardt med honom.Select Leviticus 25:53
54Vert han ikkje utløyst på den måten som nemnt er, so vert han fri i jubelåret, både han og borni hans.Select Leviticus 25:54
55For meg høyrer Israels-sønerne til, og er tenarane mine - mine tenarar er dei; eg henta deim ut or Egyptarlandet, eg, Herren, dykkar Gud.Select Leviticus 25:55
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain