Leviticus 27
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 27:1
2«Tala til Israels-folket, og seg til deim: «Når ein hev lova å vigja seg sjølv eller eit anna menneskje til Herren, og sidan vil løysa seg frå lovnaden med penger, so skal du verdsetja den som er burtlova:Select Leviticus 27:2
3Verdet på ein mann som er millom tjuge og seksti år, skal vera femti sylvdalar i heilag mynt;Select Leviticus 27:3
4er det eit kvende, so skal du setja verdet til tretti dalar.Select Leviticus 27:4
5Eit menneskje som er millom fem år og tjuge år, skal du setja i tjuge dalar dersom det er ein kar, og i ti dalar dersom det er eit kvende.Select Leviticus 27:5
6Er det eit barn millom ein månad og fem år, so skal verdet på ein gut vera fem sylvdalar, og på ei gjenta tri sylvdalar.Select Leviticus 27:6
7Deim som er seksti år eller meir, skal du setja i femtan dalar i fall det er menner, og i ti dalar i fall det er kvende.Select Leviticus 27:7
8Er nokon so fatig at han ikkje kann greida ut pengarne, so skal dei koma til presten med honom, og presten skal setja verdet etter hans utkoma som gjorde lovnaden.Select Leviticus 27:8
9Er det eit dyr som er burtlova, eit av deim som folk ber fram til offer for Herren, so skal alt ein gjev Herren av slikt, reknast for heilagt.Select Leviticus 27:9
10Ein må ikkje byta det um eller gjeva eit anna dyr i staden, korkje eit ringt for eit godt eller eit godt for eit ringt. Byter ein det like vel i eit anna dyr, so skal båe tvo gjelda for heilage.Select Leviticus 27:10
11Men er det eit ureint dyr, eit av deim ein ikkje kann gjeva Herren i offergåva, so skal det leidast fram for presten,Select Leviticus 27:11
12og presten skal verdsetja det, etter som det er til, godt eller ringt; det som presten set det i, det skal vera prisen på det.Select Leviticus 27:12
13Vil eigaren løysa det att, so lyt han leggja femteparten meir enn det er verdsett til.Select Leviticus 27:13
14Når ein hev lova å vigja huset sitt til Herren, so skal presten verdsetja det etter som det er til, godt eller ringt, og det som presten set det i, skal gjelda for rette verdet.Select Leviticus 27:14
15Vil den som hev lova burt huset løysa det att, so skal han leggja femteparten yver det verdet; då vert det hans.Select Leviticus 27:15
16Når ein hev lova burt noko av odelsjordi si til Herren, so skal verdet retta seg etter sådmengdi: ein åker på halvtridje tunnesåd bygg skal svara til femti sylvdalar.Select Leviticus 27:16
17Hev han lova burt jordi alt ifrå jubelåret, so skal det verdet gjelda fullt.Select Leviticus 27:17
18Men er det etter jubelåret han hev lova henne burt, so skal presten rekna ut verdet etter dei åri som er att til komande jubelår, og prisen skal setjast ned etter måten.Select Leviticus 27:18
19Hev ein lova Herren eit stykke av jordi si, og sidan vil løysa det, skal han leggja femteparten yver verdet, so skal han få det.Select Leviticus 27:19
20Løyser han det ikkje, og like vel sel det til ein annan, so kann det ikkje løysast meir;Select Leviticus 27:20
21når då jubelåret kjem, og jordi vert fri, skal ho høyra Herrens heilagdom til, liksom jord som er vigsla; presten skal hava eigedomsretten til henne.Select Leviticus 27:21
22Når ein hev lova Herren eit stykke jord som han hev kjøpt, og som ikkje er hans odel,Select Leviticus 27:22
23so skal presten rekna ut verdet til komande jubelår, og mannen skal greida ut pengarne med det same, og vigja deim åt Herren.Select Leviticus 27:23
24I jubelåret fell jordi attende til den han kjøpte av, og som hev odelen.Select Leviticus 27:24
25All verdsetjing skal vera i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.Select Leviticus 27:25
26Det som er frumbore i buskapen, kann ikkje lovast burt; etter di det er frumbore, er det longe Herrens eigedom; anten det er storfe eller småfe, so høyrer det Herren til.Select Leviticus 27:26
27Er det ureine dyr, so kann ein løysa deim att etter verdet, men lyt då leggja attåt femteparten; vert dei ikkje attløyste, so kann dei seljast for verdet.Select Leviticus 27:27
28Det som ein vigslar åt Herren av eigedomen sin, anten det er folk eller fe eller odelsjord, det kann ikkje seljast og ikkje løysast att; alt som er vigsla, er høgheilagt og høyrer Herren til.Select Leviticus 27:28
29Ingen mann som er bannstøytt, kann verta attløyst; han lyt lata livet.Select Leviticus 27:29
30All tiend av jordi, av grøda på marki og av alda på trei, høyrer Herren til, og til Herren skal ho vigjast.Select Leviticus 27:30
31Vil ein løysa att noko av tiendi, skal han leggja femteparten yver verdet.Select Leviticus 27:31
32Og av alt bufeet, både stort og smått, alt som kjem under hyrdingstaven, skal tiande kvart dyr vigjast til Herren.Select Leviticus 27:32
33Ein skal ikkje sjå etter um det er godt eller ringt, og ikkje byta det um. Vert det bytt i eit anna dyr, so skal dei høyra heilagdomen båe, og kann ikkje verta attløyste.»»Select Leviticus 27:33
34Dette var dei loverne som Herren gav Moses på Sinaifjellet og baud honom kunngjera for Israels-folket.Select Leviticus 27:34
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain