Leviticus 4
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 4:1
2«Tala til Israels-folket og seg: «Når nokon uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han hev forbode å gjera, so høyr:Select Leviticus 4:2
3Er det den salva presten som syndar og fører skuld yver folket, so skal han til bot for den syndi han hev gjort koma til Herren med ein ung ukse som ikkje hev lyte; det skal vera syndofferet hans.Select Leviticus 4:3
4Han skal leida uksen fram for Herrens åsyn, til døri åt møtetjeldet, og han skal leggja handi på hovudet åt uksen, og han skal slagta uksen for Herrens åsyn.Select Leviticus 4:4
5So skal han, den salva presten, taka noko av ukseblodet og bera det inn i møtetjeldet.Select Leviticus 4:5
6Og han, presten, skal duppa fingeren i blodet, og han skal skvetta av blodet sju gonger for Herrens åsyn, framanfor det heilage forhenget.Select Leviticus 4:6
7Noko av blodet skal han strjuka på horni åt altaret med den angande røykjelsen, det som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av ukseblodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.Select Leviticus 4:7
8Alt feittet som er på syndofferuksen, skal han taka utor honom, både netja og alt feittet som er på innvolenSelect Leviticus 4:8
9og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -Select Leviticus 4:9
10alt dette skal han taka ut, like eins som på takkofferuksen, og so skal han brenna det på brennofferaltaret, so røyken stig upp mot himmelen.Select Leviticus 4:10
11Men hudi av uksen og alt kjøtet, med hovudet og føterne og innvolen og myki,Select Leviticus 4:11
12heile uksen, skal han føra ut or lægret, til ein rein stad, der dei slær ut oska, og brenna det upp med ved; der som oska vert slegi ut, der skal dei brenna det.Select Leviticus 4:12
13Hev heile Israels-lyden misfare seg, hev folket seg uvitande gjort noko av det som Herren hev forbode å gjera, og ført skuld yver seg,Select Leviticus 4:13
14og det sidan vert kunnigt kva dei hev synda i, so skal folket koma med ein ung ukse til syndoffer. Den skal dei leida fram åt møtetjeldet,Select Leviticus 4:14
15og dei eldste av lyden skal leggja henderne på hovudet åt uksen for Herrens åsyn, og so skal uksen slagtast for Herrens åsyn.Select Leviticus 4:15
16Den salva presten skal bera noko av ukseblodet inn i møtetjeldet,Select Leviticus 4:16
17og han, presten, skal duppa fingeren i blodet, og skvetta sju gonger for Herrens åsyn, framanfor forhenget.Select Leviticus 4:17
18Noko av blodet skal han strjuka på horni åt det altaret som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.Select Leviticus 4:18
19Alt feittet skal han taka utor uksen, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen.Select Leviticus 4:19
20Som han gjorde med hin syndofferuksen, so skal han gjera med denne og. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for deim, skal dei få tilgjeving.Select Leviticus 4:20
21Sidan skal dei føra uksen utanfor lægret, og brenna honom, liksom dei brende den fyrste uksen. Dette er syndofferet for folket.Select Leviticus 4:21
22Når ein hovding misfer seg og uviljande gjer noko av det som Herren, hans Gud, hev forbode å gjera, og soleis fører skuld yver seg,Select Leviticus 4:22
23og det vert kunnigt for honom kva han hev synda i, so skal han koma med ei offergåva, og det skal vera ein geitebukk, ein som ikkje hev lyte.Select Leviticus 4:23
24Han skal leggja handi på hovudet åt bukken, og slagta honom på same staden som dei slagtar brennofferet for Herrens åsyn; då er det eit syndoffer.Select Leviticus 4:24
25Presten skal taka noko av offerblodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed foten på brennofferaltaret.Select Leviticus 4:25
26Og alt feittet skal han brenna på altaret liksom han gjorde med feittet av takkofferet. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for honom og gjort honom rein for syndi, skal han få tilgjeving.Select Leviticus 4:26
27Er det ein ålmugemann som uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje skulde gjera, so han fører skuld yver seg,Select Leviticus 4:27
28og det vert kunnigt for honom kva han hev synda i, so skal han til bot for den syndi han hev gjort, koma med ei offergåva, og det skal vera ei geit, ei som ikkje hev lyte.Select Leviticus 4:28
29Han skal leggja handi på hovudet åt syndofferdyret, og han skal slagta syndofferdyret på brennofferstaden.Select Leviticus 4:29
30Og presten skal taka noko av blodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed altarfoten.Select Leviticus 4:30
31Alt feittet skal han taka utor, liksom dei tek ut feittet på takkofferet, og presten skal leggja det på altaret og brenna det til godange for Herren. Når presten soleis hev gjort soning for honom, skal han få tilgjeving.Select Leviticus 4:31
32Vil han heller taka ein sau til syndoffer, so skal han koma med ei søya som ikkje hev lyte.Select Leviticus 4:32
33Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret, og so skal han slagta det til syndoffer på same staden som dei slagtar brennofferet.Select Leviticus 4:33
34Og presten skal taka noko av syndofferblodet på fingeren, og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut tett innmed altarfoten.Select Leviticus 4:34
35Alt feittet skal han taka utor, liksom dei gjer med takkoffersauen, og presten skal brenna det på altaret saman med offerretterne åt Herren. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han hev gjort, skal han få tilgjeving.Select Leviticus 4:35
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain