Skip to content
Church.wiki
Leviticus

Leviticus 8

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Leviticus 8:1

2«Henta no Aron og sønerne hans, og tak dei heilage klædi og salvingsoljen og syndofferuksen og båe verarne og korgi med søtebrødet,Select Leviticus 8:2

3og kalla so heile lyden saman framfor døri åt møtetjeldet!»Select Leviticus 8:3

4Og Moses gjorde som Herren sagde, og lyden samla seg framfor møtetjelddøri.Select Leviticus 8:4

5Då sagde Moses til deim: «Sjå no kva Herren hev sagt eg skal gjera!»Select Leviticus 8:5

6So kalla han til seg Aron og sønerne hans, og tvo dei med vatn,Select Leviticus 8:6

7og han hadde underkjolen på Aron, og spente beltet um honom, og klædde honom i prestekjolen, og hengde messehakelen på honom, og batt um honom livgjordi som høyrde til, og med den snørde han messehakelen fast.Select Leviticus 8:7

8So hadde han bringeduken på honom, og i bringeduken lagde han urim og tummim.Select Leviticus 8:8

9Og han sette huva på hovudet hans, og framme på huva sette han gullspongi, det heilage hovudgullet, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses.Select Leviticus 8:9

10So tok Moses salvingsoljen, og salva gudshuset og alt som i det var, og vigsla det,Select Leviticus 8:10

11og han skvette sju vendor på altaret av oljen, og salva altaret og alle dei ting som høyrde til det, og tvåttebalja med foten ho stod på, og vigsla deim.Select Leviticus 8:11

12Og noko av salvingsoljen helte han yver hovudet på Aron, og salva og vigde honom.Select Leviticus 8:12

13Sidan kalla han til seg sønerne hans Aron, og klædde deim i underkjolar, og spente belte um deim, og batt hovudplagg på deim, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses.Select Leviticus 8:13

14So leidde han fram syndofferuksen, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt uksen.Select Leviticus 8:14

15Og då dei hadde slagta honom, tok Moses blodet og strauk rundt ikring på altarhorni med fingeren, og gjorde altaret reint for synd, og det som var att av blodet, helte han ut tett innmed altarfoten. Soleis gjorde han soning for altaret og vigsla det.Select Leviticus 8:15

16So tok han alt feittet som var på innvolen, og den store livreflaga og båe nyro med talgi på, og brende det på altaret, so røyken steig upp mot himmelen.Select Leviticus 8:16

17Men sjølve uksen, både hudi og kjøtet og møki, brende han i elden utanfor lægret, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses.Select Leviticus 8:17

18So leidde han fram brennofferveren, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt veren.Select Leviticus 8:18

19Og då dei hadde slagta honom, skvette Moses blodet rundt ikring på altaret.Select Leviticus 8:19

20Men sjølve veren lema dei sund, og Moses brende hovudet og kjøtet og feittet;Select Leviticus 8:20

21innvolen og føterne tvo dei fyrst i vatn, og so brende Moses heile veren på altaret, so røyken steig upp mot himmelen. Det vart eit brennoffer som anga godt, ein offerrett for Herren var det; alt vart gjort soleis som Herren hadde sagt med Moses.Select Leviticus 8:21

22So leidde han fram den andre veren, vigsleveren, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt veren.Select Leviticus 8:22

23Og då dei hadde slagta honom, tok Moses noko av blodet og strauk på den høgre øyresnippen åt Aron og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans.Select Leviticus 8:23

24So kalla han til seg sønerne hans Aron, og strauk noko av blodet på den høgre øyresnippen og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi deira, og det som var att av blodet, skvette han rundt ikring på altaret.Select Leviticus 8:24

25Og han tok feittet, både spælen alt feittet som var på innvolen, og den store livreflaga og båe nyro med talgi på, og so det høgre låret.Select Leviticus 8:25

26Og or søtebrødkorgi som stod framfor augo åt Herren, tok han ei hellekake og eit oljebrød og ein tunnbrødleiv og lagde uppå på feittet og verlåret.Select Leviticus 8:26

27Og so lagde han alt saman i henderne på Aron og sønerne hans og svinga det att og fram for Herrens åsyn.Select Leviticus 8:27

28Sidan tok han det utor henderne deira, og brende det på altaret saman med brennofferet, so røyken steig upp mot himmelen; det var eit vigsleoffer som gav god ange, ein offerrett for Herren var det.Select Leviticus 8:28

29Og Moses tok bringestykket, og svinga det att og fram for Herrens åsyn; det var den luten Moses fekk av vigsleveren, soleis som Herren hadde sagt med Moses.Select Leviticus 8:29

30So tok Moses noko av salvingsoljen og noko av blodet som stod på altaret og skvette på Aron og klædi hans og på sønerne hans og klædi deira; og vigsla Aron og klædi hans og sameleis sønerne hans og klædi deira.Select Leviticus 8:30

31Og Moses sagde til Aron og sønerne hans: «De skal sjoda kjøtet i døri åt møtetjeldet og eta det attåt brødet som er i vigsleofferkorgi; for so hev Gud sagt med meg: «Aron og sønerne hans skal eta det,» hev han sagt.Select Leviticus 8:31

32Men det som vert att av kjøt og brød, skal de brenna i elden.Select Leviticus 8:32

33Og so lyt de i sju dagar halda dykk innmed møtetjelddøri, alt til den dagen då vigsletidi dykkar er ute; for sju dagar skal prestevigsla vara.Select Leviticus 8:33

34Som de hev gjort i dag, so skal de gjera dei hine dagarne og, so de kann få nåde, segjer Herren.Select Leviticus 8:34

35Og i møtetjelddøri skal de sitja dag og natt i sju jamdøger og halda dykk etter det som Herren hev sagt, so de ikkje skal missa livet; for so hev Herren sagt med meg.»Select Leviticus 8:35

36Og Aron og sønerne hans gjorde alt det som Herren hadde late Moses segja til deim.Select Leviticus 8:36

Next: Leviticus 9Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Leviticus

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.