Luke 15
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Alle tollmenner og syndarar heldt seg nær innåt Jesus og lydde på honom.Select Luke 15:1
2Men farisæarane og dei skriftlærde murra og sagde seg imillom: «Den mannen tek imot syndarar, og et i lag med deim!»Select Luke 15:2
3Då sagde han deim denne likningi:Select Luke 15:3
4Um ein av dykk hev hundrad sauer og misser ein av deim, let han ’kje då dei ni og nitti vera att i beitemarki, og gjeng av og leitar etter den han hev mist, til han finn honom?Select Luke 15:4
5Og når han hev funne honom, er han glad og tek honom på herdarne sine;Select Luke 15:5
6og med same han kjem heim, kallar han i hop vener og grannar, og segjer til deim: «Gled dykk med meg! Eg hev funne sauen eg hadde mist.Select Luke 15:6
7Eg segjer dykk: Soleis er det gleda i himmelen yver ein syndar som vender um, meir enn yver ni og nitti rettferdige som ikkje treng umvending.Select Luke 15:7
8Eller um ei kvinna hev ti sylvpeningar, og misser ein av deim, kveikjer ho ’kje då ljos og sopar huset og leitar trottugt, til dess ho finn honom?Select Luke 15:8
9Og når ho hev funne honom, kallar ho i hop vener og grannkonor og segjer: «Gled dykk med meg! Eg hev funne peningen eg hadde mist.»Select Luke 15:9
10Soleis, segjer eg dykk, vert det gleda på Guds englar yver ein syndar som vender um.»Select Luke 15:10
11So sagde han: «Det var ein gong ein mann som hadde tvo søner.Select Luke 15:11
12Den yngste av deim sagde til faren: «Far, lat meg få den luten av buet som fell på meg!» So skifte han midelen millom deim.Select Luke 15:12
13Det var ’kje mange dagarne lidne, so samla den yngste sonen alt sitt og for langt burt til eit anna land. Der gav han seg i ulivnad, og øydde upp det han åtte.Select Luke 15:13
14Då han hadde sett til alt, vart det uår og svolt der i landet, og han tok til å lida naud.Select Luke 15:14
15So tydde han seg til ein av mennerne i landet, og han sende honom ut på markerne sine; der skulde han gjæta svin.Select Luke 15:15
16Og han var huga til å fylla buken sin med skolmerne som svini åt av, og ingen gav honom noko.Select Luke 15:16
17Då gjekk han i seg sjølv og sagde: «Kor mange leigekarar heime hjå far min hev ikkje fullt upp av mat, med eg held på å svelta i hel her!Select Luke 15:17
18Eg vil taka i veg og ganga heim til far min og segja til honom: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg!Select Luke 15:18
19Eg er ’kje verd å kallast son din lenger; lat meg få vera som ein av leigekararne dine!»»Select Luke 15:19
20So tok han i vegen og gjekk heim til far sin. Med han endå var langt burte, vart far hans var honom, og ynkast inderleg; han sprang imot honom og kasta seg um halsen på honom og kysste honom.Select Luke 15:20
21Og sonen sagde: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg; eg er ikkje verd å kallast son din lenger!»Select Luke 15:21
22Men faren sagde til tenararne sine: «Kom snøgt med ein klædning, den gildaste her er, og hav på honom, og lat han få ring på fingeren og skor på føterne!Select Luke 15:22
23Henta so den gjødde kalven, og slagta honom, so vil me halda måltid og vera glade!Select Luke 15:23
24For denne sonen min var daud og hev livna upp att, var burtkomen og er attfunnen.» So tok dei til å halda gaman.Select Luke 15:24
25Den eldste sonen var utpå marki. Då han gjekk heimetter og kom burtimot huset, høyrde han spel og dans.Select Luke 15:25
26Han ropa på ein av drengjerne, og spurde kva det skulde tyda.Select Luke 15:26
27«Bror din er komen,» svara drengen, «og far din hev slagta den gjødde kalven, for di han fekk honom frisk heim att.Select Luke 15:27
28Då vart han harm og vilde ikkje ganga inn. Far hans kom ut og tala blidt til honom;Select Luke 15:28
29men han svara far sin so: «No hev eg tent deg so mange år og aldri gjort imot ditt ord, og meg hev du aldri gjeve so mykje som eit kid, so eg kunde gleda meg i hop med venerne mine.Select Luke 15:29
30Men når han kjem denne son din, som hev ete upp midelen din i lag med skjøkjor, då slagtar du gjødkalven åt honom.»Select Luke 15:30
31«Du er allstødt hjå meg, barnet mitt,» svara faren, «og alt som mitt er, er ditt.»Select Luke 15:31
32Men no skulde me vera glade og fegne; for denne bror din var daud og hev livna, var burtkomen og er attfunnen!»»Select Luke 15:32
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation