Luke 17
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Sidan sagde han til læresveinarne sine: «Det er uråd anna enn det lyt koma freistingar, men ve yver den som dei kjem ifrå!Select Luke 17:1
2Han var betre faren det låg ein kvernstein um halsen hans og han var kasta i havet, enn at han skulde freista ein av desse små.Select Luke 17:2
3Tak dykk i vare! Syndar bror din, so tala til honom, og angrar han, so tilgjev honom!Select Luke 17:3
4Um han syndar mot deg sju gonger um dagen, og sju gonger kjem attende til deg og segjer: «Eg angrar!» so skal du tilgjeva honom.»Select Luke 17:4
5Apostlarne sagde til Herren: «Gjev oss meir tru!»Select Luke 17:5
6«Hev de tru som eit senapskorn,» svara Herren, «so kunde de segja til dette morbærtreet: «Rykk deg upp og røt deg i havet!» og det skulde lyda dykk.Select Luke 17:6
7Um nokon av dykk hev ein dreng som pløgjer eller gjæter, segjer han då til honom når han kjem heim frå marki: «Kom straks og set deg til bords?»Select Luke 17:7
8Segjer han ’kje heller: «Stell til kveldsmaten åt meg, bind livgjordi um deg, og gakk meg til handa med eg et og drikk! Sidan kann du eta og drikka?»Select Luke 17:8
9Takkar han vel drengen for di han gjorde som han var fyresagd? Eg trur ikkje det.Select Luke 17:9
10Soleis de og; når de hev gjort alt som var sagt dykk, so seg: «Me er uturvande tenarar! Me hev ’kje gjort anna enn det som var skyldnaden vår.»»Select Luke 17:10
11Med han var på vegen til Jerusalem og for midt imillom Samaria og Galilæa,Select Luke 17:11
12bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti menner som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan,Select Luke 17:12
13og ropa høgt: «Jesus, meister, gjer sælebot på oss!»Select Luke 17:13
14Då Jesus vart var deim, sagde han til deim: «Gakk og te dykk fram for prestarne!» Og med dei var på vegen, hende det at dei vart reine.Select Luke 17:14
15Ein av deim kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst,Select Luke 17:15
16og kasta seg å gruve framfor føterne hans og takka honom; det var ein samaritan.Select Luke 17:16
17Då tok Jesus til ords og sagde: «Vart dei ’kje reine alle ti? Kvar er då dei ni?Select Luke 17:17
18Var det ingen utan denne framande som kom attende og vilde gjeva Gud æra?»Select Luke 17:18
19So sagde han til mannen: «Statt upp og gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.»Select Luke 17:19
20Farisæarane spurde honom ein gong når Guds rike skulde koma. Då svara han deim so: «Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo.Select Luke 17:20
21Ein kann ikkje heller segja: «Sjå her er det!» eller: «Der er det!» For Guds rike, det er inni dykk.»Select Luke 17:21
22Sidan sagde han til læresveinarne: «Det kjem ei tid då de skal stunda etter å sjå ein av dei dagarne då Menneskjesonen råder, men de skal ikkje få sjå det.Select Luke 17:22
23Dei kjem til å segja til dykk: «Sjå der er han! Sjå her!» Gakk ikkje der burt, og fylg ikkje etter deim!Select Luke 17:23
24For liksom ljonet, når det kjem, skin frå himmelbrun til himmelbrun, soleis skal det vera med Menneskjesonen den dagen han kjem.Select Luke 17:24
25Men fyrst lyt han lida mykje, og denne ætti skal skjota honom ifrå seg.Select Luke 17:25
26Og som det var i Noahs dagar, so skal det og vera den tidi då Menneskjesonen kjem:Select Luke 17:26
27dei åt, dei drakk, dei gifte seg, dei vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki; då kom storflodi og tynte alle i hop.Select Luke 17:27
28Eller som det var i Lots dagar: dei åt, dei drakk, dei kjøpte, dei selde, dei planta, dei bygde;Select Luke 17:28
29men den dagen då Lot tok ut frå Sodoma, regnde det eld og svåvel frå himmelen og tynte deim alle.Select Luke 17:29
30På same vis skal det vera den dagen Menneskjesonen syner seg.Select Luke 17:30
31Er nokon den dagen uppå taket og hev sine ting nedi huset, so må han ikkje ganga ned og henta deim; og er nokon utpå marki, so må han ikkje venda um.Select Luke 17:31
32Kom i hug kona hans Lot!Select Luke 17:32
33Den som freister å berga livet sitt, skal missa det, og den som misser det, skal vinna det att.Select Luke 17:33
34Eg segjer dykk: Den natti skal det liggja tvo i ei seng; den eine skal hentast, og hin setjast att.Select Luke 17:34
35Tvo kvinnor skal mala på same kverni; den eine skal hentast, og hi setjast att.Select Luke 17:35
36Tvo skal vera utpå marki; den eine skal hentast, og hin setjast att.»Select Luke 17:36
37Då tok læresveinarne til ords og sagde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der liket er, der vil ørnane sankast innåt.»Select Luke 17:37
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation