Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 19

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So kom han til Jeriko, og for fram igjenom byen.Select Luke 19:1

2Der var det ein mann som heitte Sakkæus; han var ein høg tollmann og rik.Select Luke 19:2

3Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster.Select Luke 19:3

4So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit sykomortre, so han kunde få sjå honom; for der laut han koma framum.Select Luke 19:4

5Då Jesus kom dit, såg han upp og sagde til honom: «Sakkæus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg.»Select Luke 19:5

6Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda.Select Luke 19:6

7Alle som såg det, murra og sagde seg imillom: «Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der.»Select Luke 19:7

8Men Sakkæus steig fram og sagde til Herren: «Herre, helvti av alt det eg eig, gjev eg dei fatige, og hev eg truga pengar frå nokon, gjev eg det att firdubbelt.»Select Luke 19:8

9Og Jesus sagde um honom: «I dag hev det timst dette huset å få frelsa, etter di han og er Abrahams son;Select Luke 19:9

10for Menneskjesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.»Select Luke 19:10

11Med dei lydde på det, heldt han ved og fortalde ei likning, av di han var so nær Jerusalem, og dei tenkte at Guds rike skulde koma til synes straks.Select Luke 19:11

12Han sagde: «Det var ein gong ein høgætta mann, som for langt burt til eit anna land og vilde få seg kongedøme og so venda heim att.Select Luke 19:12

13Då kalla han åt seg ti av tenarane sine og gav deim ti pund og sagde: «Driv no handel med dette med eg er burte!»Select Luke 19:13

14Men landsmennerne hans hata honom og skikka sendemenner av stad etter honom, som skulde segja: «Me vil ikkje at den mannen skal vera kongen vår!»Select Luke 19:14

15Då han no kom att og hadde fenge kongedømet, sagde han at dei tenarane han hadde gjeve pengarne til, skulde ropast inn til honom, so han kunde få vita kor mykje dei hadde tent.Select Luke 19:15

16Då gjekk den fyrste fram og sagde: «Herre, pundet ditt hev gjeve av seg ti pund.»Select Luke 19:16

17«Det var rett, du gode tenar!» svara herren; «for di du hev vore tru med det som lite var, skal du hava velde yver ti byar.»Select Luke 19:17

18So kom den andre og sagde: «Pundet ditt, herre, hev lagt inn fem pund.Select Luke 19:18

19Til honom sagde herren: «Du skal råda yver fem byar.»Select Luke 19:19

20So kom det ein annan og sagde: «Herre, sjå her er pundet ditt! Eg hev havt det liggjande i eit knyte;Select Luke 19:20

21for eg var rædd deg, av di du er ein streng mann: du tek inn det du ikkje lagde ut, og haustar det du ikkje sådde.»Select Luke 19:21

22Då sagde herren: «Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek inn det eg ikkje lagde ut, og haustar det eg ikkje sådde?Select Luke 19:22

23Kvi sette du då ikkje pengarne mine i banken? so hadde eg fenge deim att med rentor når eg kom heim!Select Luke 19:23

24Tak pundet frå honom!» sagde han til deim som stod innmed, og gjev det til den som hev ti pund!»Select Luke 19:24

25«Herre, han hev då ti pund!» sagde dei.Select Luke 19:25

26«Eg segjer dykk at kvar den som hev, skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.Select Luke 19:26

27Men desse uvenerne mine, som ikkje vilde at eg skulde vera kongen deira, deim skal de føra hit og hogga deim ned for augo mine!»»Select Luke 19:27

28Då han hadde sagt det, gjekk han fyre på ferdi upp til Jerusalem.Select Luke 19:28

29Som han no kom burtimot Betfage og Betania, til det berget dei kallar Oljeberget, sende han tvo av læresveinarne i veg og sagde:Select Luke 19:29

30«Gakk burt i den grendi som ligg midt imot oss! Når de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det aldri hev sete menneskje på; den skal de løysa og leida hit.Select Luke 19:30

31Og dersom nokon spør dykk kvi de løyser honom, skal de svara so: «Herren treng um honom.»»Select Luke 19:31

32Dei som var sende, gjekk, og fann det so som han hadde sagt med deim.Select Luke 19:32

33Då dei so løyste folen, sagde dei som åtte honom: «Kvi løyser de folen?»Select Luke 19:33

34«Herren treng um honom,» svara dei.Select Luke 19:34

35So leidde dei folen fram til Jesus, og lagde kjolarne sine på honom, og let Jesus setja seg uppå;Select Luke 19:35

36og med han for frametter, breidde dei klædi sine under på vegen.Select Luke 19:36

37Som han no var tett burtmed der det ber ned frå Oljeberget, tok læresveinarne, heile flokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei underi dei hadde set, og kvad:Select Luke 19:37

38«Velsigna vere kongen som kjem i Herrens namn! Fred i himmelen og æra i det høgste!»Select Luke 19:38

39Nokre farisæarar som var med i folkehopen, sagde til han: «Meister, tala til læresveinarne dine!»Select Luke 19:39

40Då svara han: «Eg segjer dykk: Dersom desse tegjer, so skal steinarne ropa.»Select Luke 19:40

41Då han kom næmare og såg byen, gret han yver honom og sagde:Select Luke 19:41

42«Hadde du berre visst, um ikkje fyrr enn i dag, kva som tener til di velferd! Men no er det dult for augo dine.Select Luke 19:42

43For det skal koma ei tid for deg då fiendarne kastar upp ein voll um deg og kringset deg og trengjer deg frå alle kantar,Select Luke 19:43

44og støyter deg ned i grunnen, og borni dine med deg, og ikkje let det liggja att stein på stein i deg, for di du ikkje skyna di gjestings tid.»Select Luke 19:44

45Då han kom inn i templet, tok han til å driva ut deim som handla der,Select Luke 19:45

46og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal vera eit bønehus,» men de hev gjort det til eit røvarbol.»Select Luke 19:46

47Sidan lærde han dagstødt i templet. Øvsteprestarne og dei skriftlærde var trådde etter å få rudt honom or vegen, og so gjorde dei fyrste mennerne i folket,Select Luke 19:47

48men dei kunde ikkje finna ut korleis dei skulde bera seg åt med det; for heile folket hekk ved honom og lydde på honom.Select Luke 19:48

Next: Luke 20Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.