Luke 20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Som han no ein dag lærde folket i templet og bar fram fagnadbodet, steig øvsteprestarne og dei skriftlærde upp, i hop med styresmennerne,Select Luke 20:1
2og dei tala soleis til honom: «Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg retten?»Select Luke 20:2
3«Eg vil og spyrja dykk um ein ting,» svara han: «Seg de meg:Select Luke 20:3
4Var dåpen åt Johannes frå himmelen, eller var det menneskjeverk?Select Luke 20:4
5Då slo dei yver med seg sjølve og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom ikkje?»Select Luke 20:5
6og svarar me: «Det var menneskjeverk,» so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.»Select Luke 20:6
7So svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå.»Select Luke 20:7
8«Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.Select Luke 20:8
9So tok han til å tala til folket og sagde deim ei likning: «Det var ein gong ein mann som stelte til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte i lang æva.Select Luke 20:9
10Då rette tidi kom, sende han ein av sveinarne sine til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva honom noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende honom burt att med tome hender.Select Luke 20:10
11So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde honom og sende honom burt att med henderne tome.Select Luke 20:11
12Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo honom til blods og kasta honom ut.Select Luke 20:12
13«Kva skal eg no gjera?» sagde han som åtte vingarden. «Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for honom!»Select Luke 20:13
14Men då brukarane fekk sjå honom, lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!»Select Luke 20:14
15So kasta dei honom ut or vingarden og slo honom i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med deim?Select Luke 20:15
16Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden.» Då dei høyrde det, sagde dei: «Slikt må aldri henda!»Select Luke 20:16
17Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?»Select Luke 20:17
18Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.»Select Luke 20:18
19Dei skriftlærde og øvsteprestarne vilde ha lagt hand på honom i same stund, men dei torde ikkje for folket; dei skyna at det var deim han meinte med likningi si.Select Luke 20:19
20So gjætte dei på honom og sende folk ut som skulde lura på honom og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga honom i ord, og so gjeva honom yver til styremagti og i henderne på landshovdingen.Select Luke 20:20
21Dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: «Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer Guds veg etter sanningi -Select Luke 20:21
22er det rett at me legg skatt til keisaren, eller er det ikkje?»Select Luke 20:22
23Men han gådde listi deira og sagde til deim:Select Luke 20:23
24«Syn meg ein sylvmynt! Kva bilæte og namn er det han hev?» «Det er keisarens,» svara dei.Select Luke 20:24
25«Vel,» sagde han til deim, «gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»Select Luke 20:25
26Soleis kunde dei ikkje fanga honom i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans og tagde.Select Luke 20:26
27So kom det nokre sadducæarar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for honom og sagde:Select Luke 20:27
28«Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.Select Luke 20:28
29No var det ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona, men døydde barnlaus.Select Luke 20:29
30So gifte den andre seg med henne,Select Luke 20:30
31og so den tridje, og sameleis alle sju; dei døydde og hadde ikkje born etter seg.Select Luke 20:31
32Til slutt døydde kona og.Select Luke 20:32
33Kven av deim skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona.»Select Luke 20:33
34Jesus svara: «Dei som liver her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte;Select Luke 20:34
35men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte;Select Luke 20:35
36dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv.Select Luke 20:36
37Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.Select Luke 20:37
38Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande; for alle er livande for honom.»Select Luke 20:38
39Då tok nokre skriftlærde til ords og sagde: «No tala du vel, meister.»Select Luke 20:39
40Og dei torde ikkje oftare spyrja honom um noko.Select Luke 20:40
41So sagde han til deim: «Korleis kann dei segja at Messias er Davids son?Select Luke 20:41
42David segjer då sjølv i Salmeboki: «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi,Select Luke 20:42
43til eg dine fiendar fær til fotbenk for deg lagt!»»Select Luke 20:43
44So kallar no David honom herre; korleis kann han då vera son hans?»Select Luke 20:44
45Sidan tala han til læresveinarne og sagde so heile folket høyrde det:Select Luke 20:45
46«Agta dykk for dei skriftlærde som likar å ganga ikring i side kjolar og gjerne vil helsast torgi og hava dei fremste sessarne i synagogorne og dei høgste sæti i gjestebod!Select Luke 20:46
47dei som et upp huset for enkjor og for ei syn skuld held lange bøner. Dei skal få so mykje strengare dom.»Select Luke 20:47
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation