Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 21

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då han såg upp, vart han var at dei rike lagde gåvorne sine i templekista;Select Luke 21:1

2og han vart var ei armodsleg enkja, som lagde tvo skjervar.Select Luke 21:2

3Då sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn dei alle.Select Luke 21:3

4For det som desse gav, det gav dei alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd - gav alt ho hadde til å livberga seg med.»Select Luke 21:4

5Det var nokre som tala um templet, at det var prydt med fagre steinar og vigde gåvor. Då sagde han:Select Luke 21:5

6«Dette som de skodar, um det skal de vita at det vil koma ei tid då her ikkje vert liggjande stein på stein, som ikkje skal rivast laus.»Select Luke 21:6

7«Når skal då dette ganga fyre seg, meister,» spurde dei, «og kva er merket på at den tidi lid nær?»Select Luke 21:7

8Då svara han: Sjå dykk fyre, so ingen fær ført dykk på villstig! For mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og: «Det lid innpå tidi. Fylg ikkje etter deim!Select Luke 21:8

9Og når de høyrer um ufred og upprør, so vert ikkje fælne! For fyrst lyt det henda; men enden kjem ikkje straks.»Select Luke 21:9

10So sagde han til deim: «Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike;Select Luke 21:10

11store jordskjelvar skal koma, og uår og sott kring i landi; og det skal syna seg skræmor og store teikn frå himmelen.Select Luke 21:11

12Men fyrr alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk og draga dykk inn i synagogor og fangehus; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.Select Luke 21:12

13Då skal de koma til å vitna.Select Luke 21:13

14Legg dykk då på minne at de ikkje fyreåt tarv tenkja på korleis de skal svara for dykk!Select Luke 21:14

15Eg skal gjeva dykk munn og visdom, som ingen av motmennerne dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot.Select Luke 21:15

16Jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk og valda sume av dykk dauden,Select Luke 21:16

17og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.Select Luke 21:17

18Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast.Select Luke 21:18

19Haldt ut, so skal de vinna sjælerne dykkar!Select Luke 21:19

20Når de ser at stridsherar kringset Jerusalem, då skal de vita at det ikkje er lenge fyrr han vert lagd i øyde.Select Luke 21:20

21Då lyt dei som er i Judaland røma til fjells; dei som er inni byen, lyt flytja ut, og dei som er utpå landet, må ikkje koma inn.Select Luke 21:21

22For dette er hemnardagarne; då skal det ganga fram alt det som stend skrive.Select Luke 21:22

23Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagarne! For det skal vera stor naud i landet og vreide yver dette folket.Select Luke 21:23

24Dei skal falla for sverdseggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningarne trøda under fot, til heidningtidi er ute.Select Luke 21:24

25Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa, når havet og brotsjøarne dyn.Select Luke 21:25

26Folk skal uvita av rædsla og gru for det som kjem yver mannaheimen; for himmelkrafterne skal skakast.Select Luke 21:26

27Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom.Select Luke 21:27

28Men når dette tek til å henda, då rett dykk upp, og lyft hovudet! for det lid mot utløysingi dykkar.»Select Luke 21:28

29So sagde han deim ei likning: «Sjå på fiketreet og alle andre tre!Select Luke 21:29

30So snart de ser dei hev sprotte, då veit de av dykk sjølve at no er sumaren nær.Select Luke 21:30

31Soleis når de ser dette hender, då veit de at Guds rike er nær.Select Luke 21:31

32Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt saman hev hendt.Select Luke 21:32

33Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.Select Luke 21:33

34Gjev agt på dykk sjølve, at de aldri let hjarta tyngjast av rus og ovdrykk og verdsleg sut, so den dagen kjem uventande på dykk!Select Luke 21:34

35For som eit fuglenet skal han skal koma yver alle som bur kring i vidande verdi.Select Luke 21:35

36Vak kvar tid og stund, og bed at de kann få styrk til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskjesonen!»Select Luke 21:36

37Um dagarne lærde han i templet; men um kveldarne gjekk han ut or byen og var natti yver på den åsen dei kallar Oljeberget.Select Luke 21:37

38Og alt folket kom tidleg um morgonen til honom i templet og lydde på honom.Select Luke 21:38

Next: Luke 22Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.