Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 24

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Men den fyrste dagen i vika, tidleg i otta, kom dei til gravi, og hadde med seg kryddorne som dei hadde laga til.Select Luke 24:1

2Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå gravi;Select Luke 24:2

3dei gjekk inn, men fann ikkje likamen åt Herren Jesus.Select Luke 24:3

4Dei visste ikkje kva dei skulde tenkja um dette; då stod det med ein gong tvo menner i skinande klæde innmed deim,Select Luke 24:4

5og med dei fulle av otte stirde nedfyre seg, sagde mennerne til deim: «Kvi leitar de etter den livande millom dei daude?Select Luke 24:5

6Han er ikkje her; han hev stade upp att. Kom i hug kva han sagde med dykk då han endå var i Galilæa,Select Luke 24:6

7at Menneskjesonen skulde gjevast i henderne på synduge menneskje og krossfestast, og standa upp att tridje dagen!»Select Luke 24:7

8Då kom dei i hug ordi hans,Select Luke 24:8

9og dei gjekk burt att frå gravi, og fortalde alt dette til dei elleve og alle dei andre.Select Luke 24:9

10Det var Maria Magdalena og Johanna og Jakobs-Maria og dei hine kvinnorne i fylgjet deira - dei sagde dette med apostlarne;Select Luke 24:10

11men dei tenkte det var noko vas dei for med, og trudde deim ikkje.Select Luke 24:11

12Peter sprang like vel av stad til gravi, og då han lutte seg ned, såg han ikkje anna enn likklædi; so gjekk han burt att, og undrast med seg yver det som var hendt.Select Luke 24:12

13Same dagen gjekk tvo av deim utetter til ein liten by som heiter Emmaus, og ligg ei mil frå Jerusalem,Select Luke 24:13

14og på vegen tala dei med einannan um alt det som nyst hadde hendt.Select Luke 24:14

15Med dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med deim;Select Luke 24:15

16men augo deira var fjetra, so dei kjende honom ikkje.Select Luke 24:16

17«Kva er det for ting de røder so um, med de gjeng etter vegen?» spurde han. Då stana dei, og det var sjåande til at dei sturde.Select Luke 24:17

18Og den eine av deim - han heitte Kleopas - tok til ords og sagde til honom: «Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagarne!»Select Luke 24:18

19«Kva for noko?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei, «han som var ein profet, megtig i gjerning og ord for Gud og alt folket,Select Luke 24:19

20korleis øvsteprestarne og rådsherrarne våre fekk dømt honom frå livet og krossfeste honom.Select Luke 24:20

21Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg.Select Luke 24:21

22Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi,Select Luke 24:22

23og fann ikkje likamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set ei syn av englar, og at englarne hadde sagt at han liver.Select Luke 24:23

24Nokre av felagerne våre gjekk då ut til gravi, og fann det heiltupp so som kvinnorne hadde sagt, men honom såg dei ikkje.»Select Luke 24:24

25«Å, for uvituge de er,» svara han, «og for seinhuga til å tru alt det som profetarne hev tale!Select Luke 24:25

26Laut ikkje Messias lida dette, fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?»Select Luke 24:26

27So tok han til frå Moses og alle profetarne, og i alle skrifterne lagde han ut for deim det som er sagt um honom der.Select Luke 24:27

28Då dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger.Select Luke 24:28

29Men dei nøydde honom og sagde: «Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar.» So gjekk han inn og var hjå deim.Select Luke 24:29

30Som han no sat til bords med deim, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav deim.Select Luke 24:30

31Då vart augo deira upplatne, so dei kjende honom att; men i det same kvarv han burt for augo deira.Select Luke 24:31

32Då sagde dei med einannan: «Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han lagde ut skrifterne åt oss?»Select Luke 24:32

33Og dei tok ut i same stund, og gjekk attende til Jerusalem. Dei fann dei elleve og felagarne deira samla, og dei sagde:Select Luke 24:33

34«Herren hev sanneleg stade upp att, og hev synt seg for Simon.»Select Luke 24:34

35Og sjølve fortalde dei um det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent honom då han braut brødet.Select Luke 24:35

36Best dei tala um dette, stod han sjølv midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»Select Luke 24:36

37Dei kvakk og vart rædde, og trudde det var ei ånd dei såg.Select Luke 24:37

38Då sagde han til deim: «Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar?Select Luke 24:38

39Sjå henderne og føterne mine, at det er eg sjølv! Kjenn på meg og sjå! Ei ånd hev då ’kje kjøt og bein, som de ser eg hev.»Select Luke 24:39

40Då han hadde sagt det, synte han deim henderne og føterne sine.Select Luke 24:40

41Då dei endå ikkje kunde tru for gleda, men berre undra seg, sagde han: «Hev de noko etande her?»Select Luke 24:41

42Dei gav han eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka,Select Luke 24:42

43og han tok det og åt det for augo deira.Select Luke 24:43

44So sagde han til deim: «Dette var det eg tala til dykk um då eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Moselovi og profetarne og salmarne, laut sannast.»Select Luke 24:44

45So let han upp for tankarne deira, so dei kunde skyna skrifterne.Select Luke 24:45

46«So stend skrive,» sagde han, «at Messias skal lida og standa upp frå dei daude tridje dagen,Select Luke 24:46

47og i hans namn skal umvending og syndeforlating ropast ut for alle folkeslag; frå Jerusalem skal det ganga ut.Select Luke 24:47

48De skal sjølve vitna um dette.Select Luke 24:48

49Og no vil eg senda yver dykk det som far min hev lova; men de skal halda dykk rolege i byen, til de vert budde med kraft frå det høge.»Select Luke 24:49

50Sidan tok han deim med seg ut or byen, til burt imot Betania, og han lyfte upp henderne og velsigna deim.Select Luke 24:50

51Og med han lyste velsigningi, skildest han frå deim og for upp til himmelen.Select Luke 24:51

52Og dei kasta seg på kne og tilbad honom. So gjekk dei attende til Jerusalem i stor gleda,Select Luke 24:52

53og sidan var dei allstødt i templet og lova og prisa Gud.Select Luke 24:53

Next: John 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.