Skip to content
Church.wiki
Luke

Luke 3

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1I det femtande styringsåret åt keisar Tiberius, med Pontius Pilatus var landshovding i Judæa, og Herodes fylkeskonge i Galilæa, og Filip, bror hans, fylkeskonge i Ituræa- og Trakonitis-landet, og Lysanias fylkeskonge i Abilene,Select Luke 3:1

2og med Annas og Kajafas var øvsteprestar, kom Guds ord til Johannes, son åt Zakarja, i øydemarki.Select Luke 3:2

3Då for han kring i heile Jordan-kverven, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne,Select Luke 3:3

4som skrive stend i spådomsboki åt Jesaja, profeten: «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen for Herren, jamne stigarne hans!Select Luke 3:4

5Kvart djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; beint skal det verta det som krokut var, staupute vegen han skal verta slett,Select Luke 3:5

6og kvart eit liv Guds frelsa skoda skal.»»Select Luke 3:6

7Som no folket kom ut og vilde få honom til å døypa seg, sagde han til deim: «Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma?Select Luke 3:7

8Ber då frukter som høver med umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne.Select Luke 3:8

9Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.»Select Luke 3:9

10«Kva skal me då gjera?» spurde folket.Select Luke 3:10

11Han svara deim: «Den som hev tvo trøyor, skal skifta med den som ingi hev, og den som hev mat, skal gjera sameleis.»Select Luke 3:11

12Det kom og nokre tollmenner som vilde døypast, og sagde: «Meister, kva skal me gjera?»Select Luke 3:12

13«Krev ikkje meir enn de er fyresagde!» svara han.Select Luke 3:13

14Like eins var det nokre hermenner som spurde honom: «Kva skal då me gjera?» Då svara han: «De skal ikkje plåga folk eller truga pengar utav deim! De skal nøgja dykk med løni dykkar!»Select Luke 3:14

15Men folket gjekk i venting, og alle tenkte um Johannes: «Tru han er Messias?»Select Luke 3:15

16Då tok han til ords og sagde til alle: «Eg døyper dykk med vatn; men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.Select Luke 3:16

17Han hev kasteskovli i handi, og skal gjera av låven sin, og samla kornet i stabburet sitt; men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.»Select Luke 3:17

18Dette og mykje anna lagde han folket på hjarta, og kunngjorde evangeliet åt deim.Select Luke 3:18

19Men då han tala til Herodes, fylkeskongen, for giftarmålet med Herodias, brorkona hans, og for alt det vonde han hadde gjort,Select Luke 3:19

20so gjorde Herodes det og attpå alt, at han sette Johannes i fengsel.Select Luke 3:20

21Då no alt folket vart døypt, og Jesus og var døypt, då hende det, med han bad, at himmelen opna seg,Select Luke 3:21

22og den Heilage Ande dala ned yver honom i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.»Select Luke 3:22

23Jesus var um lag tretti år då han stod fram, og var, etter som dei meinte, son åt Josef, son åt Eli,Select Luke 3:23

24son åt Mattat, son åt Levi, son åt Melki, son åt Jannai, son åt Josef,Select Luke 3:24

25son åt Mattatias, son åt Amos, son åt Nahum, son åt Esli, son åt Naggai,Select Luke 3:25

26son åt Ma’at, son åt Mattatias, son åt Sime’i, son åt Josek, son åt Joda,Select Luke 3:26

27son åt Johanan, son åt Resa, son åt Zerubbabel, son åt Salatiel, son åt Neri,Select Luke 3:27

28son åt Melki, son åt Addi, son åt Kosam, son åt Elmadam, son åt Er,Select Luke 3:28

29son åt Josva, son åt Eliezer, son åt Jorim, son åt Mattat, son åt Levi,Select Luke 3:29

30son åt Simeon, son åt Juda, son åt Josef, son åt Jonam, son åt Eljakim,Select Luke 3:30

31son åt Melea, son åt Menna, son åt Mattata, son åt Natan, son åt David,Select Luke 3:31

32son åt Isai, son åt Obed, son åt Boaz, son åt Salmon, son åt Nahson,Select Luke 3:32

33son åt Amminadab, son åt Ram, son åt Hesron, son åt Peres, son åt Juda,Select Luke 3:33

34son åt Jakob, son åt Isak, son åt Abraham, son åt Tarah, son åt Nahor,Select Luke 3:34

35son åt Serug, son åt Re’u, son åt Peleg, son åt Eber, son åt Salah,Select Luke 3:35

36son åt Kenan, son åt Arpaksad, son åt Sem, son åt Noah, son åt Lamek,Select Luke 3:36

37son åt Metusalah, son åt Enok, son åt Jared, son åt Malalael, son åt Kenan,Select Luke 3:37

38son åt Enos, son åt Set, son åt Adam, Guds son.Select Luke 3:38

Next: Luke 4Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Luke

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.