Luke 4
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Full av den Heilage Ande vende Jesus att ifrå Jordan, og Anden dreiv honom kring i øydemarkiSelect Luke 4:1
2i fyrti dagar, alt med han vart freista av djevelen. I dei dagarne åt han ingen ting, og då dei var lidne, kjende han seg svolten.Select Luke 4:2
3Då sagde djevelen til honom: «Er du Guds Son, so seg til denne steinen at han skal verta brød.»Select Luke 4:3
4Jesus svara honom so: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart eit Guds ord.»»Select Luke 4:4
5So førde djevelen honom upp på eit høgt fjell, og synte honom alle heimsens rike i ein augneblink,Select Luke 4:5
6og sagde til honom: «Deg vil eg gjeva magt yver alt dette og alt gjævt og gildt som finst i desse riki; for det er lagt i mi hand, og eg gjev det åt kven eg vil;Select Luke 4:6
7fell du no på kne og tilbed meg, so skal det vera ditt alt saman.»Select Luke 4:7
8Men Jesus svara: «Det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena!»»Select Luke 4:8
9So førde djevelen honom til Jerusalem, og sette honom ytst på tempeltaket og sagde til honom: «Er du Guds son, so kasta deg ned herifrå!Select Luke 4:9
10For det stend skrive: «Han englarne sine bjoda skal at dei tek vare på deg vel,»Select Luke 4:10
11og: «På hender dei deg bera skal, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»Select Luke 4:11
12Då svara Jesus: «Det er sagt: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»Select Luke 4:12
13Då djevelen soleis hadde freista honom på alle vis, gjekk han ifrå honom, og let honom vera i fred ei tid.Select Luke 4:13
14So for Jesus attende til Galilæa, fyllt av den krafti som Anden gav honom, og ordet um honom kom ut yver alle bygderne der ikring.Select Luke 4:14
15Han lærde i synagogorne deira, og alle rosa honom.Select Luke 4:15
16Soleis kom han og ein gong til Nasaret, der han var uppalen, og gjekk inn i synagoga på kviledagen, som han var van med; han reiste seg og vilde lesa åt deim,Select Luke 4:16
17og dei gav honom boki åt profeten Jesaja. Då han slo henne upp, fann han den staden der det stend:Select Luke 4:17
18«Ja, Herrens Ånd er yver meg, for han hev salva meg te bera ut eit fagnadbod åt fatige; sendt hev han meg te ropa ut for fangar fridoms dag og lova blinde augneljoset klårt, te løysa deim som trælka er, or tvang,Select Luke 4:18
19Te lysa ut eit hugnads-år frå Herren.»Select Luke 4:19
20Då han hadde late att boki og gjeve henne til tenaren, sette han seg, og alle som i synagoga var, heldt augo sine feste på honom.Select Luke 4:20
21So tok han til ords og byrja soleis: «I dag hev dette skriftordet sannast, som de sjølve kann høyra.»Select Luke 4:21
22Og alle let vel um honom, og undra seg yver dei ovfagre ordi som kom frå hans munn. «Er ’kje dette son åt Josef?» sagde dei.Select Luke 4:22
23Då sagde han til deim: «De vil visst segja med meg som det stend i ordtøket: «Lækjar, læk deg sjølv! Me hev høyrt um alt det som er gjort i Kapernaum - gjer no like eins her i fødesheimen din!»Select Luke 4:23
24Men eg segjer dykk for sant,» heldt han fram: «Ingen profet er velkomen i heimbygdi si.Select Luke 4:24
25Og det segjer eg dykk med sannom: Det var mange enkjor i Israel i Elias’ dagar, då himmelen var stengd i tri år og seks månader, so det vart stor svolt og naud i heile landet,Select Luke 4:25
26og endå vart ’kje Elias send til nokor av deim, men berre til Sarepta i Sidonarlandet, til ei enkja der.Select Luke 4:26
27Og det var mange spilte i Israel den tid profeten Elisa livde, og endå vart ingen av deim rein att, men berre Na’aman, syraren.»Select Luke 4:27
28Då dei i synagoga høyrde det, vart dei alle brennande harme.Select Luke 4:28
29Dei for upp og dreiv honom ut or byen og førde honom burt på bruni av det fjellet som byen deira var bygd på; der vilde dei støyta honom utyver.Select Luke 4:29
30Men han gjekk midt igjenom flokken og for sin veg.Select Luke 4:30
31So kom han ned til Kapernaum, ein by i Galilæa. Der lærde han folket på kviledagen;Select Luke 4:31
32og dei var reint tekne av det han lærde deim, for det var magt i talen hans.Select Luke 4:32
33I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa so høgt han kunde:Select Luke 4:33
34«Hu! Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende på oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud!»Select Luke 4:34
35Jesus truga den vonde åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!» So kasta åndi honom ned på jordi midt ibland deim og for ut or honom, men skadde honom ikkje.Select Luke 4:35
36Då kom det ein otte yver alle, og dei sagde seg imillom: «Kva er dette for ord? Med mynd og magt talar han til dei ureine ånderne, og dei fer ut!»Select Luke 4:36
37Og det gjekk gjetordet av honom utyver alle bygderne der ikring.Select Luke 4:37
38So tok han ut frå synagoga, og gjekk heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde sterke hiteflagor, og dei bad han vilde hjelpa henne.Select Luke 4:38
39Han gjekk innåt, og stod uppyver henne og truga sotti; då slepte sotti henne, og straks reis ho upp og stelte for deim.Select Luke 4:39
40Då soli gladde, kom alle til honom med sine sjuke, kva sjukdom dei so drogst med, og han lagde henderne på kvar ein av deim og lækte deim.Select Luke 4:40
41Mange for det og vonde ånder utor, og dei hua og ropa: «Du er Guds son!» Men han truga deim og gav deim ikkje lov til å tala, av di dei visste han var Messias.Select Luke 4:41
42Då det vart dag, drog han ut og for til ein øydestad. Folket leita etter honom, og då dei kom dit han var, freista dei å halda honom att, so han ikkje skulde ganga frå deim.Select Luke 4:42
43Då sagde han til deim: «Eg lyt bera ut fagnadbodet um Guds rike til dei andre byarne og; for det vart eg send for.»Select Luke 4:43
44Og han heldt ved og tala ordet i synagogorne i Galilæa.Select Luke 4:44
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation