Mark 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Upphavet til evangeliet um Jesus Kristus, Guds Son.Select Mark 1:1
2Hjå Jesaja, profeten, stend det skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; Der du vil fara, skal han vegen rydja» -Select Mark 1:2
3«Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen åt Herren, jamna stigarne hans!»»Select Mark 1:3
4Soleis stod Johannes, døyparen, fram i øydemarki, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne.Select Mark 1:4
5Og heile Judaland kom ut til honom, og alt Jerusalems-folket, og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine.Select Mark 1:5
6Johannes var klædd i kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og det han åt, var grashoppar og villhonning.Select Mark 1:6
7Og han tala til folket og sagde: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg; eg er ’kje verdig å bøygja meg ned og løysa skobandet hans.Select Mark 1:7
8Eg hev døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med den Heilage Ande.»Select Mark 1:8
9I dei dagarne hende det, at Jesus kom frå Nasaret i Galilæa og vart døypt i Jordan av Johannes.Select Mark 1:9
10Og med det same han steig upp or vatnet, såg han korleis himmelen opna seg, og Anden dala ned til honom som ei duva.Select Mark 1:10
11Og frå himmelen kom det ei røyst: «Du er Son min, som eg elskar! Deg hev eg hugnad i!»Select Mark 1:11
12Og straks dreiv Anden honom ut i øydemarki;Select Mark 1:12
13og han var i øydemarki i fyrti dagar og vart freista av Satan, og heldt til millom villdyri, og englarne tente han.Select Mark 1:13
14Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilæa og kunngjorde evangeliet frå GudSelect Mark 1:14
15og sagde: «Tidi er fullkomi, og Guds rike er nær! Vend um og tru på evangeliet!»Select Mark 1:15
16Då han ein gong for frammed Galilæasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans; dei var åt og sette garn i sjøen, for dei var fiskarar.Select Mark 1:16
17Han sagde til deim: «Kom og fylg meg, so skal eg setja dykk til å vera menneskje-fiskarar!»Select Mark 1:17
18Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.Select Mark 1:18
19Då han kom litt lenger fram, såg han Jakob, son åt Sebædeus, og Johannes, bror hans; dei var og i båten sin og greidde garni.Select Mark 1:19
20Og med ein gong kalla han deim, og dei gav seg med honom, og let far sin, Sebedæus, vera att i båten med leigefolket.Select Mark 1:20
21So kom dei til Kapernaum, og fyrste kviledag gjekk han inn i synagoga og lærde folket.Select Mark 1:21
22Og dei var reint upp i under yver læra hans; for han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som dei skriftlærde.Select Mark 1:22
23Den gongen var det der i lyden ein mann med ei urein ånd; han sette i og ropa:Select Mark 1:23
24«Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud.»Select Mark 1:24
25Jesus truga den ureine åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!»Select Mark 1:25
26Då reiv ho og sleit i honom og ill-hua, og for ut or honom.Select Mark 1:26
27Og alle vart forfærde og spurde seg imillom: «Kva er dette? Ei ny og ageleg læra! Jamvel dei ureine ånderne lyt lystra, når han talar til deim!»Select Mark 1:27
28Og gjetordet um honom for straks yver alle Galilæa-bygderne derikring.Select Mark 1:28
29Frå synagoga gjekk dei beint heim til Simon og Andreas, i lag med Jakob og Johannes.Select Mark 1:29
30Vermor åt Simon låg sjuk og hadde hiteflagor, og dei tala straks til Jesus um henne.Select Mark 1:30
31Han gjekk burt til henne og tok henne i handi og reiste henne upp. Då slepte sotti henne, og ho tok til å stella for deim.Select Mark 1:31
32Då det vart kveld, og soli var gladd, kom dei til honom med alle som hadde vondt eller var forgjorde,Select Mark 1:32
33og heile byen hadde samla seg utfor døri.Select Mark 1:33
34Og han lækte mange som drogst med ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder, men han let ’kje ånderne få lov til å tala, av di dei kjende honom.Select Mark 1:34
35I otta, fyrr det vart dag, reis han upp og gjekk ut og burt til ein øydestad; der heldt han bøn.Select Mark 1:35
36Simon og dei som var med honom, skunda seg etter honom,Select Mark 1:36
37og då dei fann honom, sagde dei til honom: «Alle leitar etter deg!»Select Mark 1:37
38Men Jesus svara: «Lat oss fara til ein annan stad, til grenderne her innmed, so eg kann få tala for folket der og; for det var det eg gjekk ut for.»Select Mark 1:38
39So gjekk han kring i heile Galilæa og tala i synagogorne deira og dreiv dei vonde ånderne ut.Select Mark 1:39
40Ein som hadde spillsykja kom og fall på kne for honom og bad: «Dersom du vil, kann du gjera meg rein!»Select Mark 1:40
41Jesus tykte vondt um honom, og rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; vert rein!»Select Mark 1:41
42Og med ein gong gjekk spillsykja av honom, og han vart rein.Select Mark 1:42
43Jesus tala strengt til honom, og bad honom ganga sin veg straks.Select Mark 1:43
44«Agta deg at du ikkje segjer dette med nokon,» sagde han, «men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret for reinsingi di som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim!»Select Mark 1:44
45Men mannen var ’kje fyrr komen ut, fyrr han tok til å tala mykje um det og bera det utyver, so Jesus ikkje lenger kunde ganga berrsynt inn i nokon by; han heldt seg utanfor, på øydestader, og der kom dei til honom frå alle kantar.Select Mark 1:45
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation