Skip to content
Church.wiki
Mark

Mark 13

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då han gjekk ut or templet, sagde ein av læresveinarne til honom: «Meister, sjå for steinar og for bygningar!»Select Mark 13:1

2«Ja, ser du desse store bygningarne!» svara Jesus. «Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast laus.»Select Mark 13:2

3Sidan, då han sat på Oljeberget midt imot templet, og det ikkje var nokon innmed, kom Peter og Jakob og Johannes og Andreas og spurde honom:Select Mark 13:3

4«Seg oss: Når skal dette henda, og kva er teiknet me fær når alt dette er åt og skal koma?»Select Mark 13:4

5Då tok Jesus soleis til ords: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!Select Mark 13:5

6Mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og føra mange på avveg.Select Mark 13:6

7Men når de høyrer um ufred og tidend um ufred, so vert ikkje rædde! Dette lyt henda; men enden kjem ikkje endå.Select Mark 13:7

8Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike; det skal vera jordskjelv kring i landi, det skal vera uår og upprør. Det er det fyrste av føderiderne.Select Mark 13:8

9Men sjå dykk fyre! Dei kjem til å draga dykk for domstolarne og piska dykk i synagogorne, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, so de kann vitna for deim.Select Mark 13:9

10Og fyrst lyt evangeliet berast ut til alle folkeslag.Select Mark 13:10

11Men når dei fører dykk burt og gjev dykk yver til retten, so syt ikkje for kva de skal tala! Det som vert gjeve dykk i same stundi, det skal de tala; for det er ikkje de som talar, men den Heilage Ande.Select Mark 13:11

12Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy.Select Mark 13:12

13Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld; men den som held ut til endes, han skal verta frelst.Select Mark 13:13

14Men når de ser at den øydande styggedomen stend der han ikkje skulde» - agte vel på dette, du som les! - «då lyt dei som er i Judaland røma til fjells;Select Mark 13:14

15den som er uppå taket, må ikkje stiga ned, og ikkje ganga inn og henta noko i huset sitt,Select Mark 13:15

16og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim etter kjolen sin!Select Mark 13:16

17Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne!Select Mark 13:17

18Men bed at dette ikkje må henda um vinteren!Select Mark 13:18

19For den tidi skal vera so hard at det aldri hev vore so hard ei tid frå upphavet åt skaparverket som Gud hev gjort, og til no, og vert ikkje sidan heller.Select Mark 13:19

20Og gjorde ’kje Herren den tidi stutt, so vart ’kje eit liv berga; men for deira skuld som han valde seg ut, hev han gjort den tidi stutt.Select Mark 13:20

21Um nokon då segjer med dykk: «Sjå her er Messias - Sjå der!» so må de ikkje tru det!Select Mark 13:21

22For falske Messias’ar skal standa fram, og falske profetar, og gjera teikn og under for å forvilla dei utvalde, um det er råd.Select Mark 13:22

23So sjå dykk fyre! Eg hev sagt dykk alt fyreåt.Select Mark 13:23

24Men i dei dagarne, etter denne harde tidi, skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos;Select Mark 13:24

25stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast.Select Mark 13:25

26Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med stort velde og herlegdom,Select Mark 13:26

27og då skal han senda ut englarne, og samla dei utvalde frå heimsens fire hyrno, frå ytste enden av jordi til ytste enden av himmelen.Select Mark 13:27

28Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet sprett, då veit de at sumaren er nær.Select Mark 13:28

29Like eins når de ser dette hender, då veit de at han er utfor døri.Select Mark 13:29

30Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.Select Mark 13:30

31Himmel og jord skal forgangast; men mine ord skal ikkje forgangast.Select Mark 13:31

32Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen, og ikkje Sonen - ingen utan Faderen.Select Mark 13:32

33Sjå dykk fyre, og vak! For de veit ikkje når tidi kjem.Select Mark 13:33

34Det er liksom med ein mann som drog utanlands. Då han for heimantil, sette han sveinarne sine til å styra for seg. Kvar fekk sitt å gjera, og til portnaren sagde han at han laut vaka.Select Mark 13:34

35So vak då! For de veit ’kje når husbonden kjem - um kvelden, eller midnattsbil, eller i otta, eller i dagrenningi.Select Mark 13:35

36Lat honom ikkje finna dykk sovande, um han skulde koma uventande på dykk!Select Mark 13:36

37Men det eg segjer dykk, det segjer eg alle: Ver vakne!»Select Mark 13:37

Next: Mark 14Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Mark

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.