Mark 7
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Farisæarane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg ein gong kring Jesus.Select Mark 7:1
2For dei hadde set at nokre av læresveinarne hans åt maten sin med ureine - dei meinte: utvegne hender;Select Mark 7:2
3og farisæarane og alle jødar tvær alltid henderne vel fyrr dei et; det er ein skikk dei hev frå dei gamle, og den held dei seg etter;Select Mark 7:3
4og når dei kjem frå torget, et dei ikkje fyrr dei hev skvett vatn yver seg; og mykje anna er det som hev vorte sed og skikk hjå deim, som å skylja koppar og krus og koparkjelar og benkjer.Select Mark 7:4
5So kom då farisæarane og dei skriftlærde og spurde honom: «Kvi fylgjer ikkje læresveinarne dine dei skikkarne me hev frå dei gamle, men et maten sin med ureine hender?»Select Mark 7:5
6Han svara: «Jesaja spådde sant um dykk, de hyklarar, som det stend skrive: «Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, Men hugen deira han er langt ifrå meg.Select Mark 7:6
7D’er liten mun i at dei meg vil æra, Når det dei lærer folk er mannebod.»Select Mark 7:7
8De ansar ikkje Guds bod, men held dykk etter menneskjelærdom.Select Mark 7:8
9Å jau, det er rett fint åtfare,» sagde han, «at de gjer Guds bod um inkje, so de kann fylgja skikkarne dykkar!Select Mark 7:9
10Moses hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!»Select Mark 7:10
11Men de segjer: «Når ein mann talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, skal vera ein korban» - det er: ei tempelgåva -Select Mark 7:11
12so let de honom ikkje lenger få lov til å gjera noko for foreldri sine.Select Mark 7:12
13Soleis gjer de Guds ord um inkje med skikkarne dykkar, som de hev lært folk. Og slikt gjer de mykje av.»Select Mark 7:13
14So kalla han folket til seg att og sagde med deim: «Høyr på meg alle, og tenk på det eg segjer!Select Mark 7:14
15Det finst ingen ting utanfor menneskjet som kann gjera honom urein um det kjem inn i honom; men det som kjem ut or menneskjet, det er det som gjer honom urein.Select Mark 7:15
16Høyr etter, kvar som høyra kann!»Select Mark 7:16
17Då han var komen inn og hadde skilst ifrå folket, spurde læresveinarne honom um dette ordtøket.Select Mark 7:17
18«Er de og so uvituge?» svara han. «Skynar de ’kje at det som kjem inn i menneskjet utantil, kann aldri gjera honom urein?Select Mark 7:18
19For det kjem ikkje inn i hjarta hans, men i buken, og fer ut der det skal; soleis vert all føda rein.Select Mark 7:19
20Men det som gjeng ut or menneskjet,» sagde han, «det gjer honom urein.Select Mark 7:20
21For innantil, or menneskjehjarta, kjem dei vonde tankarne: lauslivnad, tjuvskap, manndråp,Select Mark 7:21
22egteskapsbrot, girugskap, vondskap, svik, ukjurskap, ovund, gudsspotting, ovmod, vitløysa.Select Mark 7:22
23Alt dette vonde kjem innantil, og gjer menneskjet ureint.»Select Mark 7:23
24So tok han ut derifrå, og for burt til Tyrus-bygderne. Der gjekk han inn ein stad, og vilde ikkje nokon skulde vita det; men det kunde ikkje dyljast.Select Mark 7:24
25Ei kona hadde ei liti dotter som det var ei urein ånd i; då ho fekk høyra um honom, kom ho straks og kasta seg ned for føterne hans;Select Mark 7:25
26det var ei heidningkona, av syro-fønikisk ætt. Og ho bad at han vilde driva den vonde åndi ut or dotter hennar.Select Mark 7:26
27«Lat fyrst borni få eta seg mette!» svara han; «det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.»Select Mark 7:27
28«Jau, Herre,» svara ho; «små-hundarne et då og under bordet av smularne etter borni.»Select Mark 7:28
29Då sagde Jesus: «For det ordet skuld kann du ganga heim att; den vonde åndi hev fare ut or dotter di.»Select Mark 7:29
30Då ho so kom heim, fann ho barnet liggjande på sengi, og åndi hadde fare ut.Select Mark 7:30
31Då han tok ut att frå Tyrus-bygderne, for han um Sidon til Galilæasjøen, midt igjenom Dekapolis-bygdi.Select Mark 7:31
32Då kom dei til honom med ein som var dauv og godtsom mållaus, og bad han vilde leggja henderne på honom.Select Mark 7:32
33Jesus tok honom til sides, burt ifrå folkehopen, stakk fingrarne sine i øyro hans, og vætte tunga hans med råke av munnen sin.Select Mark 7:33
34So såg han upp imot himmelen og sukka, og sagde til honom: «Effata!» - det er: «Lat deg upp!»Select Mark 7:34
35Då vart øyro hans upplatne, bandet losna av tunga, og han tala klårt.Select Mark 7:35
36Jesus forbaud deim å segja det med nokon. Men di meir han forbaud det, di meir bar dei det utyver.Select Mark 7:36
37Dei var reint tekne og sagde: «Han hev gjort alt vel! dei dauve gjev han høyrsel, og dei mållause mæle.»Select Mark 7:37
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation