Skip to content
Church.wiki
Mark

Mark 8

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Ein gong ved det leitet var det atter mykje folk samla, og dei hadde ingen ting å eta. Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde:Select Mark 8:1

2«Eg ynkast yver folket! No hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og hev ingen ting å eta.Select Mark 8:2

3Let eg deim fara fastande heim att, so kjem dei til å ormegtast på vegen; og sume av dei hev kome lange vegar.»Select Mark 8:3

4«Kvar kann ein få brød frå til å metta alle desse, her i øydemarki?» svara læresveinarne.Select Mark 8:4

5«Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar,» sagde dei.Select Mark 8:5

6Då let han folket setja seg ned på marki, og han tok dei sju leivarne og takka og braut dei sund og gav deim til læresveinarne, so dei skulde setja deim fram; og dei sette deim fram for folket.Select Mark 8:6

7Og dei hadde nokre få små fiskar; deim velsigna han og, og sagde at dei skulde setja deim fram.Select Mark 8:7

8Då dei hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som låg att; det vart sju korger.Select Mark 8:8

9Og der var um lag fire tusund mann. So bad han farvel med deim.Select Mark 8:9

10Straks etter gjekk han i båten med læresveinarne sine og for til Dalmanuta-bygdi.Select Mark 8:10

11Dit kom farisæarane og, og dei tok til å ordkastast med honom, og kravde eit teikn frå himmelen av honom; for dei vilde freista honom.Select Mark 8:11

12Då sukka han av hjartans grunn og sagde: «Kvi krev denne ætti eit teikn? Det segjer eg dykk for sant: Aldri skal denne ætti få noko teikn!»Select Mark 8:12

13Dermed gjekk han ifrå deim og steig ut i båten att, og for yver sjøen.Select Mark 8:13

14Dei hadde gløymt å taka brød med seg; ein leiv var alt dei hadde med seg i båten.Select Mark 8:14

15So vara han deim åt og sagde: «Sjå dykk fyre, og agta dykk for surdeigen åt farisæarane og surdeigen åt Herodes!»Select Mark 8:15

16Då tala dei med kvarandre um at dei hadde ’kje brød.Select Mark 8:16

17Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi talar de um at de ikkje hev brød? Ser og skynar de endå ingen ting? Er de so tungnæme?Select Mark 8:17

18De hev augo, og ser ikkje! De hev øyro og høyrer ikkje! Kjem de då ikkje i hugSelect Mark 8:18

19den gongen eg bytte sund dei fem brødleivarne åt dei fem tusund - kor mange korger fulle av brødstykke sanka de i hop?» «Tolv,» svara dei.Select Mark 8:19

20«Og då eg bytte ut dei sju leivarne åt dei fire tusund, kor mange fulle brødkorger samla de då upp?» - «Sju,» svara dei.Select Mark 8:20

21Skynar de endå ingen ting? sagde han då.Select Mark 8:21

22So kom dei til Betsaida. Der leidde dei ein blind mann fram til honom, og bad at han vilde leggja henderne på honom.Select Mark 8:22

23Då tok han den blinde i handi, og leidde honom ut or grendi. So vætte han augo hans med råke av munnen sin, og lagde henderne på honom og spurde: «Ser du noko?»Select Mark 8:23

24Mannen såg upp og sagde: «Eg augnar folk som gjeng ikring; dei ser ut for meg som trestuvar.»Select Mark 8:24

25So lagde Jesus endå ein gong henderne på augo hans. Då braut syni hans fram; han vart god att og kunde skilja allting klårt.Select Mark 8:25

26Jesus sende honom heim att og sagde: «Gakk ikkje inn i grendi, og seg det ikkje til nokon i grendi!»Select Mark 8:26

27Sidan for Jesus og læresveinarne hans burt til grenderne kring Cæsarea Filippi. Og på vegen spurde han deim: «Kven segjer folk at eg er?»Select Mark 8:27

28«Johannes døyparen,» svara dei; og sume segjer: «Elia», andre: «Ein av profetarne.»Select Mark 8:28

29«Kven segjer då de at eg er?» spurde han. Då tok Peter til ords og sagde: «Du er Messias!»Select Mark 8:29

30Men det forbaud han deim strengt å segja med nokon.Select Mark 8:30

31So tok han til å læra deim at Menneskjesonen laut lida mykje, og at styresmennerne og dei øvsteprestarne og dei skriftlærde skulde skjota honom ifrå seg, og at han laut lata livet, men tri dagar etter skulde han standa upp att.Select Mark 8:31

32Og det sagde han med reine ord. Då tok Peter honom til sides og tok til å telja for honom.Select Mark 8:32

33Men han snudde seg, og då han såg læresveinarne sine, tala han strengt til Peter og sagde: «Burt frå augo mine, Satan! Du hev ingen tanke for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.»Select Mark 8:33

34So kalla han folket til seg saman med læresveinarne sine og sagde: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.Select Mark 8:34

35For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi og evangeliet skuld, han skal berga det.Select Mark 8:35

36Kva gagnar det eit menneskje å vinna heile verdi, men tapa sjæli si?Select Mark 8:36

37For kva kann menneskjet gjeva i byte for sjæli si?Select Mark 8:37

38For den som skjemmest ved meg og ordi mine i denne utrue og synduge ætti, honom skal og Menneskjesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin med dei heilage englarne.Select Mark 8:38

Next: Mark 9Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Mark

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.