Mark 9
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Det segjer eg dykk for sant,» sagde han: «Sume av deim som her stend, skal ikkje smaka dauden fyrr dei ser at Guds rike hev kome med velde.»Select Mark 9:1
2Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes med seg upp på eit høgt fjell; der var dei åleine for seg sjølve. Då vart han forklåra for augo deira,Select Mark 9:2
3og klædi hans vart skinande kvite, so ingen bleikjar i verdi kunde ha gjort deim so kvite.Select Mark 9:3
4Og Elia synte seg for deim saman med Moses; dei stod og tala med Jesus.Select Mark 9:4
5Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hytter, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia!»Select Mark 9:5
6Han visste ikkje kva han skulde segja; for dei var fulle av otte.Select Mark 9:6
7So kom det ei sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr på honom!»Select Mark 9:7
8Men best dei skoda ikring seg, såg dei ingen meir utan Jesus - han var åleine hjå deim.Select Mark 9:8
9Då dei gjekk ned av fjellet, sagde han med deim at dei ikkje måtte tala til nokon um det dei hadde set, fyrr Menneskjesonen var staden upp frå dei daude.Select Mark 9:9
10Det ordet merka dei seg, men undrast seg imillom kva det skulde tyda: «standa upp frå dei daude».Select Mark 9:10
11So spurde dei honom: «Segjer ikkje dei skriftlærde at fyrst lyt Elia koma?»Select Mark 9:11
12Ja, fyrst kjem Elia og set alt i rett lag att, svara han; «og kva er det som stend skrive um Menneskjesonen? At han skal lida mykje og agtast for inkje!Select Mark 9:12
13Men eg segjer dykk at Elia og er komen, og dei gjorde med honom slikt dei vilde, som skrive er um honom.»Select Mark 9:13
14Då dei kom til læresveinarne, såg dei ein stor folkehop kringum deim, og nokre skriftlærde som var i ordkast med deim.Select Mark 9:14
15Og med same folkemengdi fekk sjå honom, vart dei reint forstøkte, og sprang imot honom og helsa.Select Mark 9:15
16«Kva er det de dregst med deim um?» spurde han.Select Mark 9:16
17Då svara ein av folket: «Meister, eg er komen til deg med son min. Han hev ei mållaus ånd i seg;Select Mark 9:17
18når ho tek honom, riv ho og slit i honom, so fraudi stend utor munnen, og han skjer tenner og visnar burt. Eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut, men dei var ’kje god til.»Select Mark 9:18
19Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!»Select Mark 9:19
20So leidde dei guten burt til honom, og med same han såg Jesus, reiv åndi i honom, so han stupte i marki og velte seg og togg fraud.Select Mark 9:20
21«Kor lenge hev han havt det so?» spurde Jesus. «Frå han var eit lite barn,» svara faren;Select Mark 9:21
22«og ofte hev åndi kasta honom både i elden og i vatnet, og vilja gjort ende på honom. Men er det mogelegt for deg, so gjer sælebot på oss og hjelp oss!»Select Mark 9:22
23«Um det er mogelegt for meg -?» svara Jesus. «Alt er mogelegt for den som trur!»Select Mark 9:23
24Og straks ropa far åt barnet: «Eg trur! Hjelp mi vantru!»Select Mark 9:24
25Då Jesus såg at folket strøymde til, truga han den ureine åndi og sagde: «Du mållause og dauve ånd, far utor honom, segjer eg, og far aldri i honom meir!»Select Mark 9:25
26Då hua ho og reiv hardt i guten og for ut. Og han vart som eit lik, so dei fleste sagde: «Han hev slokna!»Select Mark 9:26
27Men Jesus tok honom i handi og vekte honom; då reiste han seg upp.Select Mark 9:27
28Då Jesus var komen i hus, og læresveinarne var åleine med honom, spurde dei: «Kvi kunde ikkje me driva ut åndi?»Select Mark 9:28
29Han svara: «Dette slaget kann ikkje drivast ut på anna vis enn med bøn og fasta.»Select Mark 9:29
30So tok dei ut derifrå og for gjenom Galilæa. Men han vilde ikkje nokon skulde vita det;Select Mark 9:30
31for han lærde sveinarne sine og sagde: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender, og dei skal drepa honom; og tri dagar etter han er drepen, skal han standa upp att.Select Mark 9:31
32Men dei skyna ’kje det ordet, og torde ikkje spyrja honom.Select Mark 9:32
33So kom dei til Kapernaum, og då han var heime att, spurde han deim: «Kva var det de tala um på vegen?»Select Mark 9:33
34Dei tagde; for på vegen hadde dei tala med einannan um kven som var størst.Select Mark 9:34
35Då sette han seg og kalla til seg dei tolv, og sagde med deim: «Vil nokon vera den fyrste, so skal han vera den siste av alle og tenar for alle!»Select Mark 9:35
36So tok han eit lite barn og sette midt imillom deim og tok det i fang og sagde til deim:Select Mark 9:36
37«Den som tek imot eit sovore barn for mitt namn skuld, han tek imot meg; og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men den som sende meg.»Select Mark 9:37
38Johannes sagde til honom: «Meister, me såg at ein som ikkje er i fylgje med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje var i fylgje med oss.»Select Mark 9:38
39«De skal ikkje forbjoda honom det,» sagde Jesus, «for den som gjer eit under i mitt namn, kann ikkje so snart tala vondt um meg;Select Mark 9:39
40den som ikkje er imot oss, held med oss.Select Mark 9:40
41For den som gjev dykk ei skål med vatn for di de høyrer Kristus til, han skal ikkje missa si løn, det segjer eg dykk for visst.Select Mark 9:41
42Men den som legg ei snara for ein av desse små som trur, for honom var det mykje betre um det var lagt ein kvernstein um halsen hans, og han var kasta i havet.Select Mark 9:42
43Dersom handi di freistar deg, so hogg henne av! Det er betre du gjeng vanfør inn til livet, enn at du hev båe henderne dine og kjem i helvite, i den usløkkjande elden,Select Mark 9:43
44der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar.Select Mark 9:44
45Og dersom foten din freistar deg, so hogg honom av! Det er betre du gjeng einføtt inn til livet, enn at du hev båe føterne dine og vert kasta i helvite,Select Mark 9:45
46der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar.Select Mark 9:46
47Og dersom auga ditt freistar deg, so riv det ut! Det er betre du gjeng einøygd inn i Guds rike, enn at du hev tvo augo og vert kasta i helvite,Select Mark 9:47
48der ormen deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.Select Mark 9:48
49For kvart menneskje skal saltast med eld, liksom kvart offer vert salta med salt.Select Mark 9:49
50Salt er ein godt; men vert saltet saltlaust, kva vil de då salta det med? Hav salt i dykk sjølve, og haldt fred med kvarandre!»Select Mark 9:50
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation