Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 11

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då Jesus hadde sagt alt det han vilde leggja dei tolv læresveinarne på minne, for han burt att, og tok til å læra folk og tala for dei kring i byarne.Select Matthew 11:1

2Johannes fekk høyra i fengslet um gjerningarne åt Kristus. Då sende han bod med læresveinarne sine, og spurde honom:Select Matthew 11:2

3«Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»Select Matthew 11:3

4Jesus svara: «Gakk og seg Johannes kva de høyrer og ser:Select Matthew 11:4

5Blinde fær syni si, og halte gjeng ikring, spillsjuke vert reine, og dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra evangeliet,Select Matthew 11:5

6og sæl er den som ikkje styggjest ved meg.»Select Matthew 11:6

7Då dei gjekk burt, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå ei røyr som svagar att og fram i vinden?Select Matthew 11:7

8Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann med fine klæde? Nei, dei som gjeng i fine klæde, held til i kongsgardarne.Select Matthew 11:8

9Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet.Select Matthew 11:9

10Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.»Select Matthew 11:10

11Det segjer eg dykk for sant: Aldri hev det stige fram nokon større millom menneskjeborni enn Johannes døyparen; og endå er den minste i himmelriket større enn han.Select Matthew 11:11

12Men frå Johannes døyparens tid og til denne stund bryt folk seg med magt inn i himmelriket, og dei som bryt seg inn, riv det til seg.Select Matthew 11:12

13For alle profetarne og lovi spådde alt til Johannes kom;Select Matthew 11:13

14og vil de tru det, so er han Elia som skulde koma.Select Matthew 11:14

15Høyr etter, kvar som høyra kann!Select Matthew 11:15

16Kven skal eg likna denne ætti med? Dei likjest born som sit på torget og ropar til andre born:Select Matthew 11:16

17«Me let i fløyta for dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de øya ikkje.»Select Matthew 11:17

18For fyrst kom Johannes, og korkje åt eller drakk; då sagde dei: «Han må vera forgjord!»Select Matthew 11:18

19So kom Menneskjesonen; han et og drikk, og so segjer dei: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!» Men visdomen hev prova si rettferd med sine gjerningar.»Select Matthew 11:19

20So tok han til å lasta dei byarne som han hadde gjort flest under i, for di dei ikkje vende um:Select Matthew 11:20

21«Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som eg gjorde i dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe angra og havt på seg sekk og oska.Select Matthew 11:21

22Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Tyrus og Sidon likare enn dykk.Select Matthew 11:22

23Og du, Kapernaum, som hev vore lyft upp til himmelen, til helheimen skal du støytast ned! For hadde dei underi som er gjorde i deg, vore gjorde i Sodoma, so hadde han stade til denne dag.Select Matthew 11:23

24Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Sodomalandet likare enn dykk.»Select Matthew 11:24

25I den same tidi tok Jesus til ords og sagde: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmelen og jordi, at du hev løynt dette for dei lærde og kloke, og openberra det for dei ulærde og barnslege!Select Matthew 11:25

26Ja, Fader, for soleis tykte du det best!Select Matthew 11:26

27Alt hev far min gjeve i mine hender. Og ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.Select Matthew 11:27

28Kom til meg, alle de som slit og hev tungt å bera! hjå meg skal de få kvila dykk ut.Select Matthew 11:28

29Tak mitt ok på dykk, og lær av meg! for eg er mild og mjuk i hjarta, og de skal finna kvild for sjælerne dykkar.Select Matthew 11:29

30For mitt ok er godt, og mi byrd er lett.»Select Matthew 11:30

Next: Matthew 12Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.