Matthew 12
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1I den tidi gjekk Jesus på ein kviledag yver åkrarne. Læresveinarne hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.Select Matthew 12:1
2Då farisæarane såg det, sagde dei til honom: «Sjå læresveinarne dine! - no gjer dei noko som ingen hev lov til å gjera på ein kviledag.»Select Matthew 12:2
3Han svara: «Hev de ’kje lese kva David gjorde då han var svolten, han og dei som var med honom,Select Matthew 12:3
4at han gjekk inn i Guds hus, og åt skodebrødi, og dei hadde han ikkje lov til å eta, korkje han eller fylgjesmennerne hans, men berre prestarne.Select Matthew 12:4
5Eller hev de ’kje lese i lovi at prestarne bryt helgi i templet på kviledagen, og er endå skuldlause?Select Matthew 12:5
6Men eg segjer dykk, at her er det som er større enn templet.Select Matthew 12:6
7Og hadde de visst kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i,» so hadde de ikkje fordømt desse uskyldige.Select Matthew 12:7
8For Menneskjesonen råder yver kviledagen.»Select Matthew 12:8
9So gjekk han burt derifrå og til synagoga deira.Select Matthew 12:9
10Der var det ein mann som hadde ei nomi hand. So spurde dei honom: «Tru det er rett å lækja folk på ein kviledag?» For dei vilde få noko å klaga honom for.Select Matthew 12:10
11Då sagde han til deim: «Kven av dykk dreg ikkje upp att ein sau som hev dotte ned i eit dike for honom på ein kviledag?Select Matthew 12:11
12Og kor mykje meir er ’kje eit menneskje enn ein sau! So må det då vera rett å gjera vel på kviledagen.»Select Matthew 12:12
13So segjer han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og ho vart frisk liksom hi handi.Select Matthew 12:13
14Men farisæarane gjekk ut og lagde råd um korleis dei skulde få gjort ende på honom.Select Matthew 12:14
15Då Jesus vart vis med det, for han burt, og det fylgde mange med honom. Han lækte deim alle,Select Matthew 12:15
16men forbaud deim strengt å gjera honom kjend.Select Matthew 12:16
17Soleis skulde det sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer:Select Matthew 12:17
18«Sjå sveinen unge som eg ut meg såg, han som eg elskar, han, min hjartehugnad! På honom vil eg leggja åndi mi, og rett skal for folki lysa ut.Select Matthew 12:18
19Han trættar ikkje, ropar ikkje høgt. I gatorn’ ingen høyra fær hans røyst:Select Matthew 12:19
20Den brotne røyri krys han ikkje sund, rjukande skaren sløkkjer han ’kje ut, fyrr retten han til siger fram hev ført.Select Matthew 12:20
21Til han skal folket setja voni si.»Select Matthew 12:21
22Sidan kom dei til honom med ein forgjord som var både mållaus og blind, og han gjorde honom god att, so den mållause tala og såg.Select Matthew 12:22
23Då vart alt folket reint upp i under og sagde: «Dette skulde vel ikkje vera Davidssonen?»Select Matthew 12:23
24Då farisæarane høyrde det, sagde dei: «Denne kunde ikkje driva ut djevlarne, fekk han ikkje hjelp av Be’elsebul, hovdingen deira.»Select Matthew 12:24
25Men Jesus visste kva dei tenkte, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og ein by eller eit hus som er kome i strid med seg sjølv, stend ikkje lenge.Select Matthew 12:25
26Er det no so at Satan driv ut Satan, so er han komen i strid med seg sjølv, og korleis kann då riket hans standa?Select Matthew 12:26
27Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut dei djevlarne, kven hjelper då dykkar eigne folk til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.Select Matthew 12:27
28Men er det Guds Ande som hjelper meg til å driva ut djevlarne, so er då Gudsriket kome til dykk.Select Matthew 12:28
29Eller kven kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band? då kann han plundra huset.Select Matthew 12:29
30Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider.Select Matthew 12:30
31Difor segjer eg dykk: All synd og spotting skal tilgjevast menneskja, men spott imot Anden skal ikkje tilgjevast.Select Matthew 12:31
32Og den som lastar Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som lastar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving, korkje i dette livet eller i det som skal koma.Select Matthew 12:32
33Anten lyt de segja: «Treet er godt, og frukti på det er god,» eller og: «Treet er låkt, og frukti på det er låk.» For på frukti kjenner ein treet.Select Matthew 12:33
34De orme-ungar, korleis kann de tala noko godt, de som er vonde? for frå munnen kjem det som hjarta er fullt av.Select Matthew 12:34
35Ein god mann ber fram gode ting av det gode han gøymer hjå seg, og ein vond mann ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.Select Matthew 12:35
36Men det segjer eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk hev tala, skal dei svara for på domedag,Select Matthew 12:36
37for etter ordi dine vert du frikjend, og etter ordi dine vert du felt.»Select Matthew 12:37
38Då tok nokre skriftlærde og farisæarar til ords og sagde: «Meister, me vil gjerne sjå eit teikn av deg!»Select Matthew 12:38
39Han svara: «Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn det som hende Jonas, profeten.Select Matthew 12:39
40For liksom Jona var tri dagar og tri næter i fiskebuken, soleis skal Menneskjesonen vera tri jamdøger under jordi.Select Matthew 12:40
41Nineve-mennerne skal møta for domen saman med denne ætti og fella deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona.Select Matthew 12:41
42Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med denne ætti og fella deim; for ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.Select Matthew 12:42
43Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho yver vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.Select Matthew 12:43
44So segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte utor,» og når ho kjem der, finn ho det tomt, og feia og fjelga.Select Matthew 12:44
45Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan. Soleis kjem det og til å ganga med denne vonde ætti.»Select Matthew 12:45
46Med han heldt på å tala til folket, var mor hans og brørne hans komne, og no stod dei utanfor og vilde finna honom.Select Matthew 12:46
47Då so ein kom inn og sagde det med honom,Select Matthew 12:47
48svara han: «Kven er mor mi, og kven er brørne mine?»Select Matthew 12:48
49So rette han handi ut mot læresveinarne sine og sagde: «Sjå der er mor mi og brørne mine;Select Matthew 12:49
50for den som gjer det far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»Select Matthew 12:50
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation