Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 14

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Ved det leitet fekk Herodes, fylkeskongen, høyra gjetordet um Jesus.Select Matthew 14:1

2Då sagde han til mennerne sine: «Det er Johannes, døyparen! No hev han stade upp frå dei daude; difor ter det seg so underfulle krafter i honom.»Select Matthew 14:2

3Herodes hadde teke Johannes og lagt honom i bolt og jarn for Herodias skuld, kona åt Filip, bror hans.Select Matthew 14:3

4For Johannes hadde sagde til honom: «Du må ikkje hava henne.»Select Matthew 14:4

5Og Herodes vilde helst ha slege honom i hel, men han torde ikkje for folket; for dei heldt honom for ein profet.Select Matthew 14:5

6So var det årmålsdagen åt Herodes; og dotter åt Herodias dansa for deim, og Herodes tykte so godt um henne,Select Matthew 14:6

7at han lova og svor ho skulde få kva ho bad um.Select Matthew 14:7

8Då fekk mori henne til å segja: «Gjev meg hovudet åt Johannes døyparen, her, på eit fat!»Select Matthew 14:8

9Kongen vart ille ved, men for di han hadde svore, og for gjesterne skuld, sagde han at dei skulde lata henne få det;Select Matthew 14:9

10og han sende ut folk og let dei hogga hovudet av Johannes i fengslet.Select Matthew 14:10

11So kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til gjenta, og ho gjekk til mor si med det.Select Matthew 14:11

12Og læresveinarne hans kom og tok liket og bar honom til gravi; sidan gjekk dei til Jesus med bod um det som var hendt.Select Matthew 14:12

13Då Jesus høyrde det, for han i ein båt burt til ein øydestad, so han kunde få vera åleine; men folket fekk spurt det og fylgde etter honom landveges frå byarne.Select Matthew 14:13

14Då han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop, og han tykte hjarteleg synd i deim, og lækte deim som var sjuke.Select Matthew 14:14

15Då det leid til kvelds, gjekk læresveinarne burt til honom og sagde: «Det er audt her, og dagen lid; send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grenderne og kjøpa seg mat!»Select Matthew 14:15

16«Dei treng ikkje ganga burt,» sagde Jesus; «gjev de deim mat!»Select Matthew 14:16

17«Me hev ’kje her anna fem brødleivar og tvo fiskar,» svara dei.Select Matthew 14:17

18«Kom hit til meg med det!» sagde han.Select Matthew 14:18

19So bad han folket setja seg i graset, og tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og so braut han brødet og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.Select Matthew 14:19

20Alle åt og vart mette, og då dei samla upp dei stykki som att var, so vart det tolv fulle korger.Select Matthew 14:20

21Og det var um lag fem tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.Select Matthew 14:21

22Med same dette var gjort, nøydde han læresveinarne til å ganga i båten og fara fyre seg yver sjøen, med han bad farvel med folket.Select Matthew 14:22

23Då han so hadde sendt folket frå seg, gjekk han upp i fjellet, so han kunde vera for seg sjølv og beda, og etter det var avdaga, var han der einsleg.Select Matthew 14:23

24Båten var alt midt utpå sjøen og tevla hardt i bylgjorne; for vinden var imot.Select Matthew 14:24

25Då, i den fjorde nattevakti, kom han gangande burtimot deim yver sjøen;Select Matthew 14:25

26og då læresveinarne såg han ganga på sjøen, vart dei forfærde og sagde: «Det er eit skrymt!» og dei var so rædde at dei skreik.Select Matthew 14:26

27Men i det same tala han til deim og sagde: «Ver hugheile! Det er eg. Ver ikkje rædde!»Select Matthew 14:27

28Då tok Peter til ords og sagde: «Herre, er det du, so seg at eg skal koma til deg på vatnet!»Select Matthew 14:28

29«Kom du!» svara han. So steig Peter ut or båten og gjekk burtyver vatnet og vilde møta Jesus.Select Matthew 14:29

30Men då han såg det harde veret, vart han rædd, og tok til å søkka. Då ropa han: «Herre, frels meg!»Select Matthew 14:30

31Og med det same rette Jesus ut handi og greip honom og sagde: «Kor lite tru du hev! Kvi tvila du?»Select Matthew 14:31

32So steig dei upp i båten, og vinden lagde seg.Select Matthew 14:32

33Og dei som var i båten, fall på kne for honom og sagde: «Ja, sanneleg er du Guds Son!»Select Matthew 14:33

34Då dei var komne yver, lagde dei til lands i Gennesaret.Select Matthew 14:34

35Folket der i bygdi kjende honom att, og sende bod kringum i heile grannelaget. Då kom dei til honom med alle som hadde vondt,Select Matthew 14:35

36og dei bad um dei berre måtte få taka i falden på kjolen hans, og alle som kom nær honom, vart gode att.Select Matthew 14:36

Next: Matthew 15Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.