Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 15

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So kom det nokre farisæarar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sagde:Select Matthew 15:1

2«Kvi bryt læresveinarne dine dei skikkarne me hev etter dei gamle? dei tvær ikkje henderne fyrr dei gjeng til bords!»Select Matthew 15:2

3«Og de,» svara han, «kvi bryt de Guds bod for skikkarne dykkar skuld?Select Matthew 15:3

4Gud hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!»Select Matthew 15:4

5Men de segjer: «Når ein talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, lyt eg gjeva til templet,» so tarv han ikkje æra foreldri sine.»Select Matthew 15:5

6Soleis hev de gjort Guds bod um inkje for dykkar eigi læra skuld.Select Matthew 15:6

7De hyklarar! Jesaja spådde sant um dykk då han sagde:Select Matthew 15:7

8«Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, men hugen deira er langt ifrå meg.Select Matthew 15:8

9D’er liten mun i at dei meg vil æra, når dei lærer folk det som er mannebod.»»Select Matthew 15:9

10So kalla han folket hitåt seg og sagde til deim: «Høyr etter, og tenk på det eg segjer!»Select Matthew 15:10

11Det er ’kje det som kjem inn i munnen som gjer menneskja urein, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer menneskja urein!Select Matthew 15:11

12Då gjekk læresveinarne fram og sagde til honom: «Veit du at farisæarane vart arge då dei høyrde det du sagde?»Select Matthew 15:12

13Han svara: «Kvar plante som ikkje far min i himmelen hev sett, skal rivast upp med rot.Select Matthew 15:13

14Bry dykk ikkje um deim! Dei er blinde vegleidarar for blinde; og når ein blind leider ein blind, so dett dei båe i grefti.»Select Matthew 15:14

15Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Tyd oss den likningi di!»Select Matthew 15:15

16«Hev de endå ikkje betre vit, de heller?» svara han.Select Matthew 15:16

17«Skynar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, gjeng ned i magen, og fer ut der det skal?Select Matthew 15:17

18Men det som gjeng ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer menneskja urein;Select Matthew 15:18

19for frå hjarta kjem vonde tankar: manndråp, egteskapsbrot, lauslivnad, tjuvskap, range vitnemål, gudsspotting.Select Matthew 15:19

20Det er det som gjer menneskja urein; men å eta med utvegne hender gjer ikkje menneskja urein.Select Matthew 15:20

21So for Jesus derifrå, og tok vegen burt til bygderne kring Tyrus og Sidon.Select Matthew 15:21

22Då kom det ei kananæisk kona ut frå dei grenderne og ropa: «Herre, Davids son, gjer sælebot på meg! Dotter mi er so ille plåga av ei vond ånd.»Select Matthew 15:22

23Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinarne fram og bad honom: «Kjære, få henne frå deg! Ho ropar so etter oss.»Select Matthew 15:23

24«Det er berre dei forkomne sauerne av Israelshuset eg er send til,» svara han.Select Matthew 15:24

25So kom ho og fall på kne for honom og sagde: «Herre, hjelp meg!»Select Matthew 15:25

26Men han svara: «Det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.»Select Matthew 15:26

27«Det er sant, Herre,» sagde ho, «men hund-ungarne et då av dei molarne som fell frå bordet åt herrarne deira.»Select Matthew 15:27

28Då svara Jesus: «Stor er trui di, kona! Du skal få det som du vil.» Og dotter hennar vart god att i same stundi.Select Matthew 15:28

29So for Jesus burt derifrå og kom til Galilæasjøen, og han gjekk upp i fjellet og sette seg der.Select Matthew 15:29

30Då kom dei til honom i store flokkar, og hadde med seg halte og blinde og mållause og kryplingar og mange andre, og lagde deim ned for føterne hans, og han gjorde dei gode att,Select Matthew 15:30

31so folket undra seg då dei såg at mållause tala, og kryplingar vart friske og føre, og halte gjekk ikring, og blinde såg; og dei lova Israels Gud.Select Matthew 15:31

32Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde: Eg tykkjer hjarteleg synd i folket; for no hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og dei hev ’kje noko å eta; og ikkje vil eg senda deim fastande frå meg; for då kunde dei ormegtast på vegen.»Select Matthew 15:32

33Læresveinarne svara: «Kor skal me her i øydemarki få brød nok til å metta so stor ein hop?»Select Matthew 15:33

34«Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar,» sagde dei, «og nokre få småfiskar.»Select Matthew 15:34

35Då let han folket setja seg ned på marki,Select Matthew 15:35

36og han tok dei sju leivarne og fiskarne, og takka, og bytte deim sund og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.Select Matthew 15:36

37Då alle hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som att var; det var sju fulle korger.Select Matthew 15:37

38Og det var fire tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.Select Matthew 15:38

39Sidan bad Jesus farvel med folket, og steig ut i båten og for til Magadanbygdi.Select Matthew 15:39

Next: Matthew 16Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.