Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 16

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då kom farisæarane og sadducæarane og freista honom, og bad at han vilde lata deim få sjå eit teikn frå himmelen.Select Matthew 16:1

2Han svara: «Um kvelden segjer de: «Det vert godt ver; for himmelen er raud,»Select Matthew 16:2

3og um morgonen: «I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk.» Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda.Select Matthew 16:3

4Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg ifrå deim og gjekk burt.Select Matthew 16:4

5Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinarne å taka brød med seg.Select Matthew 16:5

6So sagde Jesus til deim: «Sjå til at de tek dykk i vare for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»Select Matthew 16:6

7Då sagde dei seg imillom: «Det er av di me ikkje tok brød med oss!»Select Matthew 16:7

8Jesus gådde det og sagde: «Kvi talar de dykk imillom um det at de ikkje hev brød med, de fåtruande?Select Matthew 16:8

9Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivarne til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att,Select Matthew 16:9

10og ikkje dei sju leivarne til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att?Select Matthew 16:10

11Kann de då ’kje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men agta dykk for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»Select Matthew 16:11

12Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisæarane og sadducæarane.Select Matthew 16:12

13Då Jesus var komen til bygderne kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinarne sine: «Kven segjer folk at Menneskjesonen er?»Select Matthew 16:13

14Dei svara: «Sume segjer: «Johannes døyparen,» andre: «Elia», endå andre: «Jeremia eller ein annan av profetarne.»»Select Matthew 16:14

15«Kven segjer då de at eg er?» spurde han.Select Matthew 16:15

16Då tok Simon Peter til ords og sagde: «Du er Messias, den livande Guds Son.»Select Matthew 16:16

17Og Jesus sagde til honom: «Sæl er du, Simon Jonason! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men far min i himmelen.Select Matthew 16:17

18Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportarne skal ikkje vinna yver henne.Select Matthew 16:18

19Eg vil gjeva deg lyklarne til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.»Select Matthew 16:19

20So forbaud han læresveinarne å segja det med nokon at han var Messias.Select Matthew 16:20

21Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinarne at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennerne og dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa honom, men tridje dagen skulde han standa upp att.Select Matthew 16:21

22Peter tok honom til sides og for til å telja for honom og sagde: «Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg!»Select Matthew 16:22

23Då snudde han seg imot Peter og sagde: «Gakk utor augo mine, Satan! Du er meg eit styggje, for du hev ’kje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.»Select Matthew 16:23

24Same gongen sagde Jesus til læresveinarne sine: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.Select Matthew 16:24

25For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det.Select Matthew 16:25

26Kva batar det eit menneskje, um han vinn heile verdi, men taper sjæli si? Eller kva hev menneskjet å gjeva i byte for sjæli si?Select Matthew 16:26

27For Menneskjesonen skal koma i herlegdomen åt far sin med englarne sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort.Select Matthew 16:27

28Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskjesonen koma i sitt kongelege velde.»Select Matthew 16:28

Next: Matthew 17Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.