Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 18

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1I same bilet kom læresveinarne til Jesus og spurde: «Kven er no den største i himmelriket?»Select Matthew 18:1

2Då kalla han til seg eit lite barn, og sette det midt imillom deimSelect Matthew 18:2

3og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Vender de ’kje um, og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket.Select Matthew 18:3

4Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket;Select Matthew 18:4

5og den som tek imot eitt sovore barn i mitt namn, han tek imot meg.Select Matthew 18:5

6Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på honom og søkkt honom ned i djupaste havet.Select Matthew 18:6

7Ve yver verdi for freistingarne hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå!Select Matthew 18:7

8Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden.Select Matthew 18:8

9Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden.Select Matthew 18:9

10Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen.Select Matthew 18:10

11For Menneskjesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.Select Matthew 18:11

12Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av deim villar seg burt, let han ’kje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt?Select Matthew 18:12

13og hender det at han finn honom, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver honom enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt.Select Matthew 18:13

14Soleis vil ikkje heller far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.Select Matthew 18:14

15Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din;Select Matthew 18:15

16men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål.Select Matthew 18:16

17Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg.Select Matthew 18:17

18Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.Select Matthew 18:18

19Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen.Select Matthew 18:19

20For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.»Select Matthew 18:20

21Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?»Select Matthew 18:21

22Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.»Select Matthew 18:22

23For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine.Select Matthew 18:23

24Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar.Select Matthew 18:24

25Men han hadde ’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast.Select Matthew 18:25

26Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!»Select Matthew 18:26

27Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi.Select Matthew 18:27

28Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!»Select Matthew 18:28

29Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!»Select Matthew 18:29

30Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd.Select Matthew 18:30

31Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt.Select Matthew 18:31

32Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg!Select Matthew 18:32

33Skulde so ’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!»Select Matthew 18:33

34Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi.Select Matthew 18:34

35So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.Select Matthew 18:35

Next: Matthew 19Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.