Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 19

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då Jesus hadde tala desse ordi, bar det so til at han tok ut frå Galilæa og for til Juda-bygderne. Han lagde vegen gjenom landet på hi sida Jordan;Select Matthew 19:1

2mykje folk fylgde honom der, og han lækte deim.Select Matthew 19:2

3Då kom farisæarane til honom, og vilde freista honom og sagde: «Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si, kva orsak han tykkjest hava?»Select Matthew 19:3

4Han svara: «Hev de ’kje lese at skaparen alt ifrå det fyrste skapte deim mann og kvinna,Select Matthew 19:4

5og sagde: «Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt?»Select Matthew 19:5

6So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.»Select Matthew 19:6

7Segjer dei til honom: «Kvi sagde då Moses at mannen skulde gjeva kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?»Select Matthew 19:7

8«For dykkar harde hjarto skuld gav Moses dykk lov til å skiljast frå konorne dykkar,» svara han, «men frå det fyrste hev det ikkje vore so.Select Matthew 19:8

9Og det segjer eg dykk, at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, og gifter seg med ei onnor, han gjer hor.»Select Matthew 19:9

10Då sagde læresveinarne til honom: «Er det den retten som gjeld millom mann og kona, då er det ikkje godt å gifta seg.»Select Matthew 19:10

11Han svara: «Det er noko som ikkje alle kann læra, men berre dei som hev fenge gåva til det;Select Matthew 19:11

12for det finst gjeldingar som er fødde so av morsliv, og det finst gjeldingar som folk hev gjeldt, og det finst gjeldingar som hev gjeldt seg sjølve for himmelriket skuld. Lat deim skyna det dei som kann!»Select Matthew 19:12

13So bar dei småborn til honom, og bad han vilde leggja henderne på deim og beda for deim. Læresveinarne truga deim,Select Matthew 19:13

14men Jesus sagde: «Lat småborni vera, og hindra deim ikkje å koma til meg! For himmelriket høyrer sovorne til.»Select Matthew 19:14

15Og han lagde henderne på deim, og for so derifrå.Select Matthew 19:15

16Då kom det ein til honom og sagde: «Meister, kva godt skal eg gjera so eg kann få eit æveleg liv?»Select Matthew 19:16

17«Kvi spør du meg um det som er godt?» svara han. «Det er berre ein som er god. Men vil du ganga inn til livet, so haldt bodi!»Select Matthew 19:17

18«Kva for bod?» spurde han. «Desse,» svara Jesus: «Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt!Select Matthew 19:18

19Du skal æra far din og mor di! Du skal elska grannen din som deg sjølv!»Select Matthew 19:19

20«Alt det hev eg halde,» segjer den unge mannen; «kva er det då som vantar meg?»Select Matthew 19:20

21Jesus svara: «Vil du vera fullkomen, so tak og sel det du eig, og gjev det til dei fatige! då skal du få ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!»Select Matthew 19:21

22Då den unge mannen høyrde det, vart han ille ved, og gjekk burt; for han hadde mykje gods.Select Matthew 19:22

23Då sagde Jesus til læresveinarne sine: «Det segjer eg dykk for sant: Det er vandt for ein rik å koma inn i himmelriket.Select Matthew 19:23

24Ja, eg segjer dykk: Ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.»Select Matthew 19:24

25Då læresveinarne høyrde det, vart dei reint forfærde og sagde: «Kven kann då verta frelst?»Select Matthew 19:25

26Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men for Gud er alt mogelegt.»Select Matthew 19:26

27Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Sjå, me hev gjeve ifrå oss alt og fylgt deg; kva skal då me få?»Select Matthew 19:27

28Og Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Når alt vert nytt, og Menneskjesonen sit i sin glimande kongsstol, då skal de og, som hev fylgt meg, sitja i tolv høgsete og styra dei tolv Israels-ætterne.Select Matthew 19:28

29Og kvar som hev skilt seg med hus eller brør eller syster eller far eller mor eller born eller gardar for mitt namn skuld, han skal få det att mange gonger og erva eit ævelegt liv.Select Matthew 19:29

30Men mange av dei fyrste skal vera dei siste, og mange av dei siste dei fyrste.Select Matthew 19:30

Next: Matthew 20Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.