Matthew 2
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Det var i Betlehem i Judalandet Jesus kom til verdi, i kong Herodes’ dagar. Då kom det nokre vismenner frå Austerlandi til Jerusalem og sagde:Select Matthew 2:1
2«Kvar er den jødekongen som nyst er fødd? Me såg stjerna hans i Austerland, og no er me komne og vil hylla honom.»Select Matthew 2:2
3Då kongen, Herodes, høyrde det, vart han forfærd, og heile Jerusalem med.Select Matthew 2:3
4Han kalla i hop alle dei øvste prestarne og alle skriftlærde i landet, og spurde deim kvar Messias skulde koma til verdi.Select Matthew 2:4
5«I Betlehem i Judalandet,» svara dei, «for so stend det skrive hjå profeten:Select Matthew 2:5
6«Du Betlehem, du Juda-bygd, av Juda-jarlarne er du visst ikkje ringaste i rang: Or deg ein fyrste skal gå fram som Israel, mitt eige folk, liksom ein hyrding gjæta skal.»»Select Matthew 2:6
7Då kalla Herodes vismennerne til seg i løynd, og spurde deim ut um tidi då stjerna hadde synt seg.Select Matthew 2:7
8So styrde han deim i veg til Betlehem og sagde: «Far no dit, og høyr dykk vel fyre um barnet, og når de hev funne det, so seg meg til, so eg og kann koma og hylla det!»Select Matthew 2:8
9Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i vegen, og best det var, fekk dei sjå den same stjerna som dei hadde set i Austerland; ho for fyre deim, til ho kom uppyver der som barnet var; der vart ho standande.Select Matthew 2:9
10Då vismennerne såg stjerna, vart dei so glade at dei aldri hadde vore so glade.Select Matthew 2:10
11Dei gjekk inn i huset, og fann barnet hjå mori, Maria. Då fall dei på kne, og hyllte barnet. Og dei let upp skrini, sine og bar fram for det gåvor: gull og røykjelse og myrra.Select Matthew 2:11
12Og Gud varsla deim i draume, at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og so tok dei ein annan veg heim att til landet sitt.Select Matthew 2:12
13Vel dei var farne, so syner Herrens engel seg for Josef i draume og segjer: «Statt upp! Tak barnet og mori, og røm til Egyptarland, og ver der til eg segjer deg til! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil gjera ende på det.»Select Matthew 2:13
14Då stod han upp, og same natti tok han barnet og mori og for til Egyptarland,Select Matthew 2:14
15og der vart han verande til Herodes var avliden, so det skulde sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer: «Or Egyptarland kalla eg min son.»Select Matthew 2:15
16Då Herodes såg at vismennerne hadde havt honom til narr, vart han brennande harm. Han sende ut folk og let dei drepa alle guteborn i Betlehem og heile grannelaget på tvo år og derunder, etter den tidi han hadde fenge vita av vismennerne.Select Matthew 2:16
17Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer:Select Matthew 2:17
18«Dei høyrde ei røyst i Rama - gråt og øying stor: Rakel ho gret for borni sine, og ansa ’kje trøystarord; for burte er dei, burte!»Select Matthew 2:18
19Då Herodes var avliden, syner Herrens engel seg i draume for Josef i Egyptarland og segjer:Select Matthew 2:19
20«Statt upp! Tak barnet og mori, og far til Israelslandet! For no er dei burte dei som leita etter barnet og vilde taka livet av det.»Select Matthew 2:20
21So stod han upp, og tok barnet og mori og for til Israelslandet.Select Matthew 2:21
22Men då han fekk spurt at Arkelaus hadde vorte konge i Judariket etter far sin, Herodes, torde han ikkje koma dit. Han gjorde som Gud sagde til honom i draume, og for burt til Galilæa-bygderne,Select Matthew 2:22
23og då han kom til ein by som heiter Nasaret, vart han buande der. Soleis skulde det koma til å sannast det som er sagt gjenom profetarne, at han skulde kallast Nasaræar.Select Matthew 2:23
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation