Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 22

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So tok Jesus til ords att og sagde dei ei onnor likning:Select Matthew 22:1

2«Himmelriket kann liknast med ein konge som gjorde bryllaup åt son sin.Select Matthew 22:2

3Han sende ut sveinarne sine, og kalla deim som var bedne til bryllaups; men dei vilde ikkje koma.Select Matthew 22:3

4So sende han andre sveinar og sagde: «Seg til deim som er bedne: «No hev eg stelt til bryllaupsmaten; uksane mine og gjødfeet er slagta, og alt er ferdigt. Kom no til bryllaups!»»Select Matthew 22:4

5Men dei brydde seg ikkje um det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambudi si;Select Matthew 22:5

6og dei hine greip sveinarne hans, og skamførde deim og drap deim.Select Matthew 22:6

7Då vart kongen harm. Han sende ut herarne sine og gjorde ende på dråpsmennerne og brende upp byen deira.Select Matthew 22:7

8So sagde han til sveinarne sine: «Alt er ferdigt til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det.Select Matthew 22:8

9Gakk no ut på vegar og vegskil og bed til bryllaups alle deim de finn!»Select Matthew 22:9

10So gjekk sveinarne ut på vegarne og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaups-stova vart full av gjester.Select Matthew 22:10

11Då so kongen kom inn og vilde sjå gjesterne, vart han var ein som ikkje var bryllaupsklædd.Select Matthew 22:11

12Han segjer til honom: «Kjære, korleis hev du kome inn her og er ikkje bryllaupsklædd?» Men han kunde ingen ting svara.Select Matthew 22:12

13Då sagde kongen til bordsveinarne: «Bitt hender og føter på honom, og kasta honom ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!»Select Matthew 22:13

14For mange er kalla, men få er utvalde.»Select Matthew 22:14

15Då gjekk farisæarane burt og lagde råd um korleis dei skulde få fanga honom i ord.Select Matthew 22:15

16Dei sende læresveinarne sine til honom i lag med Herodes-mennerne og let deim segja: «Meister, me veit du er ærleg, og det er sanning det du lærer oss um Guds veg, og du bryr deg ikkje um nokon; for du gjer ikkje skil på folk.Select Matthew 22:16

17Seg oss no: Kva meiner du? Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»Select Matthew 22:17

18Men Jesus skyna den vonde meiningi deira og sagde: «Kvi freistar de meg, hyklarar?Select Matthew 22:18

19Lat meg sjå skattemynti!» So flidde dei honom ein sylvpening.Select Matthew 22:19

20«Kva er dette for eit bilæte og namn?» spurde han.Select Matthew 22:20

21«Det er keisarens,» svara dei. Då sagde han til deim: «So gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»Select Matthew 22:21

22Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk burt ifrå honom.Select Matthew 22:22

23Same dagen kom det nokre sadducæarar til honom - det er dei som segjer at det ikkje er nokor uppstoda - dei sette fram eit spursmål for honom og sagde:Select Matthew 22:23

24«Meister, Moses hev sagt: «Når ein mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.»Select Matthew 22:24

25No var det sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, og døydde; han hadde ikkje born, og let etter seg kona si til broren.Select Matthew 22:25

26Like eins den andre og den tridje, radt til den sjuande.Select Matthew 22:26

27Etter deim alle døydde kona.Select Matthew 22:27

28Kven av dei sju skal no ho høyra til i eit anna liv? For dei hev havt henne alle.»Select Matthew 22:28

29Jesus svara: «De fer vilt, av di de ikkje kjenner skrifterne og ikkje Guds magt.Select Matthew 22:29

30For i eit anna liv er det ingen som gifter seg eller vert burtgift; dei er som Guds englar i himmelen.Select Matthew 22:30

31Men at dei avlidne skal standa upp att, hev de ’kje lese kva Gud hev tala til dykk um det, når han segjer:Select Matthew 22:31

32«Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?» Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande.»Select Matthew 22:32

33Då folket høyrde det, vart dei reint upp i under yver læra hans.Select Matthew 22:33

34So snøgt som farisæarane fekk høyra at han hadde målbunde sadducæarane, samla dei seg kringum honom,Select Matthew 22:34

35og ein av deim, som var kunnig i lovi, vilde freista honom og spurde:Select Matthew 22:35

36«Meister, kva bod er det største i lovi?»Select Matthew 22:36

37Han svara: «»Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit!»Select Matthew 22:37

38Det er det største og fyrste bodet.Select Matthew 22:38

39Men det er eit anna som likjest det, og det er: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»Select Matthew 22:39

40På desse tvo bodi kviler heile lovi og profetarne.»Select Matthew 22:40

41Med farisæarane var samla, spurde Jesus deim åt:Select Matthew 22:41

42«Kva trur de um Messias? Kven er han son åt?» «Åt David,» svara dei.Select Matthew 22:42

43Då sagde han: «Korleis kann då David i Anden kalla honom herre, når han segjer:Select Matthew 22:43

44«Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi, til eg dine fiendar fær for dine føter lagt!»»Select Matthew 22:44

45Kallar no David honom herre, korleis kann han då vera son hans?»Select Matthew 22:45

46Men ingen kunde svara honom eit ord. Og ingen torde etter den dag koma med fleire spursmål til honom.Select Matthew 22:46

Next: Matthew 23Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.