Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 23

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Sidan tala Jesus til folket og til læresveinarne sine og sagde:Select Matthew 23:1

2«På Moses’ stol sit dei skriftlærde og farisæarane.Select Matthew 23:2

3Alt det dei segjer til dykk, lyt de gjera og halda, men etter gjerningarne deira skal de ikkje fara! For dei segjer det, men dei gjer det ikkje.Select Matthew 23:3

4Dei bind i hop tunge byrder og legg på herdarne åt folk, men sjølve vil dei ikkje leda deim med ein finger.Select Matthew 23:4

5Alt det dei gjer, gjer dei so folk skal sjå kor gjæve dei er. Dei gjer sine bøneband breide og duskarne på kjolen sin store.Select Matthew 23:5

6Dei trår etter dei høgste sæti i gjestebodi og dei fremste sessarne i synagogorne,Select Matthew 23:6

7og vil at folk skal helsa deim på torget og kalla dei rabbi.Select Matthew 23:7

8Men de skal ikkje lata nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle brør.Select Matthew 23:8

9Og far skal de ikkje kalla nokon på jordi; for de hev ein far, han i himmelen.Select Matthew 23:9

10Ikkje skal de heller lata nokon kalla dykk lærar; for de hev ein lærar, Kristus.Select Matthew 23:10

11Den største av dykk skal vera den som tener dei andre.Select Matthew 23:11

12For den som gjer seg sjølv stor, han skal gjerast liten, og den som gjer seg sjølv liten, han skal gjerast stor.Select Matthew 23:12

13Men ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de stengjer himmelriket for folk; sjølve gjeng de ikkje inn, og deim som gjerne vilde, let de ikkje få koma inn.Select Matthew 23:13

14Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de et upp husi for enkjor og gjer lange bøner for ei syn skuld; for dette skal de få strengare dom.Select Matthew 23:14

15Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de fer land og strand og leitar etter ein fylgjesvein, og finn de ein, so gjer de honom til eit helvitesbarn, tvo gonger verre enn de er sjølve.Select Matthew 23:15

16Ve yver dykk, blinde vegleidarar! de som segjer: «Um ein sver ved templet, so er det ’kje noko, men sver han ved gullet i templet, då er han bunden.»Select Matthew 23:16

17Dårar og blinde! Kva er størst, gullet, eller templet som gav gullet si vigsla?Select Matthew 23:17

18og: «Um ein sver ved altaret, so er det ’kje noko, men sver han ved offeret som er på det, då er han bunden.»Select Matthew 23:18

19Blindingar! Kva er då størst, offeret, eller altaret som vigslar offeret?Select Matthew 23:19

20For den som då sver ved altaret, sver både ved det og alt som er på det;Select Matthew 23:20

21og den som sver ved templet, sver både ved det og ved honom som bur i det;Select Matthew 23:21

22og den som sver ved himmelen, sver ved Guds høgsæte og ved honom som sit der.Select Matthew 23:22

23Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi, rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.Select Matthew 23:23

24Blinde vegleidarar, som silar av myhanken, men svelgjer kamelen!Select Matthew 23:24

25Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de reinskar skåler og fat utanpå, men inni er dei fulle av ran og måteløysa.Select Matthew 23:25

26Blinde farisæarar! Gjer fyrst skåli og fatet reine inni, so vert ho rein utanpå og.Select Matthew 23:26

27Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de likjest kalka graver; utanpå er dei væne å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.Select Matthew 23:27

28Soleis er de og utanpå rettferdige å sjå til for folk, men inni dykk er de fulle av hyklarskap og urett.Select Matthew 23:28

29Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de byggjer minnesmerke yver profetarne og pryder graverne åt dei rettferdige og segjer:Select Matthew 23:29

30«Hadde me vore til då federne våre livde, so hadde me ikkje vore med deim og drepe profetarne.»Select Matthew 23:30

31So vitnar de då um dykk sjølve at de er born åt deim som slo profetarne i hel.Select Matthew 23:31

32Haldt no fram på same vis som federne dykkar, til målet er fullt!Select Matthew 23:32

33De eiterormar, de slange-ungar, korleis kann de sleppa undan helvitesdomen?Select Matthew 23:33

34Sjå, difor sender eg til dykk profetar og vismenner og skriftlærde; sume av dei kjem de til å drepa og krossfesta, og sume til å hudfletta i synagogorne dykkar og jaga frå by til by,Select Matthew 23:34

35so det skal koma yver dykk alt det skuldlause blodet som hev runne på jordi, frå den skuldlause Abel og til Zakarja, son åt Barakias, han som de drap millom templet og altaret.Select Matthew 23:35

36Det segjer eg dykk for visst: Yver denne ætti skal det koma alt saman.Select Matthew 23:36

37Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne, og steinar deim som er sende til deg, kor tidt hev eg ’kje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungarne sine under vengjerne! Men de vilde ikkje.Select Matthew 23:37

38Sjå no skal de få hava huset dykkar audt.Select Matthew 23:38

39For eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg meir fyrr de ropar: «Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!»»Select Matthew 23:39

Next: Matthew 24Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.