Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 24

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då Jesus steig ut or templet og tok til å ganga burtetter vegen, gjekk læresveinarne fram og vilde syna honom tempelbygningarne.Select Matthew 24:1

2«Ja, ser de ’kje alt dette!» svara han. «Det segjer eg dykk for sant: Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast ned.»Select Matthew 24:2

3Sidan, då han sat på Oljeberget, og ingen annan var med, gjekk læresveinarne fram til honom og sagde: «Seg oss: Når skal alt dette henda, og kva merke skal me hava på koma di og enden på verdi!»Select Matthew 24:3

4Då svara Jesus: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!Select Matthew 24:4

5For mange skal taka mitt namn og segja: «Eg er Messias», og føra mange på avveg.Select Matthew 24:5

6De skal få høyra ufred og gjetord um ufred; sjå til at de ikkje vert skræmde! For dette lyt henda; men endå er ikkje enden komen.Select Matthew 24:6

7Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike, og det skal vera uår og jordskjelv kring i landi;Select Matthew 24:7

8men alt det er berre upptaket til føderiderne.Select Matthew 24:8

9Då skal dei driva dykk ut i naud og fåre og slå dykk i hel, og alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.Select Matthew 24:9

10Mange skal då falla ifrå, og svika og hata kvarandre,Select Matthew 24:10

11og mange falske profetar skal stiga fram og føra mange på avveg;Select Matthew 24:11

12og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi.Select Matthew 24:12

13Men den som held ut til endes, han skal verta frelst.Select Matthew 24:13

14Og dette evangeliet um Gudsriket skal kunngjerast yver heile mannaheimen, so alle folkeslag fær vita um det, og då skal enden koma.Select Matthew 24:14

15Når de då ser at den øydande styggedomen som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden» - agta vel på dette du som les! -Select Matthew 24:15

16då lyt dei som er i Judalandet røma til fjells,Select Matthew 24:16

17og den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og henta noko i huset sitt,Select Matthew 24:17

18og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin!Select Matthew 24:18

19Stakars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne!Select Matthew 24:19

20Men bed at det ikkje må vera um vinteren eller på ein kviledag de lyt røma!Select Matthew 24:20

21For då skal det vera slik hard naud at det aldri hev vore slik naud frå verdi vart til og til no, og vert ikkje sidan heller.Select Matthew 24:21

22Og vart ikkje den tidi stutt, so fanst det ’kje liv som vart berga; men for dei utvalde skuld skal den tidi vera stutt.Select Matthew 24:22

23Um nokon då segjer til dykk: «Sjå her er Messias,» eller «der,» so må de ikkje tru det.Select Matthew 24:23

24For det skal standa fram falske Messias’ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd.Select Matthew 24:24

25Kom i hug: Eg hev sagt dykk det fyreåt.Select Matthew 24:25

26Segjer dei no med dykk: «Han er ute i øydemarki,» so gakk ikkje der ut! eller: «Han er inni koven,» so tru det ikkje!Select Matthew 24:26

27For liksom ljonet gjeng ut ifrå aust og skin radt til vest, so skal det vera når Menneskjesonen kjem.Select Matthew 24:27

28Der åta er, vil ørnarne sankast.Select Matthew 24:28

29Men straks etter dei dagarne og trengslorne deira skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos; stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast.Select Matthew 24:29

30Då skal teiknet åt Menneskjesonen syna seg på himmelen, og alle ætter på jordi skal øya og gråta, og dei skal sjå Menneskjesonen koma i himmelskyerne med velde og stor herlegdom.Select Matthew 24:30

31Med luren ljomar, skal han senda ut englarne sine, og dei skal sanka i hop dei han hev valt seg ut, frå heimsens fire hyrno, frå himmelbrun til himmelbrun.Select Matthew 24:31

32Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet tek til å spretta, då veit de at sumaren er nær.Select Matthew 24:32

33Like eins når de ser alt dette; då veit de at han er utfor døri.Select Matthew 24:33

34Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.Select Matthew 24:34

35Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.Select Matthew 24:35

36Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen - ingen utan Faderen åleine.Select Matthew 24:36

37For som det var i Noahs dagar, so skal det vera når Menneskjesonen kjem:Select Matthew 24:37

38liksom dei i dagarne fyre storflodi åt og drakk, og gifte seg og vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki,Select Matthew 24:38

39og ingen visste ordet av fyrr storflodi kom og tok deim alle burt, so skal det vera når Menneskjesonen kjem.Select Matthew 24:39

40Då er tvo menner ute på marki; den eine vert henta, og den andre vert att.Select Matthew 24:40

41Tvo kvinnor mel på kverni; den eine vert henta, og den andre vert att.Select Matthew 24:41

42So vak då! For de veit ikkje kva dag herren dykkar kjem.Select Matthew 24:42

43Men det skynar de, at dersom husbonden visste kva tid på natti tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.Select Matthew 24:43

44Difor lyt de og vera ferdige! Menneskjesonen kjem på ei tid de ikkje ventar honom.Select Matthew 24:44

45Kvar er no den trugne og vituge drengen som husbonden hev sett yver tenestfolket, so han skal gjeva deim mat i rett tid?Select Matthew 24:45

46Sæl er den drengen som husbonden ser gjera so når han kjem.Select Matthew 24:46

47Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja honom yver alt det han eig.Select Matthew 24:47

48Men er drengen ein skarv, og segjer med seg: «Husbonden min vert lenge burte,»Select Matthew 24:48

49og han so tek til å slå dei hine tenarane, og et og drikk i lag med drikkarar,Select Matthew 24:49

50då skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av,Select Matthew 24:50

51og skjera honom midt i tvo, og lata honom få sin lut med hyklarane, der dei græt og skjer tenner.Select Matthew 24:51

Next: Matthew 25Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.