Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 25

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lamporne sine og gjekk til møtes med brudgomen.Select Matthew 25:1

2Fem av dei var dårlege og fem vituge.Select Matthew 25:2

3Då dei dårlege tok lamporne sine, tok dei ikkje olje med seg,Select Matthew 25:3

4men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lamporne sine.Select Matthew 25:4

5Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.Select Matthew 25:5

6Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot honom!Select Matthew 25:6

7Då vakna alle brurmøyarne og stelte lamporne sine.Select Matthew 25:7

8Og dei dårlege sagde til dei vituge: «Lat oss få noko olje hjå dykk! Lamporne våre sloknar.»Select Matthew 25:8

9«Nei,» svara dei vituge, «det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.»Select Matthew 25:9

10Med dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med honom inn til bryllaupet, og døri vart stengd.Select Matthew 25:10

11Då det leid um eit bil, kom dei hine møyarne og, og sagde: «Herre, herre, lat upp for oss!»Select Matthew 25:11

12Men han svara: «Det segjer eg dykk for sant: Eg kjenner dykk ikkje.»Select Matthew 25:12

13So vak då! For de veit korkje dag eller time.Select Matthew 25:13

14Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn, og flidde deim midelen sin:Select Matthew 25:14

15ein gav han fem tusund dalar, ein annan tvo tusund, og den tridje eitt tusund, etter som kvar dugde til, og so for han or landet.Select Matthew 25:15

16Den som fekk fem tusund dalar, tok straks til å handla med deim, og vann seg fem tusund til.Select Matthew 25:16

17Sameleis den som fekk tvo tusund; han og vann tvo tusund til.Select Matthew 25:17

18Men den som fekk eitt tusund, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengarne åt husbonden sin.Select Matthew 25:18

19So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine.Select Matthew 25:19

20Og han som hadde fenge fem tusund dalar, gjekk fram og hadde med seg fem tusund til og sagde: «Herre, du gav meg fem tusund dalar; sjå her, eg hev vunne fem tusund til!»Select Matthew 25:20

21Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»Select Matthew 25:21

22So gjekk han fram han som hadde fenge tvo tusund dalar, og sagde: «Herre, du gav meg tvo tusund dalar. Sjå her, eg hev vunne tvo tusund til!»Select Matthew 25:22

23«Det var rett gjort, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!»Select Matthew 25:23

24Sidan kom han som hadde fenge eitt tusund dalar, og sagde: «Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde.Select Matthew 25:24

25Difor vart eg rædd, og so gjekk eg burt og gøymde pengarne dine i jordi. Sjå her hev du ditt!»Select Matthew 25:25

26Då svara husbonden: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde!Select Matthew 25:26

27Skulde du ’kje då ha sett pengarne mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim.Select Matthew 25:27

28Tak ifrå honom dei tusund dalarne, og gjev deim til den som hev ti tusund!Select Matthew 25:28

29For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.Select Matthew 25:29

30Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!»Select Matthew 25:30

31Men når Menneskjesonen kjem i sin herlegdom, og alle englarne med honom, då skal han sitja i den glimande kongsstolen;Select Matthew 25:31

32alle folkeslag skal samlast framfyre honom, og han skal skilja deim åt, liksom hyrdingen skil sauerne frå geiterne,Select Matthew 25:32

33og setja sauerne på si høgre sida, og geiterne på den vinstre.Select Matthew 25:33

34So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt!Select Matthew 25:34

35For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg;Select Matthew 25:35

36eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.»Select Matthew 25:36

37Då tek dei rettferdige til ords og segjer til honom: «Herre, når hev me set deg svolten, og metta deg, eller tyrst, og kveikt deg?Select Matthew 25:37

38Når hev me set deg heimlaus, og hyst deg, eller naken, og klædt deg?Select Matthew 25:38

39Når hev me set deg sjuk eller i fengsel, og lydt til deg?»Select Matthew 25:39

40Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.»Select Matthew 25:40

41So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans!Select Matthew 25:41

42For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka;Select Matthew 25:42

43eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk, og i fengsel, og de såg ikkje um meg.»Select Matthew 25:43

44Då tek dei og til ords og segjer: «Herre, når hev me set deg svolten, eller tyrst, eller heimlaus, eller naken, eller sjuk, eller i fengsel, og hev ikkje tent deg?»Select Matthew 25:44

45Og han svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ’kje gjort mot meg heller.»Select Matthew 25:45

46So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit ævelegt liv.Select Matthew 25:46

Next: Matthew 26Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.