Matthew 28
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Då kviledagen var liden, og det tok til å ljosna den fyrste dagen i vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjå til gravi.Select Matthew 28:1
2Då vart det brått ein sterk jordskjelv; for ein Herrens engel for ned frå himmelen, og gjekk innåt og velte steinen ifrå og sette seg på honom.Select Matthew 28:2
3Han var som ein elding å sjå til, og klædi hans var kvite som snø.Select Matthew 28:3
4Vaktarane skalv av rædsla for honom, og vart liggjande som dei var daude.Select Matthew 28:4
5Og engelen tala til kvinnorne og sagde: «Ver ikkje rædde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.Select Matthew 28:5
6Han er ikkje her; han hev stade upp, som han sagde. Kom og sjå staden der han låg!Select Matthew 28:6
7Og skunda dykk so av stad, og seg med læresveinarne hans: «Han hev stade upp frå dei daude, og no gjeng han fyre dykk til Galilæa; der skal de få sjå honom!» Sjå no hev eg sagt dykk det.»Select Matthew 28:7
8Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda, og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinarne hans.Select Matthew 28:8
9Men best det var, fekk dei sjå Jesus; han kom imot deim og sagde: «Guds fred!» Då gjekk dei innåt og fall på kne for honom og tok kringum føterne hans.Select Matthew 28:9
10Og Jesus sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Gakk og seg med brørne mine at dei skal fara til Galilæa! Der skal dei sjå meg.»Select Matthew 28:10
11Med dei var på vegen, kom nokre av vaktarane inn til byen, og fortalde dei øvste prestarne alt det som hadde hendt.Select Matthew 28:11
12Då kom dei og styresmennerne i hop og samrådde seg; og dei gav hermennerne nok av pengarSelect Matthew 28:12
13og sagde: «Seg at læresveinarne hans kom um natti og stal honom burt medan de sov.Select Matthew 28:13
14Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med honom, og laga det so at de kann vera trygge.»Select Matthew 28:14
15So tok dei mot pengarne og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødarne, og hev halde seg alt til denne dag.Select Matthew 28:15
16Dei elleve læresveinarne for til Galilæa, til det fjellet der Jesus hadde sagt deim til å møtast med honom.Select Matthew 28:16
17Då dei fekk sjå honom, fall dei på kne for honom, men sume tvila.Select Matthew 28:17
18Og Jesus steig fram og tala til deim og sagde: «Eg hev fenge all magt i himmelen og på jordi.Select Matthew 28:18
19Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande,Select Matthew 28:19
20og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!»Select Matthew 28:20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation