Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 4

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Sidan førde Anden Jesus ut i øydemarki, so djevelen skulde freista honom.Select Matthew 4:1

2Han fasta i fyrti dagar og fyrti næter, og vart hungrig då so langt leid.Select Matthew 4:2

3Og freistaren kom og sagde til honom: «Er du Guds Son, so seg at desse steinarne skal verta til brød!»Select Matthew 4:3

4Men han svara: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»»Select Matthew 4:4

5Då tok djevelen honom med seg til den heilage byen og sette honom ytst på tempeltaket, og sagde til honom:Select Matthew 4:5

6«Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: «Han englarn’ sine bjoda skal at dei på henderne deg ber, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»Select Matthew 4:6

7Jesus svara: «Det stend og skrive: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»Select Matthew 4:7

8So tok djevelen honom med seg upp på eit ovhøgt fjell, og synte honom alle verdsens rike og deira herlegdom og sagde:Select Matthew 4:8

9«Alt dette gjev eg deg, dersom du fell på kne og tilbed meg.»Select Matthew 4:9

10Då sagde Jesus til honom: «Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena.»»Select Matthew 4:10

11So for djevelen ifrå honom, og med det same kom englarne og tente honom.Select Matthew 4:11

12Då Jesus fekk høyra at Johannes var gjeven i henderne på uvenerne sine, drog han seg undan og for til Galilæa.Select Matthew 4:12

13Sidan flutte han frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, som ligg nedmed sjøen, på Sebulons og Naftalis grunn,Select Matthew 4:13

14so det skulde sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer:Select Matthew 4:14

15«Sebulons og Naftalis land, som langs med sjøen ligg, og dei som burtum Jordan bur, og heidne bygdekrins -Select Matthew 4:15

16det folket som i myrker sat, so stort eit ljos fekk sjå; dei sat i daudens skoddeland, då rann for deim eit ljos.»Select Matthew 4:16

17Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sagde: «Vend um! Himmelriket er nær!»Select Matthew 4:17

18Som han no ein gong gjekk frammed Galilæasjøen, fekk han sjå tvo brør, Simon, han som kallast Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.Select Matthew 4:18

19Han segjer til dei: «Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskje-fiskarar!»Select Matthew 4:19

20Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.Select Matthew 4:20

21Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedæus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla deim,Select Matthew 4:21

22og med ein gong gjekk dei burt frå båten og frå far sin, og fylgde honom.Select Matthew 4:22

23Sidan for han ikring i heile Galilæa og lærde folket i synagogorne deira, og forkynte evangeliet um riket, og lækte all sjukdom og vanhelsa hjå deim.Select Matthew 4:23

24Det gjekk gjetord um honom yver heile Syria, og dei kom til honom med alle som hadde vondt og drogst med eikor sott eller plåga, forgjorde og nedfall-sjuke og lamne, og han gjorde deim gode att.Select Matthew 4:24

25Og det fylgde honom ein stor folkehop frå Galilæa og Dekapolis og Jerusalem og Judalandet og bygderne på hi sida Jordan.Select Matthew 4:25

Next: Matthew 5Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.