Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 6

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Agta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningarne dykkar for augo på folk, so dei skal sjå kor gjæve de er! For då hev de ingi løn i vente hjå far dykkar i himmelen.Select Matthew 6:1

2Vil du gjeva ei sælebotsgåva, so blås ikkje fyrst i luren um det, som hyklarane gjer i synagogorne og på gatorne, so folk skal rosa deim; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn!Select Matthew 6:2

3Men når du gjev ei sælebotsgåva, so lat ’kje den vinstre handi di vita kva den høgre handi di gjer!Select Matthew 6:3

4Lat gåva di vera duld, og far din som ser det som dult er, han skal løna deg upp i dagen!Select Matthew 6:4

5Når de bed, so far ikkje åt som hyklarane! For dei vil helst standa i synagogorne og på gatehyrno og halda bøn, so dei kann få syna seg fram for folk; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.Select Matthew 6:5

6Men når du vil beda, då gakk inn i kammerset ditt, og lat att døri, og bed til far din som er i det dulde, og far din som ser i det dulde, skal løna deg upp i dagen.Select Matthew 6:6

7Remsa ikkje upp mange ord når de bed! So gjer heidningarne - dei trur bønerne deira skal høyrast for dei mange ordi skuld.Select Matthew 6:7

8Gjer då ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, fyrr de bed honom um det.Select Matthew 6:8

9Soleis skal de beda: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast;Select Matthew 6:9

10lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;Select Matthew 6:10

11gjev oss i dag vårt daglege brød;Select Matthew 6:11

12og forlat oss vår skuld, som me og forlet våre skuldmenn;Select Matthew 6:12

13og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og magti og æra i all æva! Amen.Select Matthew 6:13

14For um de forlet andre misgjerningarne deira, so skal far dykkar i himmelen forlata dykk og;Select Matthew 6:14

15men forlet de ikkje andre, so skal ikkje far dykkar heller forlata dykkar misgjerningar.Select Matthew 6:15

16Når de fastar, skal de ikkje laga dykk sturne som hyklarane; for dei skaper seg til i andlitet, so folk skal sjå at dei fastar; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.Select Matthew 6:16

17Men når du fastar, då salva hovudet og två andlitet ditt,Select Matthew 6:17

18so ikkje folk, men far din i det dulde, kann sjå at du fastar, og far din som ser i det dulde, skal løna deg.Select Matthew 6:18

19Samla dykk ikkje skattar på jordi, der mol og makk et og øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel,Select Matthew 6:19

20men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mol eller makk øydelegg, og tjuvar aldri bryt seg inn og stel!Select Matthew 6:20

21For der skatten din er, der vil hjarta ditt og vera.Select Matthew 6:21

22Auga er ljoset i likamen; er auga ditt klårt, so vert heile likamen ljos;Select Matthew 6:22

23er auga ditt dimt, so vert heile likamen myrk. Når då ljoset inni deg er myrkt, kor stort vert ikkje myrkret då!Select Matthew 6:23

24Ingen kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og halda utav den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin; de kann ikkje tena både Gud og Mammon.Select Matthew 6:24

25Difor segjer eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for likamen dykkar, kva de skal klæda dykk med! Er ikkje livet meir enn maten og likamen meir enn klædi?Select Matthew 6:25

26Sjå på fuglarne i lufti: Dei sår ikkje, og haustar ikkje, og samlar ikkje i hus, og far dykkar i himmelen føder deim like vel. Er ikkje de mykje meir enn dei?Select Matthew 6:26

27Og kven av dykk kann leggja ei einaste aln til livsvegen sin, um han syter aldri so mykje?Select Matthew 6:27

28Og kvi syter de for klædi? Sjå liljorne på marki, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje, dei spinn ikkje;Select Matthew 6:28

29men eg segjer dykk at ikkje sjølve Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av deim.Select Matthew 6:29

30Klæder no Gud soleis graset på marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, skulde han då ’kje mykje heller klæda dykk, de fåtruande!Select Matthew 6:30

31So må de då ikkje syta og segja: «Kva skal me eta?» eller: «Kva skal me drikka?» eller: «Kva skal me klæda oss med?»Select Matthew 6:31

32For alt det spør heidningarne etter; men far dykkar i himmelen veit at alt sovore treng de um.Select Matthew 6:32

33Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, so skal de få alt dette attpå!Select Matthew 6:33

34So syt då ikkje for morgondagen! Morgondagen lyt syta for seg. Kvar dag hev nok med si møda.Select Matthew 6:34

Next: Matthew 7Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.