Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 9

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1So gjekk han ut i båten og for yver og kom til sin eigen by.Select Matthew 9:1

2Då kom dei til honom med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.»Select Matthew 9:2

3Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: «Denne spottar Gud!»Select Matthew 9:3

4Men Jesus såg tankarne deira og sagde: «Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta?Select Matthew 9:4

5Kva er lettast å segja: «Synderne dine er tilgjevne,» eller: «Statt upp og gakk?»Select Matthew 9:5

6Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi» - so segjer han til den lame: «Statt upp, tak sengi og gakk heim att!»Select Matthew 9:6

7Då stod han upp og gjekk heim til seg.Select Matthew 9:7

8Og då folket såg det, vart dei ottefulle, og lova Gud som hadde gjeve menneskje slik magt.Select Matthew 9:8

9Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbudi - Mattæus heitte han - og sagde til honom: «Fylg meg!» Og han stod upp og fylgde Jesus.Select Matthew 9:9

10Då han so heldt måltid heime i huset sitt, kom mange tollmenner og syndarar og sette seg til bords med Jesus og læresveinarne hans.Select Matthew 9:10

11Farisæarane såg det og sagde til læresveinarne: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollmenner og syndarar?»Select Matthew 9:11

12Då Jesus høyrde det, sagde han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt.Select Matthew 9:12

13Gakk burt og lær kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i.» For eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»Select Matthew 9:13

14Då kom læresveinarne åt Johannes til honom og sagde: «Korleis hev det seg at me og farisæarane fastar so mykje, men dine læresveinar fastar ikkje?»Select Matthew 9:14

15Jesus svara: «Kann bryllaupsfolket syrgja medan dei hev brudgomen hjå seg? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då skal dei fasta.Select Matthew 9:15

16Ingen set ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; for boti riv med seg noko av sjølve plagget, og rifti vert større.Select Matthew 9:16

17Og ikkje hev dei ny vin i gamle lerflaskor; for då rivnar flaskorne, so vinen renn ned, og flaskorne forferst; ny vin hev dei i nye lerflaskor; då held dei seg båe.»Select Matthew 9:17

18Med han tala soleis til deim, kom ein synagoge-forstandar og fall på kne for honom og sagde: «Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!»Select Matthew 9:18

19Jesus gjorde seg reidug og gjekk med honom, og læresveinarne og.Select Matthew 9:19

20Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans,Select Matthew 9:20

21for ho tenkte med seg: «Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.»Select Matthew 9:21

22I det same snudde han seg og såg henne. Då sagde han: «Ver hugheil, dotter! Trui di hev hjelpt deg.» Og kvinna vart god att i same stundi.Select Matthew 9:22

23Då Jesus kom heim til synagoge-forstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sagde han til deim:Select Matthew 9:23

24«Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv.» Men dei berre log åt honom.Select Matthew 9:24

25Då hopen var driven ut, gjekk han inn, og tok henne i handi, og gjenta stod upp.Select Matthew 9:25

26Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygderne der ikring.Select Matthew 9:26

27Då Jesus gjekk burt att, fylgde tvo blinde etter honom og ropa: «Gjer sælebot på oss, du Davids son!»Select Matthew 9:27

28Og då han var komen heim, gjekk dei etter han inn. Jesus sagde til deim: «Trur de at eg kann gjera det?» «Ja, herre,» svara dei.Select Matthew 9:28

29Då tok han burtpå augo deira og sagde: «Det skal verta som de trur.»Select Matthew 9:29

30Og med ein gong kunde dei sjå. Jesus tala strengt til deim og sagde: «Sjå til at ingen fær vita det!»Select Matthew 9:30

31Men dei var ’kje fyrr komne ut, fyrr dei bar gjetordet hans ut yver alle bygder.Select Matthew 9:31

32Med same dei gjekk ut, kom det nokre folk til honom med ein mållaus mann som hadde ei vond ånd i seg.Select Matthew 9:32

33Då so den vonde åndi var drivi ut, tala den mållause. Og folk undra seg og sagde: «Aldri hev slikt vore set fyrr i Israel!»Select Matthew 9:33

34Men farisæarane sagde: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva djevlarne ut.»Select Matthew 9:34

35Sidan gjekk Jesus kring i alle byar og bygder og lærde folket i synagogorne deira, og lyste ut evangeliet um Gudsriket, og lækte all sjukdom og vanhelsa.Select Matthew 9:35

36Og då han såg folkehopen, tykte han hjarteleg synd um deim; for dei var ille medfarne og nedforkomne, som ein saueflokk utan hyrding.Select Matthew 9:36

37Då sagde han til læresveinarne sine: «Grøda er stor, men onnefolki er få.Select Matthew 9:37

38Bed då honom som eig grøda at han vil senda arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!»Select Matthew 9:38

Next: Matthew 10Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.