Skip to content
Church.wiki
Nehemiah

Nehemiah 3

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Øvstepresten Eljasib og dei andre prestarne, frendarne hans, gjekk i veg og bygde Saueporten. Dei vigde honom, og sette inn dørerne. So bygde dei fram til Meatårnet, som dei vigde, og fram til Hananeltårnet.Select Nehemiah 3:1

2Attmed deim bygde folk frå Jeriko. Og attmed deim bygde Zakkur Imrison.Select Nehemiah 3:2

3Fiskeporten bygde Sena’a-borni; dei timbra honom upp og sette inn dører og lås og slåer.Select Nehemiah 3:3

4Attmed deim arbeidde Meremot, son åt Uria Hakkosson, med å vøla muren. Attmed han Mesullam, son åt Berekja Mesezabelsson. Attmed honom arbeidde Sadok Ba’anason.Select Nehemiah 3:4

5Og attmed honom arbeidde folket frå Tekoa; men storfolket deira bøygde ikkje nakken sin under arbeidet for Herren sin.Select Nehemiah 3:5

6Gamleporten vølte Jojada Paseahsson og Mesullam Besodjason; dei timbra honom og sette inn dører og lås og slåer.Select Nehemiah 3:6

7Attmed deim arbeidde gibeoniten Melatja og merononiten Jadon med folk frå Gibeon og Mispa, som låg under domsmagti åt jarlen på hi sida elvi.Select Nehemiah 3:7

8Attmed deim arbeidde Uzziel Harhajason med gullsmedarne, og attmed honom Hananja, ein salvehandlar. Det næste stykket av Jerusalem let dei vera, burt til Breidemuren.Select Nehemiah 3:8

9Attmed deim arbeidde Refaja Hursson, hovdingen yver halve heradet kring Jerusalem.Select Nehemiah 3:9

10Attmed honom arbeidde Jedaja Harumafsson utanfor sitt eige hus. Og attmed honom Hattuh Hasabnejason.Select Nehemiah 3:10

11Eit anna stykke vølte Malkia Harimsson og Hassub Pahat-Moabsson; burt til Omnstårnet.Select Nehemiah 3:11

12Attmed deim arbeidde hovdingen yver det andre halve heradet kring Jerusalem, Sallum Hallohesson, saman med døtterne sine.Select Nehemiah 3:12

13Dalporten vølte Hanun og folk frå Zanoah; dei bygde honom og sette inn dører og lås og slåer. Dei bygde og tusund alner av muren burt til Møkporten.Select Nehemiah 3:13

14Og Møkporten vølte Malkia Rekabsson, hovdingen yver heradet Bet-Hakkerem; han bygde honom og sette inn dører og lås og slåer.Select Nehemiah 3:14

15Kjeldeporten vølte Sallun Kol-Hozesson, hovding yver Mispaheradet; han bygde honom, tekte honom, sette inn dører og lås og slåer. Dessutan bygde han muren ved Selahdammen ved kongshagen burt åt dei tropperne som gjeng ned frå Davidsbyen.Select Nehemiah 3:15

16Etter honom arbeidde Nehemia Azbuksson, hovding yver halve Betsurheradet, burt til midt fyre Davids-graverne, til den gravne dammen og til huset for kjemporne.Select Nehemiah 3:16

17Etter honom arbeidde levitarne, under Rehum Banison. Attmed deim arbeidde, for sitt herad, Hasabja, hovding yver halve Ke’ilaheradet.Select Nehemiah 3:17

18Etter honom arbeidde frendarne deira under, Bavvai Henadadsson, hovding yver den andre helvti av Ke’ilaheradet.Select Nehemiah 3:18

19Attmed honom vølte Ezer Jesuason, hovding yver Mispa, eit anna stykke midt fyre uppgangen til våpnhuset i murkråi.Select Nehemiah 3:19

20Etter honom vølte Baruk Zabbaison trottigt eit anna stykke frå murkråi heilt fram til husdøri åt øvstepresten Eljasib.Select Nehemiah 3:20

21Etter honom vølte Meremot, son åt Uria Hakkosson, eit anna stykke frå husdøri åt Eljasib til enden av huset hans.Select Nehemiah 3:21

22Og etter honom arbeidde prestarne, folk frå Jordan-kverven.Select Nehemiah 3:22

23Etter deim arbeidde Benjamin og Hassub utanfor husi sine; etter deim Azarja, son åt Ma’aseja Ananjason, attmed sitt hus.Select Nehemiah 3:23

24Etter honom vølte Binnui Henadadsson eit anna stykke frå huset hans Azarja til murkråi og til hyrna.Select Nehemiah 3:24

25Palal Uzaison vølte stykket midt fyre murkråi og det øvre tårnet, som skyt fram frå kongshuset og høyrer til fangegarden. So kom Pedaja Parosson.Select Nehemiah 3:25

26- Tempelsveinarne budde på Ofel, heilt fram til midt imot Vatsporten mot aust og Framskotstårnet, -Select Nehemiah 3:26

27So vølte Tekoa-folket eit anna stykke frå midt imot det store framskotstårnet og til Ofelmuren.Select Nehemiah 3:27

28Ovanfor Hesteporten arbeidde prestarne, kvar og ein midt imot sitt eige hus.Select Nehemiah 3:28

29Etter deim arbeidde Sadok Immersson midt imot sitt hus; og etter honom Semaja Sekanjason, som hadde vakthaldet ved Austporten.Select Nehemiah 3:29

30Etter honom vølte Hananja Selemjason og Hanun, sette son åt Salaf, eit anna stykke. Etter deim arbeidde Mesullam Berekjason midt fyre koven sin.Select Nehemiah 3:30

31Etter honom arbeidde Malkia, ein av gullsmedarne, heilt fram til huset for tempelsveinarne og kræmarane, midt imot Mynstringsporten og fram til Hyrnesalen.Select Nehemiah 3:31

32Og millom Hyrnesalen og Saueporten arbeidde gullsmedarne og kræmarane.Select Nehemiah 3:32

Next: Nehemiah 4Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Nehemiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.