Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses på Sinaiheidi, i møtetjeldet, og sagde:Select Numbers 1:1

2«De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner, og skriva upp namni på alle karar, ein for ein,Select Numbers 1:2

3alle våpnføre menner i Israel som er tjuge år gamle eller meir, skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron.Select Numbers 1:3

4Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinerne i ætti.Select Numbers 1:4

5So heiter dei mennerne som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede’ur;Select Numbers 1:5

6av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai;Select Numbers 1:6

7av Juda-ætti: Nahson, son åt Amminadab;Select Numbers 1:7

8av Issakars-ætti: Netanel, son åt Suar;Select Numbers 1:8

9av Sebulons-ætti; Eliab, son åt Helon;Select Numbers 1:9

10av Josefs-sønerne: Elisama, son åt Ammihud, av Efraims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti;Select Numbers 1:10

11av Benjamins-ætti: Abidan, son åt Gideoni;Select Numbers 1:11

12av Dans-ætti: Ahiezer, son åt Ammisaddai;Select Numbers 1:12

13av Assers-ætti: Pagiel, son åt Okran;Select Numbers 1:13

14av Gads-ætti: Eljasaf, son åt Re’uel;Select Numbers 1:14

15av Naftali-ætti: Ahira, son åt Enan.»Select Numbers 1:15

16Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreætterne sine, hovdingarne yver Israels-folket.Select Numbers 1:16

17So henta Moses og Aron dei mennerne som var namngjevne,Select Numbers 1:17

18og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:18

19soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra deim på Sinaiheidi.Select Numbers 1:19

20Fyrst mynstra han Rubens-sønerne - deim som var ætta frå Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:20

21so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.Select Numbers 1:21

22So mynstra han Simeons-sønerne og ætterne deira, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:22

23so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann.Select Numbers 1:23

24So mynstra han Gads-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:24

25so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.Select Numbers 1:25

26So mynstra han Juda-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:26

27so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann.Select Numbers 1:27

28So mynstra han Issakars-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:28

29so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann.Select Numbers 1:29

30So mynstra han Sebulons-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:30

31so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann.Select Numbers 1:31

32So mynstra han Josefs-sønerne og ætterne deira: Då alle dei våpnføre av Efraims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:32

33so var det fyrti tusund og fem hundrad mann;Select Numbers 1:33

34og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:34

35so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.Select Numbers 1:35

36So mynstra han Benjamins-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:36

37so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann.Select Numbers 1:37

38So mynstra han Dans-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:38

39so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.Select Numbers 1:39

40So mynstra han Assers-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Assers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:40

41so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.Select Numbers 1:41

42So mynstra han Naftali-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,Select Numbers 1:42

43so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann.Select Numbers 1:43

44Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingarne var tolv i talet, ein for kvar ætt.Select Numbers 1:44

45Og talet på deim som vart mynstra av Israels-sønerne og ætterne deira, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter,Select Numbers 1:45

46var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra.Select Numbers 1:46

47Levitarne og ætterne deira vart ikkje mynstra i hop med dei hine.Select Numbers 1:47

48For Herren sagde til Moses:Select Numbers 1:48

49«Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hitt Israels-folket.Select Numbers 1:49

50Set levitarne til å stella med huset som lovi er gøymd i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal føra huset og all bunaden, og dei skal taka vare på huset, og lægra seg rundt ikring det.Select Numbers 1:50

51Når huset skal flytjast, so skal levitarne taka det ned, og når det skal reisast, skal levitarne setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy.Select Numbers 1:51

52Israels-sønerne skal lægra seg flokk i flokk, kvar i sitt eige læger og under sitt eige hermerke,Select Numbers 1:52

53men levitarne skal lægra seg kringum gudshuset, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitarne som skal taka vare på gudshuset.»Select Numbers 1:53

54Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.Select Numbers 1:54

Next: Numbers 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.