Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 10

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Numbers 10:1

2«Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Deim skal du hava til å kalla lyden i hop med, og til å varsla folket når lægret skal flytjast.Select Numbers 10:2

3Blæs de i båe, so skal heile lyden samla seg hjå deg framanfor møtetjelddøri;Select Numbers 10:3

4blæs de berre i ein, so skal styresmennerne, hovdingarne yver Israels-ætterne, samla seg hjå deg.Select Numbers 10:4

5Blæs de alarm, so skal dei flokkarne fara i veg som hev lægret sitt i aust;Select Numbers 10:5

6blæs de alarm andre venda, so skal dei som ligg i sud taka ut. Alarm skal de blåsa kvar gong de bryt upp frå lægret;Select Numbers 10:6

7men når du vil kalla folket i hop til ålmannamøte, skal de låta lint i lurarne, og ikkje blåsa alarm.Select Numbers 10:7

8Arons-sønerne, prestarne, er det som skal blåsa i deim. Dette skal vera ei æveleg lov hjå dykk, frå ætt til ætt.Select Numbers 10:8

9Og når de fær ufred i landet, og fienden bryt på dykk, so skal de blåsa sterkt i lurarne; då skal Herren, dykkar Gud, koma dykk i hug, so de vert berga for uvenerne.Select Numbers 10:9

10Og på glededagarne dykkar og høgtiderne og nymånedagarne skal de låta i lurarne til brennofferi og takkofferi dykkar, so det kann minna dykkar Gud um dykk. Eg, Herren, er dykkar Gud.»Select Numbers 10:10

11Tjugande dagen i andre månaden i det andre året lyfte skyi seg upp ifrå gudshuset,Select Numbers 10:11

12Då tok Israels-sønerne ut frå Sinaiheidi, flokk for flokk, etter som dei var fylkte; og skyi let seg ned att i Paranheidi.Select Numbers 10:12

13Dette var fyrste gongen dei braut lægret, og det var etter Herrens bod, som Moses hadde kunngjort for deim.Select Numbers 10:13

14Fyrst tok Juda-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Nahson, son åt Amminadab, som stod yver Juda-flokken;Select Numbers 10:14

15yver Issakars-flokken stod Netanel, son åt Suar,Select Numbers 10:15

16og yver Sebulons-flokken Eliab, son åt Helon.Select Numbers 10:16

17Kvar gong gudshuset var teke ned, for Gersons-sønerne og Merari-sønerne i veg, dei som førde huset.Select Numbers 10:17

18So tok Rubens-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisur, son åt Sede’ur, som stod yver Rubens-flokken;Select Numbers 10:18

19yver Simeons-flokken stod Selumiel, son åt Surisaddai,Select Numbers 10:19

20og yver Gads-flokken Eljasaf, son åt Re’uel.Select Numbers 10:20

21So tok Kahats-sønerne i veg, dei som bar dei høgheilage tingi, og fyrr dei kom fram, hadde dei hine reist huset.Select Numbers 10:21

22So tok Efraims-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisama, son åt Ammihud, som stod yver Efraims-flokken;Select Numbers 10:22

23yver Manasse-flokken stod Gamliel, son åt Pedasur,Select Numbers 10:23

24og yver Benjamins-flokken Abidan, son åt Gideoni.Select Numbers 10:24

25So tok Dans-heren ut med fana si, flokk i flokk: Dei var attarst i fylkingi. Det var Ahiezer, son åt Ammisaddai, som stod yver Dans-flokken;Select Numbers 10:25

26yver Assers-flokken stod Pagiel, son åt Okran,Select Numbers 10:26

27og yver Naftali-flokken Ahira, son åt Enan.Select Numbers 10:27

28Soleis var Israels-sønerne fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei skulde taka ut,Select Numbers 10:28

29sagde Moses til Hobab, son åt Re’uel frå Midjan, verfar hans Moses: «No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel mykje godt.»Select Numbers 10:29

30«Nei,» svara Hobab, «eg vil fara heim til mitt eige land og folk.»Select Numbers 10:30

31«Kjære væne, gakk ikkje frå oss!» sagde Moses. «Du veit best kvar me kann setja læger i øydemarki; du lyt vera auga vårt!Select Numbers 10:31

32Gjeng du med oss, so skal me gjeva deg mykje godt, når me fær alt det gode som Herren vil gjeva oss.»Select Numbers 10:32

33So for dei då frå Gudsfjellet tri dagsleider fram, og Herrens sambandskista for fyre deim alle tri dagarne, og leita etter ein kvilestad for deim.Select Numbers 10:33

34Herrens sky stod yver deim um dagen, når dei for ifrå lægret.Select Numbers 10:34

35Og kvar gong kista tok i veg, kvad Moses: «Reis deg, Herre, so fienden ryk og uvenern’ dine rømer for deg!»Select Numbers 10:35

36Og når ho let seg ned, kvad han: «Herre, kom atter til alle dei tusund Israels-ætter!»Select Numbers 10:36

Next: Numbers 11Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.