Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 14

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då skreik alt folket yver seg, og dei gret heile natti.Select Numbers 14:1

2Og alle Israels-borni, heile lyden, mukka mot Moses og Aron, og sagde: «Gud gjeve me hadde døytt i Egyptarlandet eller her i øydemarki - å Gud gjeve me hadde døytt!Select Numbers 14:2

3Kvi vil Herren føra oss til dette landet, so me vert nedhogne, og konorne og borni våre vert fangar? Er det ikkje betre for oss å fara attende til Egyptarland?»Select Numbers 14:3

4Og dei sagde seg imillom: «Me vil taka oss ein hovding, og fara attende til Egyptarland!»Select Numbers 14:4

5Då kasta Moses og Aron seg ned på jordi for augo åt heile Israels-lyden;Select Numbers 14:5

6og Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som hadde vore med og forfare Kana’ans-landet, reiv sund klædi sineSelect Numbers 14:6

7og tala til heile Israels-lyden, og sagde: «Det landet som me hev fare igjenom og skoda, er eit ovgodt land.Select Numbers 14:7

8Er Gud oss god, so fører han oss fram til landet, og gjev oss det; det er eit land som fløymer med mjølk og honning.Select Numbers 14:8

9Set dykk berre ikkje upp mot Gud, og ver ikkje rædde folket som bur der i landet! Dei er ikkje annleis enn som eit matmål for oss. Hjelpi deira hev kvorve burt, og Herren er med oss. Ver ikkje rædde!»Select Numbers 14:9

10Då vilde heile lyden steina deim; men Herrens herlegdom synte seg i møtetjeldet for heile Israels-folket.Select Numbers 14:10

11Og Herren sagde til Moses: «Kor lenge vil dette folket hæda og vanvyrda meg? Kor lenge vil dei mistru meg, endå so mange teikn som eg hev gjort millom deim?Select Numbers 14:11

12Men no vil eg søkja deim med sott, og rydja deim ut, og so vil eg gjera di ætt til eit større og sterkare folk enn dei er.»Select Numbers 14:12

13Då sagde Moses til Herren: «Skal då egyptarane få spyrja slikt? dei som du førde dette folket burt i frå i ditt velde!Select Numbers 14:13

14Skal dei få det å tala um med folk her i landet, som hev høyrt at du, Herre, er midt imillom dette folket, og syner deg for deim, andlit til andlit, du, Herre, og at skyi di held seg yver deim, og at du gjeng fyre deim i ein skystopul um dagen og i ein eldstopul um natti?Select Numbers 14:14

15Slær du no dette folket i hel, som det var ein mann, so kjem dei folki som hev høyrt ordet um deg til å segja:Select Numbers 14:15

16«Herren magta ikkje å føra dette folket fram til det landet han hadde lova deim, og so drap han deim ned i øydemarki.»Select Numbers 14:16

17Men syn deg no i ditt velde, Herre, som du lova då du sagde:Select Numbers 14:17

18«Herren er tolug og rik på nåde. Han tilgjev brot og misgjerningar; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og på barnebarns-borni og borni etter deim.»Select Numbers 14:18

19Tilgjev då av di store nåde broti åt dette folket, liksom du hev havt tolmod med deim heile vegen, frå Egyptarland og hit!»Select Numbers 14:19

20Då sagde Herren: «Eg skal gjeva deim til, som du bed um.Select Numbers 14:20

21Men so vist som eg liver og Herrens herlegdom fyller heile jordi:Select Numbers 14:21

22ingen av deim som hev set herlegdomen min og dei teikni eg gjorde i Egyptarland og i øydemarki, og som like vel hev freista meg gong på gong, og aldri vilde lyda på ordi mine -Select Numbers 14:22

23ingen av deim skal sjå det landet eg hev lova federne deira; ingen av deim som hev hædt og vanvyrdt meg, skal få sjå det.Select Numbers 14:23

24Men Kaleb, tenaren min, vil eg fylgja til det landet han hev vore i, og ætti hans skal få det til eiga; for honom er det ein annan hug i, og han hev halde seg trutt etter meg.Select Numbers 14:24

25Amalekitarne og kananitarne bur her i dalen; difor lyt de i morgon venda um, og taka ut i øydemarki, den vegen som ber til Raudehavet.»Select Numbers 14:25

26Og Herren tala meir til Moses og Aron, og sagde:Select Numbers 14:26

27«Kor lenge skal denne vonde lyden halda på å mukka mot meg? Eg hev nok høyrt korleis Israels-sønerne murrar og mukkar imot meg.Select Numbers 14:27

28Seg til deim: «So vist som eg liver,» segjer Herren: «det som eg høyrde de ynskte dykk, det skal de få.Select Numbers 14:28

29Her i øydemarki skal beini dykkar liggja, alle de som vart mynstra, heile flokken, so mange som er yver tjuge år gamle og hev sett seg upp imot meg;Select Numbers 14:29

30ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg rette handi i veret på at eg vilde gjeva dykk til bustad - ingen utan Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.Select Numbers 14:30

31Småborni dykkar, som de spådde skulde falla i fiendehand, deim vil eg fylgja dit, og dei skal verta heime i det landet som de hev vanda.Select Numbers 14:31

32Men dykkar bein skal liggja her i øydemarki;Select Numbers 14:32

33og sønerne dykkar skal gjæta i heiderne i fyrti år, og lida for utruskapen dykkar, til beini dykkar hev morkna i øydemarki.Select Numbers 14:33

34Likso mange dagar som de for yver Kana’ans-landet, likso mange år skal de lida for broti dykkar, fyrti år, eit år for kvar dag, og de skal få kjenna korleis det er når eg vender meg frå dykk.Select Numbers 14:34

35Det segjer eg, Herren: So vil eg gjera med heile denne vonde lyden, som hev slege seg i hop mot meg; i denne øydemarki skal dei enda sine dagar, her skal dei døy.»»Select Numbers 14:35

36Dei mennerne som Moses hadde sendt ut til å forfara Kana’ans-landet, og som spreidde låke tiender um det då dei kom att, og fekk heile lyden til å setja seg upp imot Moses,Select Numbers 14:36

37desse mennerne, som hadde lasta burt landet, dei døydde brått for Herrens åsyn.Select Numbers 14:37

38Av alle deim som hadde fare på njosningsferd til Kana’ans-landet, var det berre Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som fekk liva.Select Numbers 14:38

39Og Moses bar Herrens ord fram for Israels-folket. Då angra dei sårt,Select Numbers 14:39

40og dagen etter, i otta, tok dei uppetter til høgfjellet, og sagde: «Sjå her er me og vil fara upp til den staden som Herren hev sagt; for me hev synda.»Select Numbers 14:40

41Då sagde Moses: «Kvi vil de då gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast.Select Numbers 14:41

42Far ikkje dit! For Herren er ikkje med dykk. De kjem berre til å rjuka for fienden.Select Numbers 14:42

43For der møter de amalekitarne og kananitarne, og då vert de nedhogne, etter di de hev vike frå Herren, og han ikkje er med dykk.»Select Numbers 14:43

44Like vel var dei so uvyrdne at dei styrmde av stad til høgfjellet. Men Herrens sambandskista og Moses flutte seg ikkje frå lægret.Select Numbers 14:44

45Og amalekitarne og kananitarne, som budde på det fjellet, kom ned, og slo deim og jaga deim frå einannan, og elte deim alt til Horma.Select Numbers 14:45

Next: Numbers 15Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.