Numbers 17
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då tala Herren til Moses, og sagde:Select Numbers 17:1
2«Tala til Israels-sønerne, og få tolv stavar av deim, ein for kvar ætt; av kvar ættarhovding skal du få ein stav, og på den skal du rita namnet hans.Select Numbers 17:2
3Og Arons namn skal du setja på staven åt Levi-sønerne; for ein av stavarne skal deira ættarhovding hava.Select Numbers 17:3
4So skal du leggja stavarne i møtetjeldet, framfyre kunngjeringskista, der som eg er van å møtast med dykk.Select Numbers 17:4
5Då skal han bløma, staven åt den eg vel ut - so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plågar dykk med.»Select Numbers 17:5
6So tala Moses til Israels-borni, og hovdingarne gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom deim var staven hans Aron.Select Numbers 17:6
7Og Moses lagde stavarne ned framfor Herrens åsyn i kunngjeringstjeldet.Select Numbers 17:7
8Då han so andre dagen kom inn i kunngjeringstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast, og skote knuppar, og sett blom, og fenge mogne mandlar.Select Numbers 17:8
9Då tok han alle stavarne, og bar deim ut or heilagdomen, og synte deim åt alle Israels-borni, og då dei hadde set deim, tok kvar sin stav.Select Numbers 17:9
10Og Herren sagde til Moses: «Ber Arons stav inn att, og legg honom frammed kunngjeringskista! Der skal han gøymast til ei åtvaring for dei ulyduge; for held dei ikkje upp med å mukka imot meg, so skal dei døy.»Select Numbers 17:10
11Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt med honom, so gjorde han.Select Numbers 17:11
12Men Israels-borni sagde til Moses: «Sjå no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!Select Numbers 17:12
13Kjem nokon innåt - innåt Herrens hus - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?»Select Numbers 17:13
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain