Numbers 18
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1So sagde Herren til Aron: «Du og sønerne dine og heile farsætti di skal hava ansvaret for heilagdomen. Du og sønerne dine skal svara for preste-embættet dykkar.Select Numbers 18:1
2Og frendarne dine, Levi-sønerne, farsætti di, skal du hava med deg. Dei skal halda seg attmed deg, og ganga deg til handa når du og sønerne dine stend framfyre kunngjeringstjeldet.Select Numbers 18:2
3Og dei skal gjera det som du set deim til å gjera, alt det som skal gjerast i heile tjeldet; berre dei heilage tingi og altaret må dei ikkje koma innåt; for gjer dei det lyt dei døy, både dei og de.Select Numbers 18:3
4Dei skal halda seg attmed deg, og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet; for ingen framand må koma innåt dykk.Select Numbers 18:4
5Men de lyt gjera alt som skal gjerast i sjølve heilagdomen og innmed altaret, so det ikkje tidare skal koma vreide yver Israels-folket.Select Numbers 18:5
6For det er eg som hev kåra ut levitarne, brørne dykkar, av Israels-folket; dei er ei gåva til dykk, og de skal gjeva deim åt Herren, so dei gjer det arbeidet som trengst i møtetjeldet.Select Numbers 18:6
7Men du og sønerne dine skal styra preste-embættet og hava umsut for alt som høyrer til altaret og for det som er innanfor forhenget, og halda gudstenesta. Dykk gjev eg prestedømet i gåva; men kjem ein framand innåt, skal han lata livet.»Select Numbers 18:7
8Og Herren sagde til Aron: «Sjå, eg gjev deg det som skal gøymast av reidorne mine; alle dei heilage gåvorne frå Israels-folket, deim gjev eg deg og sønerne dine; det skal vera dykkar lut og rett i all framtid.Select Numbers 18:8
9Høyr no kva det er du skal hava av dei høgheilage gåvorne, når det som skal brennast, er teke undan: Alt det dei ber fram av grjonoffer og syndoffer og skuldoffer som dei gjev meg i bot, det er høgheilagt, og skal høyra deg og sønerne dine til.Select Numbers 18:9
10På den høgheilage staden skal du eta det; alle karar kann eta av det; heilagt skal det vera for deg.Select Numbers 18:10
11Like eins skal du hava dei gåvorne som dei gjev i reidor; alt det Israels-borni svingar for Herrens åsyn, gjev eg deg og sønerne og døtterne dine; det skal de hava retten til i all framtid; alle i ætti di som er reine, kann eta av det.Select Numbers 18:11
12Alt det beste av oljen og av druvesafti og kornet, det fyrste dei avlar av det, og gjev Herren, det gjev eg deg.Select Numbers 18:12
13Dei fyrste mogna frukterne av alt som veks i landet deira, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine; alle i ætti di som er reine, kann eta deim.Select Numbers 18:13
14Alt som er vigsla i Israel, skal høyra deg til.Select Numbers 18:14
15Alt som kjem fyrst frå morsliv, alt livande som dei ber fram for Herren, anten det er folk eller fe, skal vera ditt; men det som er frumbore av folk, skal du lata deim løysa, og det som er frumbore av ureine dyr, kann og løysast.Select Numbers 18:15
16Løysepengarne for borni skal leggjast etter dei hev fyllt ein månad, og svara til det verdet som sett er: fem sylvdalar i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.Select Numbers 18:16
17Frumsungar av kyr eller sauer eller geiter må ikkje løysast; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; so røyken stig upp mot himmelen; det er ein angande rett for Herren.Select Numbers 18:17
18Kjøtet skal du hava; liksom svingebringa og det høgre låret skal det høyra deg til.Select Numbers 18:18
19Alle heilage reidor som Israels-borni kjem til Herren med, gjev eg deg og sønerne og døtterne dine; det skal de hava retten til for alle tider. Dette er ei æveleg og ubrjotande semja med deg og etterkomarane dine for Herrens åsyn.»Select Numbers 18:19
20Og Herren sagde til Aron: «Du fær ingen lut i landet deira og ingi jordeign millom deim; eg skal vera din lut og di eiga millom Israels-folket.Select Numbers 18:20
21Men all tiend i Israel gjev eg Levi-sønerne til eigedom for arbeidet deira, det arbeidet dei gjer i møtetjeldet.Select Numbers 18:21
22Og dei hine Israels-borni skal ikkje meir koma innåt møtetjeldet; for då fører dei synd yver seg, og lyt døy.Select Numbers 18:22
23Levi-sønerne åleine skal greida tenesta i møtetjeldet, og hava alt ansvaret; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. Dei skal ingi jordeign hava millom Israels-folket;Select Numbers 18:23
24men tiendi som Israels-borni kjem til Herren med, gjev eg levitarne; den skal vera deira eigedom; difor er det eg hev sagt at dei ingi jordeign skal hava millom Israels-folket.»Select Numbers 18:24
25Og Herren tala til Moses, og sagde:Select Numbers 18:25
26«Du skal tala til levitarne, og segja til deim: «Når de tek imot tiendi som eg hev sagt de skal få til eigedom av Israels-folket, so skal de gjeva Herren ei reida av det - tiend av tiendi.Select Numbers 18:26
27Og reida dykkar skal reknast for jamgod med det kornet dei andre ber fram frå låven og den vinen dei kjem med frå persa.Select Numbers 18:27
28På den måten gjev de og Herren reida av all tiendi de fær hjå Israels-borni, og den reida de hev etla åt Herren, skal de gjeva Aron, øvstepresten.Select Numbers 18:28
29Av alle gåvor de fær, skal de fyrst taka ut alt det de vil gjeva Herren, og det de vigjer honom, lyt all tid vera av det beste.»Select Numbers 18:29
30Og du skal segja til deim: «Når de ofrar det beste av det, so skal det reknast likt med det som kjem inn ifrå låven og ifrå vinpersa;Select Numbers 18:30
31de kann eta det kvar de vil, både de og folket dykkar; for det er løni de skal hava for arbeidet i møtetjeldet.Select Numbers 18:31
32De ber ingi synd for det, når det berre gjev frå dykk det beste, og de vanhelgar ikkje dei heilage gåvorne frå Israels-folket, og skal ikkje lata livet.»»Select Numbers 18:32
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain