Numbers 20
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1I den fyrste månaden kom Israels-sønerne, heile lyden, til Sinheidi, og dei gav seg til i Kades. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.Select Numbers 20:1
2Men der var ikkje vatn åt folket, og dei flokka seg i hop mot Moses og Aron,Select Numbers 20:2
3og trætta med Moses, og sagde: «Gud gjeve me og hadde roke med då brørne våre let livet for Herrens åsyn!Select Numbers 20:3
4Kvi hev de havt Herrens folk ut i denne øydemarki, so me lyt døy her, både me og feet vårt?Select Numbers 20:4
5Kvi lokka de oss burt frå Egyptarland, og førde oss hit til denne fæle staden, der det ikkje veks anten korn eller fikor eller vintre eller aplar og ikkje finst drikkevatn?»Select Numbers 20:5
6Moses og Aron hadde seg undan flokken, og gjekk fram i møtetjelddøri og kasta seg på kne. Då synte Herrens herlegdom seg for deim.Select Numbers 20:6
7Og Herren tala til Moses, og sagde:Select Numbers 20:7
8«Du skal taka staven, og du og Aron, bror din, skal kalla lyden i hop og tala til berget for augo deira, so skal det gjeva vatn utor seg. Lat det koma vatn utor berget for deim, og gjev deim og feet deira drikka!»Select Numbers 20:8
9Moses gjorde som Herren sagde: han tok staven som låg framfor Herrens åsyn,Select Numbers 20:9
10og han og Aron kalla lyden i hop framfyre berget; so sagde han til deim: «Høyr no, stridnakkar! Skal me lata det koma vatn åt dykk ut or dette berget?»Select Numbers 20:10
11So lyfte han handi, og slo på berget med staven sin tvo gonger; då strøymde det ut mykje vatn, og folket og feet deira fekk drikka.Select Numbers 20:11
12Men Herren sagde til Moses og Aron: «Sidan de ikkje trudde på meg, og ikkje let Israels-borni sjå mi guddomsmagt, so skal de ikkje få føra denne lyden inn i det landet eg hev gjeve deim.»Select Numbers 20:12
13Det var denne kjelda som vart kalla Meribavatnet; der var det Israels-sønerne tretta med Herren, og han synte deim si guddomsmagt.Select Numbers 20:13
14Frå Kades sende Moses dette bodet til kongen i Edom: «So segjer Israel, bror din: «Du veit kor mykje vondt me hev lide.Select Numbers 20:14
15Federne våre for ned til Egyptarland, og der budde me mange, mange år, og egyptarane var harde med oss og federne våre;Select Numbers 20:15
16då ropa me til Herren, og han høyrde bønerne våre, og sende oss ein engel, som førde oss ut or Egyptarland, og sjå no er me i Kadesbygdi, innmed landskilet ditt.Select Numbers 20:16
17Snilde deg, lat oss få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje ganga yver åkrarne eller vinhagarne, og ikkje taka vatn or brunnarne; me skal fara etter kongsvegen og ikkje taka av, korkje til høgre eller vinstre, fyrr me er komne igjenom landet ditt.»»Select Numbers 20:17
18Men Edom svara: «Du må ’kje fara fram her; gjer du det, so møter eg deg med sverd i hand.»Select Numbers 20:18
19«Eg skal fylgja storvegen,» sagde Israel, «og dersom eg drikk av vatnet ditt, eg eller buskapen min, so skal eg gjeva deg like for det. Det kann då ’kje gjera noko um eg gjeng etter vegen.»Select Numbers 20:19
20«Nei, du slepp ikkje fram her,» svara Edom, og gjekk imot deim med mykje folk og våpn.Select Numbers 20:20
21Edom vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara igjenom landet sitt, og Israel laut taka ei onnor leid.Select Numbers 20:21
22So tok dei ut ifrå Kades, heile Israels-lyden, og kom til Horfjellet.Select Numbers 20:22
23Og der, ved Horfjellet, i landskilet åt Edom, sagde Herren til Moses og Aron:Select Numbers 20:23
24«No skal Aron fara til federne sine. De var ulyduge mot meg ved Meribabrunnen; difor skal han ikkje koma inn i det landet eg hev gjeve Israels-sønerne.Select Numbers 20:24
25Hav Aron og Eleazar, son hans, med deg upp på Horfjellet;Select Numbers 20:25
26og tak av Aron presteklædi, og hav deim på Eleazar, son hans! So skal Aron døy der, og fara til federne sine.»Select Numbers 20:26
27Moses gjorde som Herren sagde, og dei steig upp på Horfjellet for augo åt alt folket,Select Numbers 20:27
28og Moses tok av Aron presteklædi, og hadde deim på Eleazar, son hans. So døydde Aron der uppå fjellet, og då Moses og Eleazar kom ned av fjellet,Select Numbers 20:28
29og folket såg at Aron var burte, då syrgde alle Israels-ætterne yver honom i tretti dagar.Select Numbers 20:29
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain